Nyhetsbrev

Ja takk, jeg vil gjerne ha nyhetsbrev fra Kritikerlaget.





Kritikerprisen for beste voksenbok 2006

Kritikerprisen for beste voksenbok 2006, går ikkje til ein, men til to forfattarar: Trude Marstein og Kjartan Fløgstad.

Kritikerlaget 01. mars 2007 PriserLitteratur
Images

Tale ved Margunn Vikingstad 1. mars 2007

Dei nominerte til Kritikarprisen for beste vaksenbok i 2006 er, i alfabetisk rekkjefølge
Kjartan Fløgstad: Grand Manila, Roman. Gyldendal 2006.
Trude Marstein: Gjøre godt, Roman. Gyldendal 2006.
Dag Solstad: Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman, Roman. Oktober 2006.
Jan Jacob Tønseth: Von Aschenbachs fristelse, Noveller. Cappelen 2006.

Kort om dei nominerte: Grand Manila er av fleire kritikarar blitt samanlikna med Dalen Portland (1977) og Fyr og flamme (1980), dei to romanane som for alvor har gitt Kjartan Fløgstad ein plass i nyare norsk litteraturhistorie. Grand Manila er eit storverk, ei språk- og ideologikritisk framstilling av livet under seinkapitalismen.

Med ei 50-årsfeiring som samanbindande element gir Trude Marstein i Gjøre godt stemme til ikkje mindre enn 118 menneskelagnader. Marsteins skarpe blikk og upretensiøse forteljarrøyst er ein særskilt kvalitet i den allereie etablerte forfattarskapen hennar. I Gjøre godt kjem dette til sin fulle rett.

Dag Solstads bok, Armand V. Fotnoter til en uutgravd, består av fotnoter til ein uutgravd roman. Hovudpersonen, Armand V., har klatra til topps i karrierestigen i den norske utanrikstenesta. Men suksessen har gjort han til ein splitta person- Armand V. Er ei underfundig historie der Solstad reformulerer spørsmål av både estetisk og metafysisk art.

Von Aschenbachs fristelse er ei lita samling lågmælte noveller om einsame, middelaldrande og ikkje særskilt veltilpassa menn. Med antydningens kunst skildrar Jan Jacob Tønseth det store gjennom det vesle. Sanseleg, kjenslevar, vakker, glassklar, underfundig, sober, er nokre av adjektiva som skildrar dei fem novellene i samlinga.

Årets utdeling er spesiell. Det merkelege, store, ja i historisk perspektiv eineståande, er følgjande: Resultatet av den avgjerande røystinga får den konsekvensen at prisen ikkje vil bli delt ut til éin, men til to forfattarar! Kjære alle saman: Det er ei stor glede å kunngjere at Kritikarprisen for beste vaksenbok 2006 går til Trude Marstein og Kjartan Fløgstad!

Kva kan ein så seie om eventuelle likskapar mellom desse to forfattarane, ut over at dei begge er prismottakarar av Kritikarprisen for beste vaksenbok 2006? Ved første augnekast, eller kanskje rettare ved første lydlege røynsle med dei to romanane er det titlane som står fram, som talar, gir røyst: Grand Manila. Gjøre godt. Dei kling saman. Slik Fløgstad sjølv har peika på at tidlegare romanar i eigen forfattarskap spelar saman: Dalen Portland, Fyr og flamme. Grand Manila. Og Gjøre godt.

Og begge er dei fleirstemte: Trude Marstein med sine 118 stemmer, 118 lagnader, i tid konsentrert til ei heit helg i juli og i sentrum for alle stemmene og hendingane Elvebredden Hotell og ein 50-årsjubilant. Den litterære teknikken kan minne om George Perecs Livet bruksanvisning, romanen som tek for seg ein bygård i Paris, rom for rom og fortel livet til dei som framleis er der eller dei som ein gong budde der. Det breie blikket snurpar seg innover og breidden blir noko anna og meir. Marstein nærmar seg gjennom dei stadige rørslene i perspektiv tema som svik, kjærleik, begjær, død, flukt, einsemd, forsoning. Ut av det breie perspektiv veks det fram eit bilde og ei kjensle av det banale, tilfeldige, tragiske og kanskje til og med vakre ved livet til folk som lever nær kvarandre, som med eller mot sin vilje rører ved kvarandres kvardag og liv. Med Gjøre godt har Trude Marstein skapt stor forteljarkunst.

