Kritikerlaget
7 høyt og lavt

Høgt og lavt i litteraturkritikken

Referat av samtale mellom May Grethe Lerum, Eirik Vassenden og Bjørn Ivar Fyksen 27. mai under Kritikerseminaret på Lillehammer.

Kritikerlaget 13. juni 2016 LitteraturReferater

Bjørn Ivar Fyksen innleidde samtalen med å lese eit sitat frå romanen Trost i taklampa av Alf Prøysen.

Bjørn Ivar Fyksen: Dette programpunktet tek utgangspunkt i det kapitlet som du, Eirik, har skrive til Norsk litteraturkritikks historie 1870–2010, og som heiter «Høyt og lavt i VG. Litteraturkritikken i uke 50, 1949», og Trost i taklampa vart meldt i VG i veke 44, 1950, så eg syns eg har treft nokså godt med dette dømet. Men kan fortelje litt om funna dine i dette kapitlet?

Eirik Vassenden: Eitt av dei metodiske grepa i kritikkhistoria har vore å undersøke korleis kritikken ser ut i dei ulike publikasjonane. Altså utval som er både representative og tilfeldige. Eg kvantifiserte og sorterte bokstoffet i VG gjennom éi veke hausten 50, og av 44 bokmeldingar totalt er det interessant å registrere at berre 9 av desse dreier seg om skjønnlitteratur – resten er sakprosa. I tillegg finn ein nokre tydelege skille mellom undersjangrane, også i kven som melde kva: Avisa hadde eigne kritikarar for ulike bokkategoriar som barnelitteratur, sakprosa, populærvitskap, underhaldningslitteratur, poesi og romanar. Det er ei tydeleg hierarkisk inndeling – dei ulike typane kritikk var skilt frå kvarandre. Hierarkiet var også tydeleg i diskusjonen av kva som er godt og dårleg.
Eit døme frå ei melding kritikar Odd Eidem skreiv av Kåre Fastings roman Døtre og sønner viser at han var sterkt negativ til det det sentimentale og patetiske, og innvendingar som at historia var banal, føreseieleg og mangla psykologisk djupn. På grunnlag av dei mange ”melodramatiske” og ”patetiske” innslaga kunne han også stille spørsmål ved etikken i verket.

I ei anna melding kan vi òg sjå korleis element frå serielitteraturen blir framheva på ein annan måte: I ei melding av ein ny roman frå Johannes Heggland trekker kritikaren Ragnvald Skrede fram det repetitive som dårleg: Denne gongen og tek boka til med at ei ung, solid gjente kjem til ein gard som tenestegjente. Akkurat slik byrjar både firebandsverket og tobandsverket til Heggland! Ein kan få hug til å spørja: Finst det ikkje andre måtar å ta til med ei bok på!” Men fordi han fann ein tvist i plotet som er ny, landa han likevel på ei positiv vurderring av romanen. Altså handterte desse to, Eidem og Skrede, kriteria for kvalitet ulikt.

Bjørn Ivar Fyksen: Så innanfor dei ulike bokkategoriane blir det vurdert ulikt kva som er godt og dårlig?

Eirik Vassenden: Ja, her er kriteria heilt klart ulike: at teksten er lettlesen og effektivt fortalt, kan vere positivt i ein underhaldningsroman. Men ein lesar som Eidem vil kunne vurdere det motsett, og sjå dette som banal forteljing. Vi ser òg frå tidlegare i kritikkhistoria at underhaldningslitteraturer kunne bli sett som farleg. I arbeidaravisa Social-Demokraten blei til dømes underhaldningslitteraturen sett på både som eit utslag av forlaga sin profittmaskin, som reint konsumt – virkeligheitsflukt som eit slag sekulær opium for folket.

Bjørn Ivar Fyksen: May Grethe, korleis opplevde du desse haldningane i VG då du var der?

May Grethe Lerum: Eg var kioskdronninga. Eg hadde 120 000 lesarar, men det var likevel modig av VG å engasjere meg som meldar utan fagleg bakgrunn. Det var eit motsignal til resten av pressen som hadde ei meir akademisk tilnærming. Eg meiner at det er når dei nærmar seg det «lave» at kritikaren også viser sitt lavmål. Faren er stor for at du avslører veikskapane dine som kritikar. Eg har respekt for dei som har tatt underhaldningslitteratur på alvor – men det er skremmande få. Det har ikkje vore noko systematisk oppfølging av den spesifikt norske sjangeren serielitteratur. Eg vil seie 75 % av desse bøkene er arbeidarlitteratur, og slik står i ein solid tradisjon.

Men vi kritikarar har ikkje nokon god tradisjon for å vurdere dette – det endar ofte i moralske innvendingar. Feministane på 70-tallet såg underhaldningslitteraturen som farleg – dei meinte at unge kvinner fekk eit urealistisk syn på livet.

