Kritikerlaget

Aschehougprisen 2010 til Anne Oterholm

Juryen meiner at Anne Oterholm har funne ei unik litterær form som ikkje berre utforskar eksistensielle problemstillingar, men som gir lesaren ei litterær røynsle av eksistensielt grunnleggjande drifter og redsler. Ho demonstrerer at overflata og det banale ikkje lar seg skilje frå det eksistensielle, og at det tilsynelatande lette og tilfeldige ikkje er mindre meiningsberande enn det kompliserte og dramatiske. Og ho utfordrar oss litterært og intellektuelt, noko som er viktig i seg sjølv.

Kritikerlaget 26. august 2010 PriserLitteratur
Oterholm anne1

Tale ved arbeidsutvalet i Norsk kritikerlags litteraturseksjon, som er juryen for Aschehougprisen: Morten Haugen, Jan Grue, Mariann Enge og underteikna, Merete Røsvik Granlund.

Aschehougprisen for 2010 går til ein forfattar ein neppe kan skulde for å drive merkevarebygging. Googlar du namnet hennar, finn du for tida denne linken høgt oppe: «Hvem faen er Anne Oterholm?» Og det er altså ikkje eit retorisk spørsmål frå den aktuelle bloggaren.
Riktig nok har vi blitt vant til å sjå ho i media rett som det er dei siste åra, men då oftast i rolla som leiar av Forfatterforeningen. Diverre er det heller sjeldan sine eigne bøker ho uttalar seg om. Men i år feirar ho – og no vi – 15-årsjubileum for ein forfattarskap ho altså i stor grad har utøvd under eller over radaren til det store bokelskande publikumet i Norge.

Vi snakkar om ein forfattar som gjennom hittil sju utgitte romanar kompromisslaust har utvikla eit særprega og risikabelt litterært prosjekt. Risikabelt fordi ho har valt motiv som kan oppfattast som banale eller melodramatiske: Høyr berre: Trekantdrama, promiskuitet, forbode begjær, alkoholisme, uansvarlige foreldre, søkjande tenåringar.

Dobbelt risikabelt fordi ho nyttar ei litterær form som står i ein uventa kontrast til motivvalga, og har blitt kalla både «kjedeleg», «overflatisk» og «ubehageleg». Synsvinkelen ligg hos hovudpersonane, og både forma og handlinga er prega av den keisemda og rastløysa både livet og tankane deira er prega av. Det skjer lite, dagane går, og det verkar ikkje som noko er spesielt viktig for dei. Karakterane er heller ikkje forlokkande å identifisere seg med, dei kan vere usympatiske og umodne, fulle av sjølvbedrag. Vi får berre deira versjon av verda, men det dei tenkjer, ser ikkje alltid ut til å gå i hop med det inntrykket ein får gjennom skildringa av hendingane og folka rundt dei. Det gjer situasjonane som vert teikna opp uavklarte og opne for tolking i ein slik grad at det som kan opplevast som rysjande og tankevekkjande for ein lesar, kan bli totalt oversett av ein annan.

Dermed er det litterære prosjektet tredobbelt risikabelt: Ulike lesarar vil ha ulike meiningar om kva tekstane djupast sett handlar om, og meine at bøkene «under overflata» diskuterer eller kritiserer dette og hint. Forfattaren risikerer altså å bli feillesen, misforstått og undervurdert. Det er kanskje stas ei lita stund, om ein verdset kunstnarmyter, men neppe i lengda.

Det er ei stor glede å gi Aschehougprisen for 2010 til Anne Oterholm.

Alt tidleg i forfattarskapen sa Oterholm at ho ville utforske korleis vi kunne leve med døden, og dette eksplisitt eksistensielle prosjektet har sidan prega heile forfattarskapen:

Debutromanen Ikke noe annet enn det du vil kom ut i 1995. Forteljaren er ein mann som er sterkt knytt til den alkoholiserte søstera si. Han er redd for å miste henne, lar forholdet til henne overskygge alt anna i livet sitt, prøver å forstå henne, men kan ikkje redde henne.

Året etter kom Avbrutt selskap, der ei ung jente kjem inn i liva til eit fråskilt par som framleis er venner. Ho blir eit begjærsobjekt for dei begge og snur opp ned på alt. Ho fortel at då ho var barn, drap ho lillesøstera si, men det vert ikkje klart om dette er sant. Så døyr ho sjølv. I tredjeboka Avslutningen møter vi ei djupt einsam kvinne som mistar barnet sitt.

I trilogien Tilfeldigvis begjær, Etter kaffen og Sannheten var det uttalte prosjektet å utforske tre tilstander som ifølgje Batalille er dei einaste som kan få oss til å gløyme døden: Begjær, forelsking og religiøs ekstase. Tyra i Tilfeldigvis begjær er ei promiskuøs ung kvinne som ligg med ektemannen til søskenbarnet sitt. Hanne i Etter kaffen er 39 år og forelskar seg i kjærasten til den 19 år gamle dottera si. Ikkje fordi han er uimotståeleg, men fordi ho så gjerne vil vere forelska. Mats i Sannheten er ein nyfrelst tenåring som reiser til Syden for å lese i Bibelen. Her blir han kjent med Sonja som er Wikka-heks, og ender opp med å valdta henne under eit hekseritual dei utfører saman. I den hittil siste boka som kom i fjor, Toget fra Ajaccio, møter vi 37 år gamle Sindre som òg flyktar inn i tilfeldig seksuelt begjær når meir forpliktande relasjonar blir for vanskelege.

