Kalender

Nyhetsbrev

Ja takk, jeg vil gjerne ha nyhetsbrev fra Kritikerlaget.





Kritikerprisen for beste voksenbok - nominasjoner:

Titlene på de fire nominerte verkene til Kritikerprisen for beste voksenbok 2007 er Jon Fosse: Andvake, Merethe Lindstrøm: Gjestene Christian Refsum: Ingen vitner for vitnet, Carl Frode Tiller: Innsirkling. Begrunnelse for nominasjonen:

Kritikerlaget 06. februar 2008 Krit.sirkelenPriserLitteratur

Jon Fosse: Andvake, forteljing, Samlaget 2007
Jon Fosses Andvake er forteljinga om det unge paret Asle og Alida, som er komne til Bjørgvin for å finne levebrød og bustad. Alida skal snart føde, men ingen har ledig rom åt dei ? fleire kritikarar har assosiert til juleforteljinga i Bibelen. Vel så viktig er ?det store svevet? i forteljinga, eit svev som kan kallast både tid, poesi, kjærleik. Fosse let fiskaren og spelemannen Asle sette liv og framtid på spel for Alida, for barnet, for den nye framtida som står på terskelen til livet. Draum og røynd er vevd saman til ein karakteristisk mellomtilstand, som i mykje av Fosses nyare dramatikk. Sjølv seier forfattaren han no har skrive ?ei god, gamaldags forteljing?. Andre meiner han har skrive ?ein perfekt roman?. Mellom dette: Andvake er sytti sider prosa på syngande nynorsk ? og litteratur ein kan bli liggande svevnlaus av.

Merethe Lindstrøm: Gjestene, noveller, Aschehoug 2007
Merethe Lindstrøms noveller viser seg som fortetta prosessar om nærleik og avstand mellom menneske. Ei underliggjande personleg krise eller eit eksistensielt drama kjem sakte til syne, og tidlegare hendingar gir atterlyd i skildringar på notidsplan. Ei historie om ei mor som ikkje lenger maktar å kome sonen sin i møte, kling mot ei historie om utruskap og ei tidlegare bilulykke, skildringa av samspel og ritual mellom eit eldre par kling mot historia om den jenta dei adopterte bort. Gjennom stemningsskildringar og metaforar skriv Lindstrøm fram klare og knappe observasjonar som verken gir for myje eller for lite. Fortid og notid glir lett fram og tilbake, dramatikken er fråverande, men lesaren blir likevel fanga av eit trykk, eit eksistensielt alvor. ?Det krever noe, det er et ansvar, tenker jeg, å skildre andre menneskers maktesløshet? hevdar eg-forteljaren i novella ?Vederlag?. I Gjestene skriv Lindstrøm om det moglege og det umoglege i det å leve saman, om ansvaret ved å sjå ? den andre?, ho skriv om avmakt og om ufrie menneske, og det gjer ho med skarpsinn og klokskap.

Christian Refsum: Ingen vitner for vitnet, roman, Oktober 2007
Hovedpersonen i Christian Refsums Ingen vitner for vitnet heter Bjørn Harlem, og er ansatt som professor i litteraturvitenskap ved Universitetet i Oslo. For tjue år siden var han aktiv i rockemiljøet, og han arbeidet på Kroghen, et herberge for uteliggere. Det er erindringen om denne tiden som blir høyst nærværende for litteraturprofessoren. Han gjenopplever hvordan han på Kroghen blir vitne til overgrep ? og en dag finner han en død mann på en av sovesalene. Hvordan vitne om denne hendelsen etter så mange år? Hvordan endre den falske forklaringen han den gang ga til politiet? ?Jeg skriver. Jeg forteller,? leser vi. ?Og jeg fornemmer at det jeg gjør er både riktig og galt. Det føles godt å skrive.? Med slike setninger beveger Refsum seg inn i et problemområde der litteratur og etikk synes å være to sider av samme sak. Christian Refsum bidrar slik til en av de store litterære diskusjonene i vår tid.

Carl Frode Tiller: Innsirkling, roman, Aschehoug 2007
Til liks med Lindstrøms novellesamling er fortida påfallande sterkt til stades i notida i Carl Frode Tillers roman Innsirkling. Hovudpersonen David har mista minnet. Ein annonse etterlyser menneske som kjenner han slik at dei kan fortelje fram fortida for David. Innsirkling er sett saman av brev frå tre av dei som svarer på annonsen, barndomsvenene Silje og Jon, og stefaren Arvid. Romanen vekslar mellom breva som er adressert til David og skildringar frå dei tre brevskrivarane på romanens notidsplan. Med Innsirkling viser Tiller seg ikkje berre som ein snedig formgjevar, men òg som ein forfattar med djup og skarp innsikt i det vanskelege og ofte skjøre samspelet mellom menneske som står kvarandre nær. Kven eig sanninga om eit menneske? Korleis er forteljing med på å forme identitet? Korleis blir sjølvbilde bygd opp, truga, revurdert eller brote ned i samspelet med andre? Dette er nokre av spørsmåla Tiller rører ved i denne sterke romanen som er sagt å vere første band i ein trilogi.