Bjørn Ivar Fyksen: Korleis takla du desse doble setta av vurderingskriteriar? Eg las ei av bokmeldingane dine frå 2015 – du skreiv om ei bok med stive permar at ho vel eigentleg høyrde heime i kiosken med mjuke permar. Du snakkar også om veikskapane ved slik litteratur?

May Grethe Lerum: Meldingar av underhaldningslitteratur har likskapar med meldingar av krim, som også er skapt for å få tida til å gå. Men slike bøker kan også kommentere og overraske. Dei må ha eit minstemål av språkleg kvalitet. Forlaga legg lite jobb i desse hurtigproduserte bøkene – og det er trist om lesarar som les lite får bøker med nesten uredigert tekst. Der er eg streng. Og så skal historia ikkje vere kopi av kopi av kopi. Då verkar det heller ikkje underhaldande for publikum, som har mange bøker å velje blant.

Bjørn Ivar Fyksen: Vi ser no at TV-seriar blir tatt på alvor, og kan ein i såkalla kulturaviser – som Dag og Tid, Klassekampen og Morgenbladet – stadig lese dobbeltsider om til dømes ein rett nok avansert, men tvers igjennom melodramatisk krimserie som Breaking Bad, mens dei ikkje rører underhaldningslitteraturen.

May Grethe Lerum: Lesarane av dei bøkene blir nok ikkje sett som potensielle lesarar for desse avisene. Men det kan også kome av mangelen på kompetente kritikarar for sjangeren.

Eirik Vassenden: Eg skal ikkje begynne å klage over rammevilkåra for kritikk no, dette er altfor velkjente tonar i kritikkdiskusjonar til alle tider. Men det ligg aktive val til grunn i redaksjonane, politiske val. Nokre stader – som i arbeiderpressa – vil ein unngå desse bøkene fordi dei blei oppfatta som skadelege, som «falskt medvit» som kunne forgifta sinna.

Fernanda Nissen sa ein gong i ein debatt (som det var fleire av før, men om same tema som vi diskuterer no for tida) om sitt eige kritikarmandat: Ho las bøker for lesarane sine; det var deira lesetid og økonomi ho disponerte. Sidan mange av dei ikkje hadde råd til å lese mange bøker sjølv, og heller ikkje hadde råd til å halde fleire aviser, så var kritikaren sitt oppdrag å lese på deira vegner. Bokmeldinga i seg sjølv skulle kunne gi lesaren eit litterært utbytte, og difor meldte ho kun det ho oppfatta som det beste og viktigaste.

May Grethe Lerum: Vi har også ei rolle med folke opplysing og forbrukarvegleiing. Eg har alltid hatt det litt i bakhovudet. Om eg kan bidra til at rett bok treff rett lesar, så er det ein fin delgevinst av kritikarverksemda mi. Underhaldningssjangeren er jo ei blanding av skitt og kanel – og den kanelen er det mange som har bæsja i – og der kan kritikaren verkeleg gjere nytte for seg ved å vegleie gjennom denne kaotiske sjangeren kor marknadskreftene betyr så mykje. For mange av lesarane er det alt dei les.

I dag må lesarane lite på kvarandre for tips. Dei har mykje kontakt via nettet, og der finn du alt frå rapportar med systematiske samanlikningar til dei som har eit nærast religiøst forhold til bøkene.

Eirik Vassenden: Det høyres ut for meg som at dei klarer seg fint utanfor den litterære institusjonen. Elles er det eit historisk poeng at populærlitteraturen ser ut til å ha eksistert ved sida av, eller på utsida av denne institusjonen lenge. Eit eksempel er kritikken under andre verdskrigen: Her ser interessant nok kritikken av underhaldningslitteratur, særleg krim, ut til å ha stått utanfor også den sterkt ideologiserte diskusjonen av kunst og kultur. I dei fascistiske publikasjonanen seint på 30-talet blei til dømes kulturradikalarane hudfletta, meda krimlitteraturen stort sett blei lesen med underhaldning som einaste målestokken. Også i de NS-styrte avisene under krigen ser vi dette – ein snakkar om spenningslitteratur som ”bøker i blendingstider” og held ofte ideologi utanfor. Det kan rett og slett sjå ut som om underhaldningslitteraturen fungerte som ein slags pustepause for alle, og vart halden unna det moralske nivået.

