Nyhetsbrev

Ja takk, jeg vil gjerne ha nyhetsbrev fra Kritikerlaget.





Meir om frilanshonorar

Journalisten.no held fram undersøkinga si av korleis det står til med honorara for kritikk i norske aviser. Dagbladet og Morgenbladet er omtala i kvar sin artikkel.

Kritikerlaget 19. juni 2014 ØkonomiLitteratur

I ein artikkel hos Journalisten.no framgår det at Dagbladet betalar 2500 kr for ei bokmelding. Ei ny og større spalte for kunstkritikk betalar dei imidlertid 5000 kr for, ein pris kunstkritikar Arve Rød forhandla fram ved overgang frå Dagens Næringsliv. Kritikarar i Dagbladet har imidlertid ikkje formelle avtalar vanlegvis.

- Jeg har aldri hatt noen formell avtale med Dagbladet. Jeg blir spurt om å gjøre ting, og får så og så mye for det. Jeg har ingen rettigheter eller krav til avisen, og de kan når som helst velge andre. Avisen har ikke noe ansvar for meg, seier mangeårig frilansar og litteraturkritikar Jon Rognlien.

Morgenbladet har på si side prioritert auka honorar til frilansarar sidan Ane Farsethås tok over som kulturredaktør. Men sidan satsane var låge før, betyr det at satsane først i 2013 kom på nivå med Dagbladet. Det er imidlertid ingen faste satsar og dermed rom for forhandling. Litteraturkritikar Espen Søbye og kunstkritikar Tommy Olsson er intervjua. Sistnemde gjekk nyleg over til Klassekampen på grunn av litt betre honorar og meir spalteplass, men vil ikkje oppgi kor stort honoraret er.

Les artikkelen om frilanshonorar i Dagbladet hos Journalisten.no

Les artikkel om frilanshonorar i Morgenbladet hos Journalisten.no