Kritikerlaget

Kritikersalong: Søt melodi eller lyrikk for vår tid?

Lørdag 4. november inviteres det til salong om nyere sanglyrikk.

Kritikerlaget 19. oktober 2017 LitteraturKritikersalong
Bobdylan

I samarbeid med Oslo Poesifestival inviterer Kritikarlaget til diskusjon om litteraturkritikk og songlyrikk.

Tid og sted:
Lørdag 4. november kl. 12.00 på Litteraturhuset i Oslo (Wergeland)

I 2016 gjekk Nobelprisen i litteratur til Bob Dylan, for å ha skapt nye poetiske uttrykk innanfor den store amerikanske songtradisjonen. I tillegg til å heidre Dylans livslange lyriske verk, var tildelinga ei anerkjenning av at songlyrikk er del av den største litteraturen. Men kvar står songlyrikken i den litterære samtalen i dag?

I Norge var visebølgja på 70-talet med å folkeleggjere den lyriske tradisjonen og sette lesarar og lyttarar i kontakt med poesien. I dag har songskrivarar igjen omfamna det norske språket og nådd ut til mange. Kva slags poetisk potensial ligg i dette gjennombrotet? Har den slagkraftige songlyrikken eit særleg politisk potensial?

Ordstyrar: Synne Øverland Knudsen. Panel: Håvard Rem, Sigrid Hvidsten og Pedro Carmona-Alvarez.

Salongen er støtta av Norsk kulturråd og Fritt Ord.