Kritikerlaget

Kritikerprisen for beste voksenbok 2007 til Carl Frode Tiller

Kritikerprisen for beste voksenbok 2007 tildeles Carl Frode Tiller for romanen Innsirkling.

Kritikerlaget 05. mars 2008 Krit.sirkelenPriserLitteratur
Carl frode tiller

Tale ved Margunn Vikingstad, fremført på Litteraturhuset i Oslo, 6. mars 2008 ved overrekkelsen av Kritikerprisen for beste voksenbok 2007 til Carl Frode Tiller.

Titlane på dei fire nominerte verka til Kritikarprisen for beste vaksenbok i 2007 er:

  • Jon Fosse: Andvake, forteljing, Samlaget.
  • Merethe Lindstrøm: Gjestene, noveller, Aschehoug.
  • Christian Refsum: Ingen vitner for vitnet, roman, Oktober.
  • Carl Frode Tiller: Innsirkling, roman, Aschehoug

Trass ein rimeleg ung alder og ein framleis måteleg oversiktleg forfattarskap er mottakeren av Kritikarprisen 2007 allereie stødig plassert i den norske og nordiske samtidslitteraturen. Frå byrjinga av, frå debuten i 2001, har han hausta gjetord, nominasjonar og prisar, og ei kort saksing frå kritikkar av fjorårets roman lyder slik: «(…) det fins knapt forfattere i Norge i dag som greier å fylle den enkelte bokside med mer smertefull sensibilitet.» (Espen Stueland, Klassekampen), «(…) et forfatterskap som tegner til å bli det beste som har skjedd norsk realisme på svært lenge.» (Ane Farsethås, Dagens Næringsliv) og «Uutgrunnelig, dobbeltbunnet, uforutsigbart – og nettopp derfor troverdig.» (Vigdis Ofte, Morgenbladet). Kritikarprisen for årets beste vaksenbok 2007 går til Carl Frode Tillers Innsirkling!

Til liks med både Refsums roman og Lindstrøms noveller er fortida påfallande sterkt til stades i notida i Carl Frode Tillers roman Innsirkling. Hovudpersonen David har mista minnet. Ein annonse etterlyser menneske som kjenner han slik at dei kan fortelje fram fortida for David. Innsirkling er sett saman av brev frå tre av dei som svarer på annonsen, barndomsvenene Silje og Jon, og stefaren Arvid. Romanen vekslar mellom breva som er adressert til David og innblikk i liva til dei tre brevskrivarane på romanens notidsplan sommaren 2006. Med Innsirkling viser Tiller seg ikkje berre som ein utkropen formgjevar, men òg som ein forfattar med djup og skarp innsikt i det vanskelege og ofte skjøre samspelet mellom menneske som står kvarandre nær.

Innsirkling har fire hovudpersonar; ein som er taus og har mista minnet og dei tre brevskrivarane og forteljarane som heller ikkje er heilt til å lite på. Dei fire lagnadene heng saman og dei ulike forteljarane vert kvarandres spegel og speglingar av han eller ho som fortel. Like mykje som dei legg fram og kjem med sin definisjon av historia til David, prøver Jon, Silje og Arvid å hevde sanninga om seg sjølv og dei andre brevskrivarane. Kor mykje dei smører på, kva dei vel å ikkje fortelje, kor mykje som eventuelt er rein løgn, er vanskeleg å vite. At dei alle har sitt å slite med, er sikkert, trøytte og einsame som alle tre er. Dei psykologiske portretta i Innsirkling er sterke og Carl Frode Tiller har eit skarpt blikk og viser klokskap når han skriv fram mellommenneskelege relasjonar. Personane og banda mellom dei står fram med mange lag, og konfliktar, konfrontasjonar, reaksjonar og utfall er både uføreseielege og til å tru på. Det er langt mellom menneskene i Innsirkling, og det gjer vondt å lese når Tiller skildrar korleis Jon gong på gong fører seg sjølv langt ut over grensene for sympatisk framferd i sitt desperate ønske om å verte sett, og som nett derfor aldri får det han lengtar etter:

«Heilt stille. Ser på mamma, ser korleis munnen hennar liksom glir opp, korleis auga skiftar farge og blir mørke. Ho stirar rasande på meg, og eg blør innvendig, skamma brenn i meg og sinnet gløder, men eg ser rett på henne og tviheld på smilet. Går eit lite sekund, og så snur ho seg berre og fortsett med sausen, rører. Stille. Eg står her berre, raud og smilande. Og Eskil ser på meg. Han løftar litt på augebryna og ristar oppgitt på hovudet, seier ikkje noko. Eg seier heller ikkje noko, tviheld på smilet idet eg går ut av kjøkkenet, blør innvendig, men eg freistar verke så likesæl eg berre kan, ruslar med brennande rygg gjennom stua, og ut altandøra.»

Menneske som eigentleg vil kvarandre godt. Menneske som unngår konfrontasjon, som sirklar rundt konfrontasjonen. Tiller viser på særeige og godt vis kor vondt det gjer når det først vert ein konfrontasjon, eller når ein nærmar seg konfrontasjonen, men så berre trekkjer seg unna. Nærleiken og avstanden mellom menneske vert smerteleg synleg, som her mellom Silje og mora:

«Mamma, seier eg, kan vi ikkje… no sluttar vi, begge to, seier eg, og det er forsoning i stemma mi, og det går eit lite sekund, og så fnys ho plutseleg mot meg. Ja, kan vi ikkje gjere det, seier ho, og plutseleg sitt ho der og flirer igjen, og fliret hennar er trist. Og så snakkar vi om noko hyggeleg i staden, seier ho. Vêret eller noko slikt, seier ho. Mamma da, seier eg, og eg ser bedande på henne, og ho ser påtatt forbausa på meg. Kva er det? seier ho. Er det ikkje slik du vil ha det da? seier ho. Lett og ukomplisert, seier ho. Kvar gong noko blir litt vanskeleg, så skuggar du unna med ein gong. Det er jo slik du har vorte med åra, seier ho, og ho ser på meg og flirer, og eg ser ned i golvet, og det slepp eit sukk ut av meg, og eg kjenner kor sliten eg er, kjenner kor lei eg er, og kjøleskapet durar.»

Kven eig sanninga om eit menneske? Korleis er forteljing med på å forme identitet? Korleis blir sjølvbilde bygd opp, truga, revurdert eller brote ned i samspelet med andre? Dette er nokre av spørsmåla Tiller rører ved i denne sterke romanen. Innsirkling er første del i eit større romanprosjekt. Kva trådar og røyster Tiller kjem til å forme og følgje vidare står att å sjå. At den tause hovudpersonen i Innsirkling, David, har noko urovekkjande å kome med er sannsynleg, og det hadde vore overraskande, ja beint fram skuffande, om ikkje han òg trengjer seg inn i kampen om å definere fortida, sanninga, røynda.

Carl Frode Tiller! Gratulerer med Kritikarprisen for beste vaksenbok 2007!
Prisen er eit tresnitt av Ståle Blæsterdalen.