Stig Sæterbakkens minnepris 2013 til Jan Roar Leikvoll
Vi gratulerer!
«Hans foreløpige forfatterskap er et av de mest gjennomførte og unike prosjektene i norsk samtidslitteratur» skriv juryen i grunngjevinga.
Jan Roar Leikvoll har gitt ut romanane Eit vintereventyr (2008), Fiolinane (2010) og Bovara (2012), alle på Samlaget. I haust kjem romanen Songfuglen. Leikvoll vart tildelt Stig Sæterbakkens minnepris onsdag 4. september. Prisen er på 100 000 kroner.
Juryen har bestått av Ane Nydal frå Norsk kritikerlag, Markus Midré frå Forfatterforeningen og bibliotekar Nina Ewart. I grunngjevinga for pristildelinga står det mellom anna:
«Jan Roar Leikvoll viser en kompromissløshet med hensyn til tematikk, et repetitivt og svermerisk poetisk språk og ikke minst – å våge å skrive tre bøker som er såpass like i form, språk og innhold. Hans foreløpige forfatterskap er et av de mest gjennomførte og unike prosjektene i norsk samtidslitteratur.»
Stig Sæterbakkens minnepris vart oppretta og delt ut første gong i 2012 av Cappelen Damm til minne om Sæterbakken som døydde januar same år.