Under krigen gjekk elles litteraturkritikken vidare – nesten som vanleg. Avisene blei anten stansa eller fekk nazileiing, men bokmeldingar trykte dei likevel. Ofte djupt ideologisk og nazifisert. Men kritikk fann ein på dei underlegaste stader: Til dømes hadde bokstoffet ein framskoten plass i ein publikasjon som Germaneren – kampskrift for norske SS. Dette bladet var eitt av mange som trykte det vi kanskje kan kalle ein overraskande estetisk anlagt litteraturkritikk.
Men vi ser ein endring i kritikken av populærlitteraturen. Nils Nordberg var krimmeldar på 1980-tallet: Han la stor vekt på språk, og var allergisk mot stereotypiar. Han ville at krimen skulle vere samfunnsskildrande. I eit kapittel skrive av Thorstein Norheim kjem det fram at han stilte andre – og fleire – krav til krimbøkene enn den reine underhaldningsverdien.

May Grethe Lerum: Kritikken av underhaldningslitteraturen ber preg av å vere sleivete og ovanfrå- og-ned. Serien min vart meldt i 1993. VG var positive og såg meg som del av ein folkelig tradisjon. Dagbladet var ikkje snille – det meste av teksten handla om pressekonferansen og den sexy stilen min. Då eg vart bokmeldar, ville eg ikkje skrive om underhaldningslitteratur av habilitetsgrunnar. Dessutan må ein lese heile serien – i denne sjangeren er éi bok å betrakte som éit kapittel – så det er meiningslaust å melde éi bok.

Bjørn Ivar Fyksen: Apropos Nordberg: Den nye linja til kulturseksjonen i Dagbladet jobba aktivt for å viske ut skilla mellom høgt og lavt?

Eirik Vassenden: Ja, på 80- og vidare inn på 90-tallet kan ein sjå ein begynnande kollaps av ein offentligheit som før hadde vore klart lagdelt. Dette kan ein sjølvsagt også sjå som ei medviten nedbygging av hierarkia.

May Grethe Lerum: Det var på den tida underhaldningslitteraturen fekk plass i biblioteka. Og vi såg sjangerforflating i kritikken i alle medium.

Eirik Vassenden: Det var også auka akademisk interesse for underhaldningslitteraturen, på midten av 70-talet i miljøet rundt Audun Tvinnereim i Bergen, og på 90-talet frå Cecilie Naper i Oslo. Sjangeren vart teken på alvor som samfunnsfenomen. På 70-talet må ein nok seie at ein opererte med ein ideologikritisk og symptomaliserande lesemåte, der bøkene vart sett som diagnostiseringsmateriale: Underhaldningslitteraturen dokumentere «massenes undertrykte begjær». Ikkje berre serielitteraturen blei undersøkt på denne måten – krim, western, teikneserier, slagertekstar, porno, , ukeblad osb. var sett som symptom. Ein analyserte dette ideologisk: Er dette sløvande, og berre eit uttrykk for samfunnets falske medvit? Den høgverdige litteraturen vart derimot sett på som medvitskapande og frigjerande.

May Grethe Lerum: Eg meiner at ein må melde bøker på sjangeren sine premissar. Ein sender ikkje den same kritikaren på ein symfonikonsert som på Wenche Myres juleshow. Eg skjønar ikkje vegringa mot å operere med ulike kriterier.

Bjørn Ivar Fyksen: Er det eit litteraturteoretisk problem å operere med ulike kriterier?

Eirik Vassenden: Vi er kanskje ikkje alltid villige til å innrømme – slik som før, td. i VG i 1949 – at det finst og trengst spesialkompetanse, sjølv om vi har drive spesialiseringa langt på mange andre område. Det er kanskje for liten tradisjon for å sjå underhaldningslitteraturen som eit felt som krev spesialkompetanse. Men det dreier seg og om prioritering av plass og midlar, og då blir verdispørsmåla stilte på spissen. Kva skal ein melde om det berre er plass til tre bokmeldingar i veka? Så handlar det òg om fragmenteringa av den offentlege samtalen, altså at dei store avisene ikkje lenger er navet alt roterer rundt, og at deloffentlegheitene er snart like viktige.

Kulturrelativismen frå innsida er òg ein trussel: Når TV-serien Breaking Bad av kompetente folk og litteraturprofessorar blir kalla noko av det beste som blir skrive i dag, er noko alvorleg gale. Situasjonen krev av kritikaren at vi gjer gode prioriteringar av kva som skal stå på trykk i avisene.

May Grethe Lerum: Eg ser ingen nye kritierier i VG etter at dei kutta i bokmeldingane. Men det er for mykje om internasjonale bestseljarar. Før var eg stolt av at vi i VG meldte ei så stor breidde av litteraturen, vi skreiv også om svært mange bøker.

Bjørn Ivar Fyksen: Er det på sida å snakke om eit demokratisk problem når smaken til folk flest ikkje får spalteplass?

Eirik Vassenden: Representativitet er ein ting, men kritikken har også som mandat å vise fram den beste litteraturen. Eit – enkelt sagt – folkeopplysingsmandat.

