Nyhetsbrev

Ja takk, jeg vil gjerne ha nyhetsbrev fra Kritikerlaget.





Aschehougprisen 2007 til Hanne Ørstavik

Noko står på spel i denne forfattarskapen: tilhøvet mellom litteratur og liv, tilhøvet mellom menneska, tilhøvet mellom sjølvbilde og det menneska «faktisk» er. Som om det er ein umogleg lengt etter kommunikasjon, etter forståing i dei menneska og i det språket forfattaren skriv fram. Det er litteratur med kraft, intensitet, og autoritet.

Kritikerlaget 23. august 2007 Krit.sirkelenPriserLitteratur
Oerstavik hanne2

Tale ved arbeidsutvalet i Norsk kritikerlags litteraturseksjon, som er juryen for Aschehougprisen: Mariann Enge, Leif Høghaug, Alf Kjetil Walgermo og underteikna, Margunn Vikingstad.

Aschehougprisen går i 2007 til ein forfattar som hovudsakleg har gitt ut romanar, romanar som er blitt omsett til mange språk. Om forfattarskapen er det blitt sagt at den er eineståande i den nordiske samtidslitteraturen. Det er blitt sagt at forfattaren heilt frå byrjinga av har hatt ei distinkt røyst, ein tydeleg tematikk og ei makelaus språkhandsaming, og om ein av romanane seier ein dansk meldar at boka « faktisk [er] så barsk, at jeg har skullet overvinde mig for at genlæse den.»

Det er ein heilstøypt forfattarskap vi vil heidre. Heilstøypt i meininga «som er av same materialet heilt igjennom». Romanar som er eit framhald, ei utdjuping av, eit spor som legg seg inntil det føregåande. Vi veit ikkje om forfattaren tenkjer slik sjølv, men vi ser og vil heidre forfattarens evne til å skrive fram relasjonelle røynsler som opnar opp for erkjenning. Med ein omveg, ein kort omveg, til ein forfattar som òg er blitt heidra med Aschehougprisen, vil vi karakterisere vår forfattar. Om Dag Solstad er det blitt sagt at han «finner noe som dirrer, og følger fascinasjonen til den er uttømt, hvor enn det bærer», vidare «Som leser kjenner vi straks igjen den energien, intensiteten og konsekvensen som bøkene er skrevet med og vi blir selv fascinert» og endå vidare at han, Solstad altså, «har skapt et romanspråk som umiskjennelig er hans, et språk som uttrykker noe dypt menneskelig.» Dette kunne like gjerne ha vore karakteristikkar av forfattarskapen som i år får Aschehougprisen.

Forfattaren som i år mottek Aschehougprisen har eit skarpt blikk og ei tydeleg røyst. Det er kanskje dristig å påstå at vår forfatter skriv politiske romanar. Forfattaren har problematisert kva det vil seie å skrive politisk, i utspel i offentlegheita og i sjølve litteraturen. Kanskje er det meir treffande å seie at forfattaren skriv språkkritiske romanar. Mange forfattarar er blitt kalt språkkritikar – men kva betyr det? Kva er eigentleg språkkritikk? Etter ein lang periode med metaromanar, kjem denne forfattaren på 1990-tallet og insisterer på at språket må undersøkjast, granskast, saumfarast på nytt – eller: forfattaren klarer det umoglege: Å halde fram med språkkritikk medan fleire meiner at den skjønnlitterære språkkritikken gjentar seg sjølv til det keisame. Litteraturhistorisk er det interessant korleis forfattaren vidarefører og redefinerer prosjekt.

Makt. Og mangel på makt. Språk og makt. I denne sosiologiske konteksten skriv forfattaren. Det handlar om sosiale maktforhold. Det handlar om vilkår for identitet. Det handlar om tilhøvet mellom subjekt og verda. Det handlar om kroppslege røynsler og språk. Me vil i dag heidre ein forfattaren som vågar, har mot til, å utsetje litteraturen for krav, utsetje lesaren for krav, utsetje kritikaren for krav, utsetje livet for krav. I dag vil me peike på eit godt døme i samtidslitteraturen. Me vil peike på og heidre ein forfattarskap som allereie har ei sterk linje og ei sterk røyst som seier at litteraturen er ein stad der Samtalen er mogleg og der språkkritikken viser seg som eit spørsmål om makt, om relasjonar, om samhandling, om kontakt. Ein stad tidleg i forfattarskapen les vi:

«Om det kunne nå inn til henne. Om hun kunne åpne seg for linjene utafor, linjene i lyngen, i vannet, de flate, lange linjene som fortsetter, hun vil så gjerne åpne seg for dem. Som strenger kan hun se dem utafor seg, tynne tråder i nettverk under lyset og været. Høstregnet, det stille høstregnet, det tynne fallet mot de bare bjørketrærne, de tunge fargene i jorda. Om det bare kunne nå inn til henne.» (Hakk 1994).

