Kritikerlaget

Eit kritikklaust liv? – Eit kritisk blikk på det kritiske blikket sine kår

– Kunstkritikk er viktig fordi kunsten sjølv er viktig. Eg pleier å seie at eg ikkje er nøgd før kulturpolitikken får same plass i politikken som kultur har i liva våre. Det same kunne ein kanskje seie om kunstkritikken: Den må møtast med same alvor eller interesse som vi møter kunsten sjølv. Ei bok er ikkje berre ei bok, eit teaterstykke er ikkje berre ei førestelling. Det er viktige ytringar som fortener kritikk. Då må vi sikre at vilkåra for kunstkritikk òg er gode, sa Bård Vegard Solhjell i sin tale til årsmøtet i Kritikerlaget 5. april. Les heile talen her.

Kritikerlaget 14. april 2014 YtringerÅrsmøte
Copy of baard vegard solhjell
Bård Vegard Solhjell (Foto: Kritikerlaget)

Eg sat der fredag morgon, og var nøgd med meg sjølv. Eg hadde førebudd eit foredrag om kor viktige kritikarane er, om at dei kritiske stemmene er naudsynte – ei hyllingstale til kritikken.

Så dumpa ned inn ein e-post frå Kritikarlaget si Margunn Vikingstad klokka 09.07: «tenkte berre at eg ville presisere noko etter telefonsamtalen i går: at det ikkje må bli eit innlegg om kor fortreffelege kritikarar er, altså trengst ingen hyllingstale, at det ikkje er så nødvendig å snakke om nødvendigheita av dei kritiske stemmene»

Difor, her er det ikkje noko skryt å hente. Eg skal gjere to ting:
- Eg skal etablere eigne kriterier for kva eg synest er godt, i motsetnad til dårleg, i kritikken
- Eg skal diskutere kvar kritikken bør gå

God og dårleg kritikk
Eg har sjølv personleg erfaring som hobbymusikar, hobby-DJ og hobby-kritikar. Men kva er eigentleg kritikk?

Kritikk kommer fra det greske krinein som betyr «å (be)dømme» eller «å kunne skjelne» (mellom sant og falsk, mellom det gyldige og det ugyldige) i etisk-politiske og juridiske sammenheng, men også rent allment.

Då Anita Krohn Traaseth lanserte boka Godt nok for de svina, blei ho hjelpt fram av heiarop og smilefjes på twitter og facebook, til enorm ergring for nokon. «Raushet verkar betre enn kritikk», las eg ein stad. Men det er eit skille som byggjer på ei mistyding: For eit smilefjes er òg kritikk.

Motsett: Eit klassisk døme på bitande kritikk er ei ei-linje-melding tilskrive den amerikanske kritikaren og humoristen Ambrose Bierce:
«The covers of this book are too far apart».

Ein som les denne meldinga vil forstå at boka ikkje er særleg bra. Men heller ikkje særleg meir. Ein god kritikk har nokre kjenneteikn ut over sjølve smaksdommen si gyldigheit:

Den bør grunngje dommen med argument som opplevast treffande og relevante. Og aller helst: Den bør tale til lesaren på ein måte som innbyr til ein form for handling eller refleksjon. Til dømes til å faktisk lese boka du les om. Eller til å ta til motmæle mot noko eller nokon, kanskje mot forfattaren eller kritikaren. Eller noko så lite – eller så stort – som å bli merksam på noko du ikkje før hadde merka deg.

Den bør gje forståing av sitt objekt.

Men enno meir interessant, kan den ha verdi uavhengig av sitt verk?

Nyleg gjekk prisen som årets litteraturkritikar til Morgenbladets Bernhard Ellefsen. Eg synes Ellefsen sjølv seier noko om kva som kjenneteiknar god kritikk, i eit intervju med Dagens Næringsliv:

– Kritikken er en litterær genre, på linje med romankunsten og poesien. En seriøs kritikk skal kunne se litteraturen rett i øynene.

Ein verkeleg god kritikk er for meg ofte kjenneteikna av at eg les han med like stor glede sjølv om eg er heilt ueinig. Fordi teksten i seg sjølve er så god, velskriven, tankevekkjande eller – kanskje aller helst – provoserande at den snakkar direkte til meg, og ikkje berre gjennom det den feller ein dom over.

Eit aktuelt døme er Espen Søbye sin kritikk av Statoil sin årsrapport i Morgenbladet. Den står for sin eigen kvalitet.

Enno meir vidtgåande: Kan ein god kritikk tilføre noko eige? Skape ein debatt eller eit omgrep?

La meg illustrere med eit døme. Simon Reynolds er ein av dei mest kjende musikkritikarane. Han introduserte omgrepet Post-Rock (om Bark Psychosis, seinare Tortoise) i ein platekritikk. Det vart ståande, og skapte ein sjanger ut frå nokre kjenneteikn – dermed skapte det også ein forståingshorisont for ein viss type rock.