May Grethe Lerum: Men ein kan også snu på det: Er det ikkje av interesse at nokon følgjer med på kva folk les? Kan det seie noko om vår tid? Kvifor er ikkje dette eit viktig tema for litteraturvitarar? Det er gjerne sosiologar som bryr seg om slikt. Eg trur kritikarar er redde for statusen sin om dei skulle ta fatt i slike bøker. Det blir nesten eit spørsmål om moral: Er ein eit dårleg menneske om ein les dårleg litteratur?

Eg skal elles snart ut på skuleturne. Til det har eg finlese både Karl Ove Knausgård og andre, til dømes Margit Sandemos Sagaen om isfolket, og eg har plukka ut ei rekkje korte sitat som elevane skal få prøve å matche med forfattaren. Den testen kunne vi tatt her også! Eg var overraska over kor mange fellestrekk det var mellom bøkene.

Bjørn Ivar Fyksen: Som avslutning vil eg berre nemne at hovedpersonen i Alf Prøysens Trost i taklampa hadde éit standard skjellsord: «Bokprat»!

Spørsmål frå salen:

Rasmus Landström: Snakkar de framleis om «høgt» og «lavt» i litteraturen i Norge? I Sverige nyttar ein heller termane «smal litteratur» og populærlitteratur.

May Grethe Lerum:
Norske forfattarar eg har snakka med, opplever at salg og popularitet har ein tendens til å bli oppfatta som teikn på lågare seriøsitet. Då eg sjølv skreiv ei bok som vart innkjøpt av Kulturrådet, fekk eg mitt første gong oppdrag for Kritikerlaget.

Espen Haavardsholm: Sidan du nemnde arbeidarlitteraturen: Dei beste bøkene er ikkje dei optimistiske – det er dei som skildrar det sanne, litteraturen skal ikkje forskjønne. Aksel Sandemose skreiv viktig arbeidarlitteratur, han tok opp sjølvundertrykkinga blant dei undertrykte.

Eirik Vassenden: Kristofer Uppdals Dansen gjennom skuggeheimen – skriven mellom 1911 og 1924 er jo tidligare ute enn det meste i arbeiderlitteraturfeltet, men det handlar om ein annan arbeidar: den stadlause rallaren. Det er ein forteljing om hamskiftet, overgangen frå jordbruk til industri, men òg ein rein tragedie som endar på sinnsjukehuset.

Martha Norheim: Eg opplever at store mengder science-fiction og liknande no erstattar den klassiske kiosklitteraturen. Men det er den smale litteraturen som verkeleg er utsett. Eg er ikkje mot bøker med brei appell, men breidden og populærlitteraturen frå utlandet gjer biletet meir komplisert.

May Grethe Lerum:
Den kommersielle suksessen til «løkkeskriftromanane» (altså omsett underhaldningslitteratur) har endra mykje. Desse romanane kostar det same i butikken som den smale norske romanen, men kan ikkje kommentere vår samtid og vårt samfunn i det heile. Det er trist at desse bøkene fortrengjer den norskskrivne underhaldningslitteraturen. Eg trur forklaringa ligg i at forlaga kan ta høgare pris for omsett litteratur i stive permar.

Bibliotekar: Eg saknar barne- og ungdomslitteraturen i diskusjonen når det blir snakka generelt om litteratur og kritikk. Det er ungdommen og barna som treng ein god inngang til litteraturen mest.

Eirik Vassenden: Ja, historisk er Sonja Hagemann eit døme på ein av våre mest kjende barnebokkritikar. Ho heldt hardt på ein høg litterær standard. Om «ungpikebøkene» skreiv ho i Dagbladet i 1947: ”Å gi seg i kast med en bukett ungpikebøker er som å gå i sjøen en gråkald dag. En får gåsehud av det. Det kan bare bli spørsmål om å tie i hjel eller slå i hjel”. Ho renonserte ikkje på krava!

Olaf Haagensen: Kan du, May Grethe, utdjupe kvifor du meiner mange serieromanar er arbeidarlitteratur?

May Grethe Lerum: Eg meiner den typen folkelesnad som underhaldningslitteraturen er blir undervurdert når folk snakkar om arbeidarlitteratur. Desse bøkene har nesten alltid element av klassekamp i tematikken. Miljøet er ofte lagt til ei konkret historisk hending. Hovudpersonane kan vere fabrikkarbeidarar som Fyrstikkpikene, jordmødre eller arbeide i fiskevær. Dei møter den herskande klassen, og konflikt oppstår.

Bjørn Ivar Fyksen: Det er eit spørsmål om definisjon. Sjølv om underhaldningslitteratur skildrar arbeidarmiljø, inngår den ikkje i tradisjonen for arbeidarlitteraturen.

Referent: Merete Røsvik Granlund

Bilder

7 høyt og lavt