Nyhetsbrev

Ja takk, jeg vil gjerne ha nyhetsbrev fra Kritikerlaget.





Bør vi drive lydbokkritikk?

Eit engasjert publikum på rundt 30 personar fekk med seg kritikarsalongen om lydbokkritikk tysdag 17. november. Nesten alle meldte seg på i debatten – inkludert dottera til Helene Uri.

Kritikerlaget 11. desember 2009 DebattReferaterLitteratur
Lydbok uri heidi

Av Alf Kjetil Walgermo.
Foto: Mariann Enge

Bør kritikarar drive lydbokkritikk? Er lydboka eit eige kunstnarisk produkt? Kva betyr stemmebruken for tolkinga av ein tekst? Spørsmål som dette var utgangspunktet for kritikarsalongen om lydbokkritikk på Litteraturhuset i Oslo den 17. november. Salongen gjekk føre seg under den afrikanske veka på Litteraturhuset, men likevel fann rundt 30 sjeler vegen til den vesle salen Kverneland og eit panel beståande av kritikar Kåre Bulie, marknadssjef i Lydbokforlaget, Tonje Kristiansen Bertini, og forfattar Helene Uri. Ordstyrar var Heidi Sævareid.

Kåre Bulie var først ute og synleggjorde ståstaden sin: Kritikarane forsømer seg IKKJE ved å la vere å melde lydbøker. Han var derimot svært positiv til lydboka som eit supplement til den skrivne teksten, og meinte at lydboka reiser interessante spørsmål om korleis vi konsumerer litteratur. Bulie sa også at for hans vedkommande var det meir konsentrasjonskrevjande å høyre ei lydbok enn å lese boka som tekst.

Tonje Kristiansen Bertini fekk ordet og informerte om Lydbokforlagets omsetnad på 160 millionar kroner i året. Ho sa at store grupper av kundar føretrekkjer lydbøker framfor trykte bøker, og meinte at denne interessa burde verte spegla i media. Bertini sa at ho har ført denne debatten 1:1 i fleire år. Lydbøker får ein del dekning på featuresidene, men ikkje kritikk.

Helene Uri fortalde deretter at mange spør henne om bøkene hennar finst som lydbok. Uri sa at for henne er lydbok, pocket og hardback eitt produkt. Ho uttrykte ein viss skepsis til at kritikarar skal melde lydboka og ikkje berre teksten. Kva skal meldast, er det spesialeffektane?

Etter desse korte innleiingane starta debatten i panelet. Ordstyrar Heidi Saværeid spurde Bulie kva slags bakgrunn ein kritikar eigentleg måtte ha for å melde lydbøker, og han samtykte i at ein kanskje burde ha teaterbakgrunn. Elles sa Bulie at avisene er nøydde til å setje grenser for kva dei skal bruke spalteplassen sin på.

Bertini meinte på si side at det er fullt mogleg å melde lydboka før den trykte boka. Då kan ein også vurdere korleis boka vert formidla, samt produksjonstekniske element. Til dette svarte Bulie at ein må ha sterke grunnar for å erstatte meldinga av ei trykt bok med ei melding av lydboka. Mens Bertini syntest at kritikarane og avisene snyt publikum for noko dei er opptekne av.

Sævareid tok fram korleis Lydbokforlaget marknadsfører seg sjølv, der dei legg vekt på at ein sparer tid ved å høyre lydbøker, ein kan gjere andre ting samstundes. Sævareid ville vite om Lydbokforlaget ønskjer å gi oss ein ny veg inn til verket, eller om dei var opptekne av at vi kan køyre til Trysil mens vi høyrer lydbok. Til dette svarte Bertini at det var vanskeleg å gi lyttarane ein ny inngang til bøkene, mens Uri kom med ein humoristisk replikk om at ho sjølv hadde problem med å rake lauv og høyre lydbok samstundes. Bulie samtykte i at ein er nøydd til å vere oppmerksam. Når ein les boka, er det lettare å bla attende.

Sævareid spurte Bulie kva som må til, i hans tilfelle, for at han skulle få lyst til melde ei lydbok. Dette kunne han ikkje seie direkte, men såg at danske Politiken har byrja å melde lydbøker i det siste. Bertini skaut inn at lydbokproduksjonen godt kan nemnast i meldinga av ein trykt tekst. Mens Bulie repliserte at kanskje det hadde komme fleire meldingar på trykk dersom lydbokforlaga hadde sendt kritikarane fleire lydbøker. Bertini svarte at lydbokforlaga ikkje har like stort PR-budsjett som dei andre forlaga, og at det ofte er vanskeleg å vite kva slags person ein skal sende lydbøkene til.

Uri antyda at lydbøker surfar litt på dei trykte bøkene, som ho meinte er hovudproduktet. Som forfattar kan dei vere problematisk at ein ikkje alltid får velje innlesar sjølv. Det ville vere svært dumt å ha skrive ein god tekst, men få ei dårleg opplesing klistra til seg, sa Uri. Bulie bemerka at Uri nok heller ikkje ville likt det om han venta med å melde boka hennar til lydboka kom.