Trass i at ein som lesar i utgangspunktet helst stiller seg skeptisk til hovudpersonane og måten dei lever på, blir ein likevel dratt inn eit eksistensielt drama, kor overraskinga ofte er kor mykje ein faktisk kan kjenne seg igjen i. Sjølv om ein trur at ein gjennomskodar hovudpersonane og veit betre enn dei, kan ein bli riven med av begjæret i teksten, endå det helst ber i feil retning etter det moralske kompasset. Så når ein les om ei mor som lar seg forføre av kjærasten til dottera, sjølv om dottera skjønar kva som er i ferd med å skje, kjennest det ikkje berre som at ein skjønar kvifor det kunne skje, men som at ein kunne ha gjort det same sjølv. Det kan vere pirrande, og det er ubehageleg at det er pirrande og intellektuelt pirrande at det er så ubehageleg.

Intellektuelt har forfattaren røtene sine i fransk litteratur og filosofi, hos Gustave Flaubert, Georges Bataille, Marguerite Duras og Julia Kristeva, og ideala for fransk nyroman har vore formande: Skildring av trivielle hendingar utan tolkingar, etiske føringar eller metafysiske spekulasjonar frå forfattaren si side. Du finn altså ingen stor dramatikk, ingen metaforar, ingen besjela natur eller emosjonelt ladde stemningsskildringar i Oterholms romanar, ja, sjølv adjektiv er det få av. Skildringane er helst knappe, likevel kan teksten vere rytmisk vakker, som i dette sitatet frå debutboka:

«Han stirrer bort på henne som ligger i den andre sengen. Hun er blek. Sover tungt nesten hele tiden. Hun er i ferd med å falle fra hverandre. Hun ønsker å føle hvordan man dør. Hvordan alt sakte opphører. Hvordan alt forsvinner. Hun er gal. Han vet hun er gal. Plutselig prøver han å komme nærmere henne.»

I seinare bøker, som er meir prega av tankestraumane til hovudpersonen, er fokuset meir på å skape truverdige stemmer enn på å levere elegante formuleringar. Her er eit sitat frå Sannheten:

«Sonja har satt seg opp, hun også. Jeg har ikke lyst til å se på henne. Hun påstår at det var et overgrep. Fuck her! Sitter ved siden av meg. Kjenner varmen fra henne, men jeg er ikke sammen med henne. Hun har til og med en type et helt annet sted. Hvordan kan hun være med på sånt som dette sammen med meg når hun er sammen med en annen? Er det på grunn av ham hun anklager meg? Derfor hun har dårlig samvittighet? Gud føler sorg over mennesker som vender ham ryggen. Det spiller ingen rolle hvor mange mennesker som fins. Hver gang føler han sorg.»

Om dette er ei enkel eller overflatisk form, er det i tilfelle på same måte som minimalistisk biletkunst eller arkitektur er enkel; det ligg ikkje lite omtanke og handverksmessig presisjon bak det endelege resultatet. Og sjølv om ein neppe finn mange direkte referansar til den intellektuelle ballasten i tekstane, er det likevel noko som får ein til å mistenke at forfattaren er smartare enn ein sjølv. Så spørs det om ein likar den kjensla eller ikkje. Årets jury likar den kjensla.
Men sjølv om tekstane er intelligent konstruerte og har eit sterkt cerebralt innslag, ser ikkje intelligens ut til å vere svaret på noko i Oterholms romanunivers. Forteljarstemmene er gjerne prega av ein akademisk diskurs, og det kan vere mykje humor i blandinga av munnleg stil og pompøse ordval. Men dei vidløftige tankerekkjene deira kling ofte holt, som eit krampeaktig forsvarsverk mot ytre og indre truslar. Sjølvrefleksjonen hindrar dei heller aldri i å gjere den eine tingen som ikkje lar seg rette opp. Det gir bøkene ein underspelt tragisk dimensjon som rammar lesaren midt i det akademiske sjølvbildet.

I underteksten lurer det altså krefter som er sterkare enn tanken, og det gjer at Oterholms tekstar, som setning for setning er enkle å lese, likevel yter formidabel motstand. Ved å formidle tankar og samtalar, det ein kunne kalle den mentale overflata, utforskar ho mentale forsvarsstrategiar. Det ho gjer meisterleg godt, er å vise kor tanken stoppar opp, kor det ligg noko vi ikkje vi vil inn i, noko vi er redde for å erkjenne. Det er uhyggeleg gjenkjenneleg og aktuelt, det er som om ho tvingar oss til å sjå inn i blindsona til romankarakterane, og dermed erkjenne eksistensen av våre eigne blindsoner.

Juryen meiner at Anne Oterholm har funne ei unik litterær form som ikkje berre utforskar eksistensielle problemstillingar, men som gir lesaren ei litterær røynsle av eksistensielt grunnleggjande drifter og redsler. Ho demonstrerer at overflata og det banale ikkje lar seg skilje frå det eksistensielle, og at det tilsynelatande lette og tilfeldige ikkje er mindre meiningsberande enn det kompliserte og dramatiske. Og ho utfordrar oss litterært og intellektuelt, noko som er viktig i seg sjølv.