I Grand Manila fortel Fløgstad historia om fem familiar i Lovra, Fløgstads fiktive utgåve av Sauda. Familiane er Hidle, Tråskår, Thu, Lima og Jeremias/Jerry Dørmænen, med forteljaren sjølv i utkanten av historia, han som mot slutten blir kalla Kjartan. I romanen rettar Fløgtad i velkjent stil blikket mot det tjuande hundreårets siste halvdel for å seie noko om industri, kapitalisme, individualitet og lagnad. Det handlar om den einskilde og den einskildes draumar og det handlar om det gigantiske og kyniske internasjonale konsernet Union Carbide, som har svin på skogen på minst tre kontinent. Det fleirstemte hjå Fløgstad og det som er særeige for denne romanen er gjengivinga av fiktive e-postkorrespondansar, eit litterært grep som aktualiserer tanken om litteraturen som ein sosial og intertekstuell praksis. Romanen gjenoppstår, slik Bakhtin ville ha sagt, gjennom ein dialogisk prosess, ei utveksling mellom verk og leser. Grand Manila er eit storverk som sameiner poesi og prosa i romanformen. Med vakre setningar som dette, frå Madli Hidle til Jeremias Dørmænen: «Du må måle luftslottet ditt blått, sa ho. Det gjer eg. Då held det med eitt strøk.»

At dei to forfattarane deler årets kritikarpris for beste vaksenbok 2006 kan seiast å verkeleg akutalisere det vi meiner med fleirstemt. OG: Det som skjer i dag er at dei to romanan begynner å samtale med kvarandre. Gjøre godt. Grand Manila. Ein samtale som òg er ein samtale mellom to forfattargenerasjonar i den norske samtidslitteraturen.

Eit anna fellestrekk ved dei to forfattarskapane er hangen til, kjærleiken til kanskje, det banale, det kvardagslege, til blødmene, på kvar sine vis. Trude Marstein med sitt skarpe blikk på alt frå den gamle døyande kvinna, den einsame og nyskilt 40-åringen, eller jenta som nostalgisk etter nyleg tapt barndom tenker: «Jeg savner at jeg var dummere enn jeg er nå». Kjartan Fløgstad med sitt rørande blikk på den fåmælte finnen Jerry Dærmænen som får ord på seg til å vere den mest keisame mannen i verda. Sitt rørande, og morosame blikk på Madli Hidle som les seg alfabetisk gjennom engelsk-norsk ordbok og som døyr, med nasen i boka, då ho er komen til U. Og på Hadle Hidle med sine «Ja, det er mykje allslags» eller «Det er noko med alt.»

Samstundes er det to romanar som er svært ulike som i dag mottar Kritikarprisen. Der den eine konsentrerer seg om ei sommarhelg, har den andre eit tidsperspektiv som strekker seg ut over heile det 20. hundreåret . Der Gjøre godt trekker trådane mellom menneske i ein småby ein stad i Noreg, har forteljingane i Grand Manila forgreiningar ut i den store verda, og nokre av dei går tilbake til dei første tiåra av førre hundreåret, med borgarkrigen i Finland som eit viktig element. Der Gjøre godt er i eit spenn mellom det individuelle og det kollektive i sjølve forteljarrøyst og dei mange perspektivskifta, beveger Grand Manila seg i same spennet, men ut frå dei få og einskilde opp mot eit globalt rekneskap med klimaks, eller kanskje rettare: botnpunkt i tidenes største industrikatastofe i Bhopal i India der 16.000 menneske miste livet.

I ei av meldinga av Gjøre godt avslutta kritikaren med oppmodinga eller trøysta at «Den uthaldande får si løn». Og om eg no skal bli personleg så har tolmod vist seg å vere ein dyd, nettopp i samband med både Fløgstad og Marstein. Å lese_ Dalen Portland_ som ung student var ei kjelde til rein irritasjon: Kva var denne nostalgien over smelteomnar, maskindur og tung røyk over dalar og fossefall? Som nokon år eldre student å lese Sterk sult, plutseleg kvalme var like irriterande: Kva i alle dagar var interessant, litterært eller på anna vis, med trivielle, banale episodar mellom Han og Ho? Så har altså interesse for desse to forfattarskapane – og gleda over dei auka jamt med tida. Med ein personleg tilbakelagt irritasjon i botn er det ei ekstra stor glede for meg å få lov til, på vegner av alle røyster i litteraturseksjonen i Norsk kritikerlag, å gi Kritikarprisen for beste vaksenbok 2006 til Trude Marstein og Kjartan Fløgstad! Prisen er eit unikt trykk av Øyvind Torseter.

Trude Marstein og Kjartan Fløgstad: Gratulerer!