Nyhetsbrev

Ja takk, jeg vil gjerne ha nyhetsbrev fra Kritikerlaget.





Bjørn Gabrielsen er Årets litteraturkritiker 2003

Sjøl om vi sat med ei liste med riktig verdige kandidatar, peika ein seg klart ut, og konklusjonen låg i korta nesten før vi kom i gang: Det måtte bli Bjørn Gabrielsen i år.

Kritikerlaget 06. mars 2003 LitteraturPriser
Bjorn gabrielsen

Tale til Årets kritiker 2003 – Bjørn Gabrielsen
Av Marta Norheim

Det er krise i kritikken for tida. Ja kva meir er: kritikkens krise er konstant. Kritikarane er ikkje berre konvensjonelle og kortsynte, dei er også sjølopptatte og slappe. Det er ikkje kven som helst som seier dette, eg siterer her frå eit intervju i Dagbladet med formannen i forfattarforeininga, Geir Pollen. Vi snakkar altså om sjefen for råstoffleverandørgruppa vår, for kva var vel ein litteraturkritikar utan bøker?

I eit slikt åndsklima kunne ein tenke at det var ein tung sak å stå her og dele ut pris til ein kritikar. Det er det heldigvis ikkje. Utan å ta stilling til påstandane om kritikarstanden frå formann Pollen reint generelt, vil eg med stort frimod hevde at desse karakteristikkane ikkje passar særleg godt på årets kritikar.
Det er ein jury på fem personar som har funne fram til denne kritikaren. Det er John Gustavsen frå Nord-Norge, Thomas Ramstad frå Midt-Norge, Maria Kielland Krag frå Sørlandet, Lars Helge Nilsen frå Vestlandet og eg sjøl frå Austlandet.

Reint personleg må eg vedgå at sjølve nominasjonsprosessen var ein nedtur. Eg hadde min favoritt klar frå første stund, og var mentalt førebudd på å sloss med knallharde og sylskarpe argument for at akkurat han skulle få prisen. Eg såg for meg lange argumentasjonsrundar som skulle ende med avanserte prosedyriske beinkrokar i siste og avgjerande runde i juryen. Slik blei det altså ikkje. Sjøl om vi sat med ei liste med riktig verdige kandidatar, peika ein seg klart ut, og konklusjonen låg i korta nesten før vi kom i gang: Det måtte bli Bjørn Gabrielsen i år. Ingen regionale kampar, ingen klare motkandidatar, men tvertom mange godord om Bjørn Gabrielsens særprega kritiske aktivitet, og eg skal referere nokon av godorda frå komiteen og leggje til nokon for eiga rekning, men først ein liten sving innom Dagbladetdebatten om kritikkens krise igjen: Forfattarane Linn Ullmann og Brit Bildøen skriv der at dei finn liten vilje hjå kritikarane til å setje bøker inn i samanhengar. Dei hadde heilt sikkert ikkje årets kritikar i tankane då dei skreiv det. Gabrielsen har nemleg ei forbløffande evne til å setje bøker og tilstøytande fenomen inn i samanhengar, han er ein rev til å kople saman ulike saker frå kunnskapsuniverset sitt, og dette universet er ganske unikt. Eg mistenker Gabrielsen for å gå til bokhyllene på same måten som ein pasjonert slikkmunn går inn i ein godekiosk; han sopar med seg likt og ulikt, kjent og ukjent, han går til sengs med kuriosa og står opp med klassikarar og tygger i seg ein variert meny av tidsskrift til lunsj.

Kanskje det ikkje er akkurat slik, men det eg i allefall kan slå fast, er at Gabrielsen bevegar seg smidig og elegant rundt i eit assosiasjonsrom som er dramatisk mykje større enn det den aktuelle boka gir. Han snyltar ikkje på bøkene; han går i kritisk dialog med dei og plasserer dei inn i nye, gjerne langhenta, men aldri irrelevante samanhengar. Det er ikkje så mange som finn det naturleg å skrive om Osama Bin Laden, prins Harry og Isaak Asimov i same artikkel. Eller som hoppar frå mor Åses seng til Akersgata, og som frekt påstår at denne vegen ikkje er særleg lang.

Det ligg ein generøsitet i denne måten å skrive på, fordi Gabrielsen let lesaren få bli med på ferda, han stikk aldri avgarde inn i alle dei rare irrgangane utan oss. Dermed føler ein seg ganske lur sjøl når ein les, og det erein fin ting. Vi blir ikkje høge og mørke, kalde og hovmodige av det, men meir klar over at verda er overdådig kompleks og full av paradoks både av det underfundige og av det grusomme slaget. Og undervegs på reisa frå ingressen til den ofte litt skeive konklusjonen nederst til høgre, er det lagt inn raust med humor og språklege sprell. Gabrielsen er ein av dei som gjer verda litt større og toleransetersklane litt høgare og sinnet litt muntrare. Det er ikkje lite.

Derfor vil eg- på vegner av juryen, gje bildet Lesende mann av Giske Sigmundstad til årets kritikar Bjørn Gabrielsen.