Kritikken og debatten i etterkant av av Karl Ove Knausgård sin bruk av familien i Min Kamp 1 skapte ein debatt. Denne debatten vart raskt vidare enn sjølve verket og kritikken, den vart ein allmenn debatt om bruk av faktiske tilhøve til fiksjon i litteraturen.

Ein god kritikk kan påverke samfunnet, som god kunst. Den kan sette varige spor.

Kvar går kritikken?
Theolonious Monk vart ein gong spurt kvar Jazz’en vil gå, og svarte: “Where is jazz going? I don’t know where it’s going. Maybe it’s going to hell. You can’t make jazz go anywhere, it just happens.”

Treng vi kritikk? Nei. Openbart ikkje. Det er tenkeleg å sjå føre seg eit samfunn utan kritikk. Dei finst.

Kjem det til å skje?
- Nei, vi likar å bedømme kvarandre.
- Trass frykt, vi forstår at framsteg krev kritikk
Vi kan kanskje påverke litt. Tre ting vi kan påverke:

Vi snakkar gjerne om å ha eit «kritisk blikk», og å vere ein god kritikar er å ha eit slikt blikk. Eller kanskje rettare: Å lære seg eit slikt blikk. For det krevst like mykje øving for å bli ein god kritikar som for å bli ein god forfattar eller filmskapar.

Ei av kulturpolitikken sine oppgåver er å gjere det mogleg for nokre å øve seg opp til å bli verkeleg gode kritikarar.

Folk er ikkje fødd Kjell Nupen, eller Per Petterson. Dei må trene.

Det er mykje snakk om å satse på kvalitet. Då må vi først satse på vegen til kvalitet, gjennom utdanning og langvarig arbeid.
- Stipend
- Utdanningar

Verkeleg gode kritikarar er det ikkje mange av. Det går mange «denne plata er god – løp og kjøp»-meldarar på kvar verkeleg interessante kritikar.
Kan ein grunn vere at den får for lite plass?

Eg har nesten slutta å lese platemeldingar, fordi dei fortel meg ingen ting. Men nettet si grenseløyse, og nye djupnemedier gjev von. Eg trur plass er viktig for kritikken.

Kanskje heng det korte saman med eit anna tilhøve, vår målemani. Vi er ikkje i stand til å forstå noko utan å få ein karakter, eit kvantitativt mål. Eit terningkast, eller kanskje det snart er smile- og surefjes.

Men eg kan seie, at i mitt forbruk av kritikk er eg ikkje så oppteken av den subjektive opplevinga av godt eller dårleg. Sjølv når det er forbrukarinfo. Eg leitar etter skildringane, ideane, samanlikningane – spor av meining.

Kan vi tenkje oss eit opprør mot målemani, også i kulturkritikken? Ei søk etter meining?

To spørsmål om verdsetjing:

Eg merka meg òg eit anna sitat i intervjuet med Ellefsen: «Min jobb er å konfrontere andre uttrykk. Som kritiker mener jeg at litterær kvalitet har samfunnsmessig betydning, og da kan jeg jo ikke forstille meg.»

Her er vi ved kjernen: Kunstkritikk er viktig fordi kunsten sjølv er viktig. Eg pleier å seie at eg ikkje er nøgd før kulturpolitikken får same plass i politikken som kultur har i liva våre. Det same kunne ein kanskje seie om kunstkritikken: Den må møtast med same alvor eller interesse som vi møter kunsten sjølv. Ei bok er ikkje berre ei bok, eit teaterstykke er ikkje berre ei førestelling. Det er viktige ytringar som fortener kritikk. Då må vi sikre at vilkåra for kunstkritikk òg er gode.

Altså; er kunst viktig, er kritikk viktig.

Enger-utvalet: Kultur som ytringar, meiningar, uttrykk – blir til i møtet med oss. Viktig å ha ytringsfridom i kulturen, men også mangfald av ytringar.

Eg synest omgrepet ytringskultur uttrykker dette bra: Ein kultur for å skape viktige ytringar.

Vil vi ha kritikk
I positivitetens tidsalder, leitar vi alle stader etter entusiasme, energi, fokus, tydelegheit og gjennomføringskraft. Eg skal avsløre: Eg meiner «gjennomføringskraft» er det mest overvurderte ordet i norsk politikk. Ting kan ta lenger tid på grunn av dårleg gjennomføringskraft. Det kan gå heilt galt pga manglande evaluering, vurdering og kritikk.

Når ting tek tid, er det oftast på grunn av motstridande interesser – vanskelege val. Når ting går galt, er det ofte fordi ein ikkje høyrer på kritiske innvendingar. Det maniske mantraet «gjennomføringskraft» er den dummaste tendensen i politikken, la den ikkje smitte over på kulturen.

Takk for meg.