Etter dette fekk vi eit avbrekk i debatten, der vi høyrde Helene Uri lese eit avsnitt frå romanen Den rettferdige. Deretter høyrde vi det same avsnittet i lydboka, der innlesinga var gjort av Jan Grønli. «Eg er sikker på at eg er flinkare til skrive roman enn han, sjølv om han er flinkare enn meg til å lese høgt,» spøkte Uri etter opplesingane.

Med denne seansen som utgangspunkt, diskuterte panelet kva stemmebruken har å seie for tolkinga av ein tekst. Bertini kunne fortelje at det i fem prosent av alle lydbokutgjevingar er forfattaren sjølv som les. I dei fleste tilfella konfererer dei med forfattaren før dei vel innlesar. Bertini sa også at det i enkelte tilfelle var sjølvsagt at det var forfattaren sjølv som skulle lese, og nemnde Klaus Hagerup som døme. Bulie supplerte med namn som Dag Solstad og Kjell Askildsen. Han sa også at han hadde fått stor respekt for det å lese ein tekst høgt, etter at han måtte lese opp ein Leonard Cohen-tekst i radioen – og den var berre på tre linjer.

Bertini sa litt om praktiske ved innlesingar, nærmare bestemt om spytt og pust, før Sævareid ville vite om det er vanskelegare å «gi frå seg» ein roman enn til dømes eit teaterstykke. Uri svarte at for henne er romanen personleg berre heilt til den dagen han er lansert. Ho meinte at ho ikkje kjenner på eigarskap til bøkene ho gir ut.

Bertini sa deretter at ho ikkje tenker på innlesing av tekst som tolkingar, men som formidlingar. Sævareid spurde då om det er mogleg å lese ei tekst nøytralt. Bertini meinte dette. Iallfall gjekk det an å unngå å «spele ut for mykje». Panelet snakka vidare om lydbok versus høyrespel, samt nokon hybridar, til dømes Trude Marsteins Ingenting å angre på, som er lesen inn av to personar, ein mannleg og ein kvinneleg. Bertini sa at dei når lettare ut dersom lydbokversjonen skiller seg frå tekstversjonen. Bulie sa at ein må utnytte mediets eigenart på ein fruktbar måte som ikkje øver vald mot forfattaren sine intensjonar. Han likte til dømes ei lydbok der autentiske utsegn av Einar Førde var klipte inn.

Etter ein refleksjon rundt kva som ville skjedd dersom menneska slutta å lese, og berre lytta (tilbake til leirbålet?), eit lite spark til Lydbokforlaget som gjerne vel seg ut titlar med kommersielt preg (Bulie), og nokre tankar rundt det nye lesebrettet Amazon Kindle, opna Sævareid for spørsmål frå salen.

Den første kommentaren gjekk på publiseringsdatoar, og at sjansen for melding kanskje ville auke dersom ein lanserte lydboka før tekstboka. Bulie erkjente at dersom den neste boka til Knausgård hadde komme ut som lydbok først, ville det garantert blitt melding. Bertini sa at det finst berre to alternativ slik det er i dag: samtidig publisering, eller at lydboka kjem etterpå.

Ein annan i salen fekk målbore at det ligg eit sterkt aspekt av fortolking i stemmebruk, før Helene Uris dotter greip ordet og fortalde at ho hadde høyrt på lydbok og etter kvart hadde gløymt stemma og berre høyrt på teksten. Frå ein annan kant kom det ei bekymring om at enkelte meldarar visstnok skriv meldingar på bakgrunn av lydbøker, mens dei latar som om dei har lese bøkene som tekst. Ein lydbokforlagstilsett kommenterte krava om kompetanse i lydbokkritikken, og meinte at forlaga nok var venleg innstilt dersom kritikarane forsøkte seg. Han fortalde også hans forlag hadde gitt ut 14 lydbøker i ein klassikarserie – «verdshistorias mest tilgjengelege versjon» – men at det i ein kommentar i Aftenposten ikkje hadde stått eit ord om innlesarane.

Vidare kom det refleksjonar rundt «kva er tekst» og «kva er nøytralitet» frå salen, samt ei støtte til at ei lydbokinnlesing er ei fortolking (sjølv om grensene mellom fortolking og formidling kan vere uklare). Innlegget vart avslutta med ei treffande anekdote om Lucky Luke.

Andre meinte at kritikarane faktisk forsømmer seg ved å ikkje kommentere lydbøker. Og atter andre framheva at ein god innlesar kan få teksten til å skine. Underteikna spurte om ikkje utvalet av lydbøker er litt snevert, og etterlyste mellom anna poesien. Ein annan ville vite kor mange lydbøker som blir seld av ei bok, og om salet av lydbøker går ut over salet av dei trykte bøkene. Nokon meinte at det går an å skrive eit par ekstra linjer om lydboka i slutten av ei vanleg melding, slik ein gjer det med ekstramaterial på DVD-ar.

Og så fekk Helene Uris dotter det siste ordet, då ho føreslo lydprøvar av lydbøker i bokhandelen, etter modell frå platebutikkane. Eit godt forslag, tykte ein elles nøkternt refererande referent. Slutt.

Bilder

Lydbok alle
Kåre Bulie, Tonje Kristiansen Bertini, Helene Uri og Heidi Sævareid