Kritikerlaget

Aktive tilhøyrarar i Bergen

I panelet sat rådgivar og kritikar Idalou Larsen, førsteamanuensis Knut Ove Arntzen, regissør Yngve Sundvor, journalist, forfattar og frilanskritikar Mona Levin, samt journalist og kritikar Annette Mürer. Leiar i Kritikarlaget, Torkil Baden, var ordstyrar.

Kritikerlaget 02. juni 2002 Krit.sirkelenDebattFestspillene

Salen

Frå salen skulle innspela visa seg å koma frå så vel kritikarar som publikummarar og kunstnarar. Saman avdekka dei i løpet av ettermiddagen ulike aspekt ved det multimediale, ulike kriterier for og forventningar til at teater skal lykkast, og ganske ulike oppfatningar av kva førestillingar i årets program som faktisk oppfylte eller innfridde desse.
«Når teater lykkast, smeltar form og innhald saman», sa IdaLou Larsen i si innleiing, og haldt fram førestillingane «Le Costume» og «The Far side of the moon» som eksempel.

Skuffa

Yngve Sundvor la vekt på at ein må ha noko å seia, det er nok støy i verda, og var skuffa over Brooks «Le Costume». Knut Ove Arntzen meinte at eit overforbruk av multimediale verkemiddel kan gjera os til partyløver i det skapande universet, og at nokon må bli igjen for å fortelja.
Mona Levin var begeistra over samansmeltinga av genrer i «Noise of time», førestillinga om Sjostakovitsj? liv og musikk, men reiste også spørsmålet om referanserammane her blei for krevande.
Annette Mürer kom med den mest kritiske innvendinga til sjølve programvalet: Representerer verkeleg «Les Ballets Trockadero» noko av det aller mest spennande og viktige som finst, når det gjeld internasjonal ballett?

Kunstformidling

Dette avfødde ein lengre diskusjon om kunstformidling, om det pedagogiske prosjektet i dette kompaniet sin parodi på konvensjonane i klassisk ballett. Opnar det kunstforma for eit nytt publikum, eller stadfestar det bare eksisterande fordommar?
Med unntak av denne førestillinga syntes panelet å kunna einast om at Festspela i årets scenekunstprogram har lykkast i å ta pulsen på aktuelle, internasjonale uttrykksformer.
Å koma fram til nokon konklusjon på om det multimediale gjer teaterspråket enklare eller meir komplisert, syntes etterkvart mindre viktig for dei mange debattantane.
Istaden blei det åtvara mot å ta konvensjonen «multimediaførestilling» for god fisk, og vist til at kriterier for kva som er godt teater, ikkje er knytta til talet på virkemiddel som er i spel.

Sosiale og politiske

Frå salen blei det også uttrykt ønskje om at neste års debattmøte flyttar fokuset frå estetikken, og heller tar opp spørsmål om korleis kunsten forheld seg til sosiale og politiske trekk i tida.
Møtet var eit samarbeidsarrangement mellom Kritikerlaget og Festspela med stønad frå Fritt Ord og Norsk kulturfond.