Kalender

Nyhetsbrev

Ja takk, jeg vil gjerne ha nyhetsbrev fra Kritikerlaget.





Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok - nominasjoner:

De fire nominerte verkene til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok er: Fam Ekman for Kall meg Onkel Alf, Anna Fiske for Hallo Jorda! , Hans Sande (tekst) og Gry Moursund (illustrasjoner): Slangen i graset,Øyvind Torseter for Avstikkere

Kritikerlaget 06. februar 2008 Krit.sirkelenPriserLitteratur

Fam Ekman (tekst og illustrasjoner): Kall meg Onkel Alf, Cappelen 2007
I over tretti år har Fam Ekman laget utfordrende og originale bildebøker for både barn og voksne. Kall meg Onkel Alf bekrefter og tydeliggjør Ekmans enestående evne til å kombinere det konsist språklige og det form- og materialutprøvende visuelle. I ord og bilder lar Ekman barnet ?jeg? fortelle om overgangen fra et harmonisk liv alene med mor til et ensomt og vanskelig liv med mor og mors nye mann: ?Kall meg Onkel Alf, sa han. Men jeg hadde aldri hatt noen onkel før.? Etter at ?jeg? slutter i skoleteatret og isteden lager ?scener hjemme? og etter at ?jeg? forsøker å rømme hjemme fra, åpner Ekman for at ?jeg? og Alf finner fram til hverandre. Tekst og illustrasjoner er holdt klart fra hverandre i hvert oppslag. Illustrasjonene både gjentar og utdyper teksten. Ikke minst utdyper de den sjalusi, ensomhet og uro teksten nesten skjuler i all sin nøkternhet. Men i kraft av Ekmans originale montasjeteknikk og rikholdige materiale (bl.a. plastelina, tøystykker med maskinsøm og tegninger) rommer illustrasjonene også spor av andre fortellinger.

Anna Fiske (tekst og illustrasjoner): Hallo Jorda! , Cappelen 2007
Hallo Jorda! er en original, humoristisk og utfordrende bildebok om ulike folk og figurers gjøremål rundt omkring på jorden i litt over et halvt døgn. Hvert oppslag viser et utsnitt av jorden fra Buenes Aires i vest til Kyoto i øst og fra Nordpolen i nord til Mogadishu i sør. Hallo Jorda! kan karakteriseres som en myldrebok med store, detaljrike og overfylte bilder der leseren blir oppfordret til å lete etter bestemte personer, handlinger, gjenstander eller fenomen. Boken er både episk og punktuell. Hvert oppslag kan leses ryddig og systematisk fra første til siste side, men det er også mulig å åpne boken på hvilket som helst oppslag og lese springende og usystematisk. Eller kanskje man vil følge en av Fiskes naivistiske figurer time for time og se hvordan det går med dem ? det kan være mannen i Stavanger som hele dagen leter etter noe i en kommode, den syke elefanten i India eller flaskeposten på sin ferd rundt jorden.

Hans Sande (tekst) og Gry Moursund (illustrasjoner): Slangen i graset, Gyldendal 2007
Slangen i graset opnar med at den vesle kanina tumlar lukkeleg ikring i sola mellom gulrøtene med upåklageleg sjølvbilde, men alt i andre oppslaget kjem ein slange til paradiset. Ein vaksen høgtlesar vil kjenne att både bibelske konnotasjonar og eventyrets vesle Raudhette. Det er ei initiering, uskulda sitt første møte med verda utanfor og verda inni ein sjølv, med døden og seksualiteten, som her vert handsama på sprekt og alternativt vis. Slangen lokkar kanina med på ei nifs reise gjennom eit svart hol og ein lang gang til natta under fullmånen der jungelen er full av slangar – ein ideell stad for eit initieringsritual eller eit dødeleg slangebit.
Slangens doble karakter som farleg forførar og vanleg hageslange, vert understreka av ein surrealistisk språkleg digresjon. ?Skjære vesle middagsgjesten vår! Lat oss få skjenne på deg!? tyder noko heilt anna enn: Kjære gjest, få kjenne på deg.
Det skal stor litterær tyngd til å handsame død, svik og overgrep i høve til barn på ein litterært vellukka måte. Her er det lesaren sjølv som avgjer kva ho vil ta imot, for Sande er like god til å lyge som ein slange, og Moursund kan teikne fritt og frodig som eit barn – noko det i følgje Picasso tek eit heilt liv å lære.

Øyvind Torseter (tekst og illustrasjoner): Avstikkere, Cappelen 2007
Dette er ei variert bok, i bokformatet si vidaste tyding: Ho vrir og buktar på seg, lik ein omkransande, halebitande orm. Avstikkere er ei forførande, kameleonsk bok, og den glidande vekslinga frå den naivistiske cowboystilen, til tradisjonell litografi, tresnitt og handkolorert raderingsteknikk, vert ei syntese, i gjennomgåande stødig og rustikk strek.
Det byrjar in medias res, i ei svart-kvitt teikneserierute på åttetoget med Mr. Random og Midstream Ron til noko som kan synast å vera ein vanleg, lønna jobb. Frå denne svart-kvitt stripa tek det av, i det som kan sjå ut som ein illustrert skulestil i 50-talsfunksjonalisme kva tid og rom gjeld. Karakterane minner om ein mellomting av spøkelseskladden, faren til Albert Åberg, Klas Dyregodt, og jammen har ikkje kvitebjørnen til Kittelsen, eit par måleri frå Munch-musèet og eit par avdanka speidargutar snike seg med òg. Tragikomikken skrir på sitt beste over i samtidskritikken: eit avfolka bygdenoreg vert effektfullt illustrert med nedgrovne skjellett under ei tung trerot.