Det er med tynn og klar strek forfattaren skriv fram, rissar opp, rammar inn landskapet i tekstane. Ofte når forfattaren let medvitet til personane gli, gli over, i barndomsminne, i idealisering, i draumar om kva som kunne ha vore, kva som kan bli, glir òg landskap inn i medvitet. Kanskje er naturskildringane til denne forfattaren blitt miskjente. Forfattaren skriv alltid personane sine fram frå ein stad, eit landskap. Det er landskap og natur med linjer, strekar, strukturar. Landskap som er konkrete og samstundes luftige. Og kanskje har vår forfattar fleire likskapstrekk med, band til, enn ein umiddelbart skulle tru, ein annan norsk samtidig forfattar, ein forfattar som òg plassere personane sine i landskap, og som mellom anna er blitt kalla eksistensdiktar. Jon Fosse skapar rom, målar landskap og natur i tekstane, men romma oppstår òg gjennom det karakteristiske språket hans. Det er blitt sagt om Fosse, og det kunne òg ha blitt sagt om vår forfattar: «Noe av styrken i tekstene er at de er åpne. Det er store rom i dem, også mellom personene. Det uendelige rommet driver noen lesere til vanvidd, mens andre ikke kan holde opp å lese».

Litteraturen som ein stad for Samtale. Litteraturen som ein stad å vere og ein stad for erkjenning. Forfattaren ser ut til å forfekte litteraturen, romanen, som staden det er mogleg å handsame nett dei spørsmåla forfattaren igjen og igjen vender attende til: Eller som eg-personane til forfattaren spør seg sjølv igjen og igjen: Kor kom bildet av meg frå? Kven har lært meg kven eg er? Kva kan eg vite om meg sjølv? Forfattarskapen granskar kva strukturar som styrer bildet av kven Eg er. Ved å snu og vende på bildet, ved å saumfare kommunikasjon, mangel på kommunikasjon, ved å leite etter hol mellom, gliper inn, sjakter ut, oppnår forfattaren ein særeigen intensitet. Igjen og igjen vågar forfattaren seg inn, ned, mellom, for å sjå om språket held, om relasjonane held, om litteraturen held. Om livet held. Om det er mogleg å skape ein stad i litteraturen der eksistensielle erfaringsdimensjonar kan handsamast.

For noko står på spel i denne forfattarskapen: tilhøvet mellom litteratur og liv, tilhøvet mellom menneska, tilhøvet mellom sjølvbilde og det menneska «faktisk» er. Som om det er ein umogleg lengt etter kommunikasjon, etter forståing i dei menneska og i det språket forfattaren skriv fram. Forfattaren viser, på eit ganske brutalt vis, den einsemda som lukkar menneska inn, som stengjer menneska av, i orda som ikkje er det dei seier. Forfattaren held lesaren fast i dette språket, og slepper ikkje taket. Det er ikkje alltid behageleg, ofte særs ubehageleg. Det er litteratur med kraft, intensitet, og autoritet.

Ein stad les vi: «Han lager rundinger i doskålen med tissestrålen. Det lukter annerledes her enn hjemme. Han ser på vannet når han skyller ned og husker plutselig lyset om sommeren, hvordan han kan ligge i senga og se ut av vinduet når himmelen er helt hvit og kjenne at han forsvinner.» Kjensle av å ikkje vere til, kjensle av å forsvinne, kjensle av å vere usynleg. Blikket som ikkje er der. Forfattaren har ei særskilt evne til å framstille menneskeleg tankeverksemd, på ein nærast djevelsk måte. Forfattaren skriv oss først inn i eit medvit, så eit anna, stengjer oss inne, og let oss berre gradvis få ei kjensle av at noko er forvrengt med det einskilde medvitets forståing av seg sjølv og verda. Som frå romanen med det føregåande sitatet. Relasjonen mellom ein son og ei mor blir skildra med så varlege, poetiske bilde at det tek tid før ein skjønar kor isande kaldt der er i denne romanen. Vi finn òg ei særskilt kraft eller ein aggresjon i denne forfattarskapen, som synest å vere driven av ein idealisme eller ei idealisering. Vi ser det i forfattaren som kjempar for å finne forteljinga (Kallet – romanen 2006), vi ser det i presten som kjempar mot at orda ikkje berre skal vise seg å vere tomme (Presten 2004), vi ser det hjå høgskulelektoren som kjempar for å finne noko som kan opplevast som ekte (Uke 43 2002), vi ser det hjå den unge kvinna som kjempar for å gripe fortida i notida (Tiden det tar 2000), og vi ser det hjå studenten som kjempar for at røynslene hennar skal bli gyldige (Like sant som jeg er virkelig 1999).

