Kritikerlaget

Olav Dalgards kritikarpris 2017 går til Tom Egil Hverven

Olav Dalgards kritikarpris skal gis en person som har gjort en viktig innsats som kritiker over flere år. I år tildeles den litteraturkritiker Tom Egil Hverven.

Kritikerlaget 25. mars 2017 PriserLitteraturNyheter
Timthumb

Tom Egil Hverven er ein litteraturkritikar som ruvar i vår tid. Han har ei lang karriere bak seg som kritikar i aviser og tidsskrift, og som redaktør, medarbeidar og bokmeldar i Norsk rikskringkasting. I 1999 skreiv han essaysamlinga Å lese etter familien. Forsøk om norsk litteratur på 1990-tallet. I 2013 ga han ut boka Terrorens ansikt om rettssaka mot Anders Behring Breivik.

Eg skal aller først minne mine gode kritikarvener om kva for ei ære det er å ta imot Olav Dalgards kritikarpris. Dalgard skreiv sjølv både litteraturkritikk, teaterkritikk og filmkritikk. Han kjempa for landsmålet, var tidleg aktiv som litteraturformidlar i rikskringkastinga, var ei periode leiar for Norsk litteraturkritikarlag, tok dei unge forfatterane i forsvar og flagga opent sine kulturradikale meiningar. Då Kyrkjedepartementets rådgivande utval for innkjøp av bøker til norsk folkebibliotek stemte over om Agnar Mykles roman Sangen om den røde rubin skulle stå på lista over bøker som var egna til innkjøp, var det berre Olav Dalgard i utvalet som stemte for.

Så å seie kvart år sidan 1981 har Olav Dalgards kritikarpris vorti delt ut til litteratur-, teater- og filmkritikarar som har satt sitt stempel på kritikken og det offentlege ordskiftet. Tom Egil Hverven har hatt vesentlege deler av sitt virke nettopp i Norsk rikskringkasting. Der var han med på å definere ein ny sakleg, kunnskapsorientert og teoretisk medviten kritikk, først som medarbeidar i kulturprogrammet Askeladden i 1987, deretter som redaksjonsmedlem i Kritikertorget, ein programpost som var med å prege litteraturdebatten i Noreg gjennom heile 90-talet.

Med artikkelen «Kjære familie, det finnes ingen familie», som sto på trykk i det første nummeret av Vinduet frå redaksjonen Riley/Frobenius/Øverås i 1998, markerte Tom Egil Hverven seg som ein kontroversiell og djupt personleg kritikar med eit ømt øyre for den nye litteraturen. Artikkelen hans skapte debatt. I Vinduet 3-4 1997 hadde Hverven etterlyst framstillingar av familien i sin gjennomgang av tidsskriftets femti fyrste årgangar. Og i «Kjære familie, det finnes ingen familie» las han den unge norske samtidslitteraturen nettopp med familien som perspektiv. Fleire oppfatta det som ein intens kritikk av den rådande språkkritiske oppfatninga av litteraturen som lausrivi frå røynda, eit generaloppgjer med autonomitenkjarane som trakk skarpe grenser mellom litteraturens estetikk og litteraturens etikk. Dei av og til slagordliknande setningane i artikkelen kan lesast og diskuterast med glede den dag i dag: «Litteraturens estetikk fører til litteraturens etikk, ved at barnets opplevelse blir retningsgivende for fortellingen eller perspektivet i tekstene». I ettertidas lys kan artikkelen hans seiast å setje ein problematikk under debatt som vi i dag diskuterer under overskrifta ‘røyndomslitteraturen’.

Likevel er det ikkje polemikken som er det fremste kjenneteiknet på Tom Egil Hvervens kritiske metode. Nei, han er aller mest ein kritikar som lyer til den litteraturen han les, som utlegg språket i diktinga slik at vi andre som les eller høyrer han, kan forstå og ta stilling til dei verka han kommenterer. I Boktilsynet på byrjinga av 2000-talet leverte han mellom anna svært godt orienterte lesingar av poetar som Cornelius Jakhelln, Hanne Bramnes, Torgeir Schjerven og Nils-Øivind Haagensen, som radiolyttarar over heile landet sette stor pris på.

Frå 2006 har Hverven vori knytt til avisa Klassekampen som bokmeldar i Bokmagasinet. Her boltrar han seg i spaltemeter og meldar alt frå Kjartan Hatløys diktsamling I kråkekrins til Bjarne Riiser Gundersens sakprosabok Da postmodernismen kom til Norge. I sistnemnte avslører han si eiga intellektuelle bakgrunn frå studietida på Blindern, då alle las Derrida og diskuterte postmodernismen. Der slår han frampå om kva skoleringa i fransk poststrukturalisme tydde for han; «[jeg] mener […] mange ble bedre lesere ved å studere Derrida». Det same kan ein seie om oss kritikarar og intellektuelle som har hatt gleda av å høyre Tom Egil Hverven si røyst i radio og lese meldingane hans i avisene: Eg trur mange av oss vert betre lesarar av å studere Tom Egil Hvervens kritikk. Og ettersom han er den etikaren han er, vel eg også å tru at han hadde stilt seg på Olav Dalgard si side i moraldebatten om Sangen om den røde rubin.

Gratulerer med Olav Dalgards kritikarpris, Tom Egil! Prisen består av ein bronseskulptur, modellert av Sivert Donali og 10 000 kroner.

For stipendkomiteen, Trond Haugen