Kritikerlaget

Eg har vore gjest hos dei oversette(nde)

- Hallo, hallo, ikke gå, vi har fremdeles flere perler å kaste!
Kanskje det er slik ein omsetjar tenkjer. Når boka som er omsett, ikkje blir meldt i avisene. Når boka blir meldt, men omsetjar ikkje blir nemnd i avisene. Når omsetjar blir nemnd, men kritikaren ikkje har peiling på kva ho skal seie om omsetjinga, og dermed finn eit ord ho meiner ho kan nytte mot omsetjaren for kva det er verdt.

Kritikerlaget 30. september 2007 Krit.sirkelenLitteraturReferater
Duodamer

De undrar dykk kanskje over denne nærast sjølvransakande tonen på vegner av kritikarstanden. Eg har vore gjest på det årlege haustseminaret til Norsk Oversetterforening. Men nei, eg har ikkje blitt kjeppjaga. I staden har eg vore ein mållaust, deretter flirande og etter kvart hikstande tilhøyrar til vitneutsegn som blir boren fram. For, eit, av mange, klassiske innslag i programmet under haustseminaret til Norsk Oversetterforening 28.-30. september 2007 var refrenget ?30, 40, 60 eller 90 graders vask?. Eg lurte på førehand sterkt på kva dette var, og tenkte mitt, at det mest truleg var eit høve til innsideblikk i ein omsetjars verd/kvardag. Og ganske så rett: Ut frå introduksjon skjønte eg at ein tidlegare år, under noko som kunne likne den same overskrifta, hadde gått til saka med det føremål å leggje vaskaren på hoggestabben. No skulle forteiknet parast med eit minus til og slik bli pluss. Så kom sogene: om den vesle jenta, som på svensk hadde ete kjöttbulle, og som åt like mange kjøttkaker på norsk, 14 i talet. Eller om den italienske faren, ikkje den himmelske, men den jordlege faren, som blei omsett til ?den bondetampen? i staden. På første side i boka stod det, og feilen, og boka, fulgte omsetjar frå Bokspeil til radio til stadig å markere seg i bokhylla for til slutt å ende opp som pensum i italiensk på Folkeuniversitetet i Buskerud, avd. Hønefoss. Det handla altså om då vaskaren redda omsetjaren, om alle dei små kommentarane frå vaskaren i margen som ?uff? eller ?nei men Ingrid da?, eller aller helst då ein stod åleine attende, til spott og spe med sin eigen dumskap, på trykk.

Eg må seie eg blei kraftig sjarmert. Over forteljargleda som tydeleg ramma dei som hadde blitt utfordra til å fortelje om slikt dei både hadde jobba hardt med å fortrenge og eigentleg heilt hadde gløymt. Òg sjarmert av historia om vaskaren som hadde laga ei nydeleg miniatyrteikning av ein fullriggar i margen, for å forklare omsetjaren kva det gjekk i vedrørande segl og rigging og skip. Men det var ikkje omsetjarane som ropte ut: – Hallo, hallo, ikke gå, vi har fremdeles flere perler å kaste! Det kom frå lyrikar Triztan Vindtorn som midt oppi ei lyrisk og musisk minnereise frå Sør-Amerika, og Drammen, fortalte anekdoten om jusprofessoren som kasta den meldinga etter studentar som gjekk midt i førelesinga. Sjølv sjarmerte Vindtorn like mykje som dei som bar fram vitneutsegn. Så må då òg Vindtorn vere ei gullgruve for ein omsetjar som er i beit for ord, som er på jakt etter nye ord eller som er klar for å la seg inspirere til sjølv å lage nyord. Eller som Vindtorn ville ha sagt det: Har man fått sopp på beina kliner man på salve, har du fått sopp i huet, les poesi! Programmet inneheldt elles ?Fra en gullgravers hverdag? der Gunn Reinertsen Næss, redaksjonssjef for omsett litteratur i Aschehoug fortalte om ulike mekanismar bak val av bøker. Noko overraskande, for meg i alle høve, var at omsetjarar i svært liten grad ser ut til å ha noko påverknad på kva som blir omsett eller ikkje, trass i ein oftast både brei og djup kompetanse og oversikt innan deira respektive språkfelt. Elles gav Atle og Åshild Næss, far og dotter, innsyn i melanesisk kultur og språk, Føredraget var knytt til boka ?Et hav av språk?, om språkstudiar på Reeføyane i Melanesia i Stillehavet. Språkforskar Åshild tok med far på tur og slikt blir det bok av, og mange historier. Ei av sogene var om tabu kring svigermor og svigerson; så tabubelagt er denne relasjonen at svigerson og svigermor aldri må møtast, heller ikkje nemne den andres namn. Det er rett og slett straffbart, og Atle Næss kunne fortelje om den gongen ein mann kom springande, skrikande, ut frå skogen, Han hadde treft på svigermor si.

Det overordna temaet på haustseminaret var ?Inspirare necesse est?. Med utgangspunkt i boka Røff guide til samtidslitteraturen inspirerte Marta Norheim, kritikar og journalist i NRK, til nyfikne om samtidslitteraturen under tittel ?Alt du har lurt på om norsk samtidslitteratur, men aldri tort å spørje om?. – Eg les nok meir norsk samtidslitteratur enn kva som godt er. De les truleg meir omsett litteratur, og eg skal ikkje leggje stein til børa, meldte ho, før ho gav dei klassisk beleste innføring i dirty re(gion)alism, ekte drit og dirty urbanism. Tove Bakke beit seg merke i Kyrre Andreassens måte å skildre korleis ein lukka att ei bildør: ?Det var Roland, halvbroren min. Han kløyv ut av det rustne blekkflaket, dunka hånda i taket og hælsparka døra igjen? (Det er her du har venna dine). Så introduserte då òg Bakke Marta Norheim sitt føredrag med det retoriske spørmålet om kor det er ein finn dei subtile endringane i språket – som ein omsetjar kan ha nytte og glede av å kjenne til.

Det heile starta med namneopproping, som eg fekk eit klårt inntrykk av var umogleg å svinge utanom. Elles fekk ein tango og kåseri, informasjon om prosjekt ved Ås bibliotek for å synleggjere omsett litteratur, ein hadde quiz på kveldstid og quiz på nattestid. Ein kunne få informasjon om skatt og økonomi, om elektronisk vask, om avspenningsteknikkar, og ein hadde sjølvsagt ein konkurranse. Denne blei utdelt på fredagen og skulle leverast inn på laurdagen. Det var snakk om ordtak og ?bevingede ord? på tysk, fransk og engelsk, på rim, som skulle få norsk kjole, det var ei slags djevelens orbok der ord som forleggjar, forfattar, bokmeldar, vaskar, forseinking og språkkjensle skulle definerast og ein skulle elles skrive ein tekst på det intereuropeiske språket Europanto. Ja du skjønar. Så er det vel slik med dei fleste yrkesgrupper, at dei har sine særtrekk, sine kommunikasjonsformer, sine innfallsvinklar, sine konkurranseformer, sine klassiske trekk. Men etter ei helg saman med omsetjarar vil eg hevda at nokre er meir klassiske enn andre. Og omsetjarar er mest klassiske av dei alle. Det er ei rein heidersnemning.