Aschehougprisen er ein forfatterskapspris. Kva meiner vi så med å gje ein pris til ein forfattarskap? Forfattaren som i år mottek Aschehougprisen er framleis temmeleg ung. Og trass i at vi allereie har karakterisert forfattarskapen som heilstøypt, meiner vi ikkje at vi har skjønt, sett, definert den eine linja, den eine retninga, i denne forfattarskapen. Det er ikkje føreseieleg kva som så vil kome. Med den siste romanutgjevinga der forfattaren går sin eigen litteratur kritisk etter i saumane, og med eit lesestykke som siste utgjeving, let forfattaren vegen vidare i forfattarskapen stå særs open. Og vi er spente på kva som vidare vil kome. Det følgjer ingen plikter med å motta Aschehougprisen. Vi kan berre håpe at forfattaren vil halde fram med å granske banda mellom kunst, liv og erkjenning, der forfattaren «finner noe som dirrer, og følger fascinasjonen til den er uttømt, hvor enn det bærer.» Ein stad les me:

«Hun kom forbi den mørke enga, det var ingen hester der nå, hun snudde seg og så utover bygda, så veiene som gikk gjennom, de to hovedveiene på langs, og så småveiene på tvers, og avstikkere som gikk til gårdene oppi åssidene. Som et rutenett lå bygda der, et lysende nett, og enda en gang så hun hele livet sitt som et sånt nett av streker og linjer, noen ganger noe som gikk på skrå, en sving, men det var innenfor, alt var hele tiden innenfor det nettet, det nettet som var stedet her, dagene og tiden. Morgen, kveld. Natt og dag. Utenfor rutenettet var det bare mørke, avgrunn. Fall. Var dette alt? Hun visste ikke. Hun visste ikke hva hun skulle gjøre med det heller, hvordan det kunne bli annerledes? Hvis jeg bare kunne gjøre noe, tenkte hun.» (Uke 43).

Ein annan stad:

«Det var noe med opprøret i seg selv, det ville ustyrlige, det i dem som kjente at det fantes noe som var sant. Jeg tenkte at de kjente det rive og tvinge seg fram i dem. At de ville og måtte grave det fram, skjære det ut, sånn de gjorde med reinen de slaktet, finne noe som var fast, til å holde i hendene, som et levende, blankt og klissete hjerte. De ville se et punkt hvor det var noe som ikke sviktet. De ville ha en innrømmelse fra presten og lensmannen og handelsmannen, de ville komme fram til høyden av fjellet og se ut over den andre siden, se det lovede landet, hvordan det var. At vannet lå der det var blitt sagt dem, at det rant en bekk der, nedover på skrå. At det var lyng og kjerr, og myrer til venstre. At det lå som det lå. At det var som det var. At det fantes noe fast, et punkt som ikke var til å rikke. Men kniven gikk gjennom skjorta og inn i huden, inn i kjøttet. Kjøttet var bare kjøtt. Blodet rant, det var bare blod. Og huset var til å tenne på, det brant ned. Hva var det da språket var et språk for? Hva hjalp det vel da med ordene. Det var ingen hjelp noe sted. Det var ingen vegg, ingen grense, ikke noe feste.» (Presten).

Å skrive fram eit språk som har band til ei livsrøynsle. Å skrive fram korleis det er å vere til. I dette eksistensielle prosjektet gir forfattarskapen òg røyst til eit idealistisk rop om sanning og eit sanningskrav som har engasjert og provosert. Så kan ein kanskje seie at det er her forfattarskapen plasserer seg som eineståande i den nordiske samtidslitteraturen, at det er her forfattarskapen har si særskilt kraft og tyngd: At forfattarskapen på den eine sida, i ein subtil forteljarteknikk, viser det idealistiske medvitet som falskt medvit. På den andre sida synest forfattarskapen å halde fast ved eit sanningsideal, eit sanningskrav. Noko står på spel i forfattarskapen. Og kanskje det er i dette spelet mellom sanningsideal og sanningskrav at prosaen til vår forfattar blir så insisterande. Samstundes viser forfattarskapen ei evne til ikkje berre å vidareføre, men òg redefinere prosjekt. Med forfattarens ord: «Kanskje er jeg underveis mot en slags aksept. Av hva da? Av kanten, grensen? Av at viljen ikke er nok, viljen til å nå fram, i språket, med ordene? At selv det utvrengt tilgjengelig åpne, det totalt blottstilte språket, ikke er noen garanti for et møte?» (Samtiden 3-2004).

Ein stad i forfattarens førebels siste roman les vi: «Det skrives og snakkes om litteratur som om det var helt frakoblet livet, sier jeg. Som om det var frakoblet oss selv. Som om det er noe vi står på avstand fra og betrakter, som ikke egentlig har noe med oss å gjøre, sier jeg.» Ein forfattarskap som held fast ved og som tenkjer stadige vidare kring spørsmål om språk og litteratur, om moglegheiter og avgrensingar, om meining og meiningsløyse og i dette forfektar og viser at litteraturen ikkje er fråkopla livet. Mine damer og herrar, det er ei stor glede å kunngjere at årets Aschehougpris går til Hanne Ørstavik.