Nyhetsbrev

Ja takk, jeg vil gjerne ha nyhetsbrev fra Kritikerlaget.





Ei oppsummering av årsmøtedagen i Norsk kritikerlag og Stiftelsen Kunstkritikk

Laurdag 14. april blei det halde årsmøte i Norsk kritikerlag og i Stiftelsen Kunstkritikk i Forfatternes Hus i Oslo.

 6
Årsmøte i Stiftelsen Kunstkritikk

Først på dagen blei det halde årsmøte i Stiftelsen Kunstkritikk. Årsmøtet i Norsk kritikerlag vedtok i fjor styrets forslag om at stiftinga overtar driften av nettidsskriftet f.o.m. 1.1.2012. Styret i Norsk kritikerlag har fungert som interimstyre for stiftinga fram til det første årsmøtet i Stiftelsen Kunstkritikk 2012. Møteleiar var Anne Schäffer. Innkalling og dagsorden blei godkjend. Medlem av interimstyret, Alt Kjetil Walgermo, gjekk gjennom årsberetninga til Stiftelsen Kunstkritikk og årsrekneskapen for 2011. Årsmøte godkjende einstemmig forslaget til endringar i vedtektene som blei vedtatt av interimstyret i stiftinga. Interimstyrets forslag til fastsetting av møtehonorar blei vedtatt.
Val av styre:
Petter Snare (styreleiar) og faste styremedlemmer: Per Odd Bakke, Johanne Nordby Wernø, Hanne Hammer Stien og Øyvind Lorentz Storm Bjerke. Vara: Nora Nerdrum og Marit K. Flåtter.

På årsmøtet var det 41 med stemmerett til stades, pluss to gjester. Sak 1: Årsberetning og revidert handlingsplan blei godkjend av årsmøtet. Sak 2: handlingsplan og budsjett blei godkjend. Forslaget frå styret om å auke medlemskontingenten frå kr 400 til kr 500 i 2013 blei òg godkjend av årsmøtet.

Val
Etter årsmøtet 14. april 2012 sit følgjande personar i styret for Norsk kritikerlag:
Leiar: Anne Schäffer (litteratur). Vara: Kristine Isaksen.
Nestleiar: Øivind Storm Bjerke (kunst). Vara: Erling Moestue Bugge.
Medlem: Ida Habbestad (teater, musikk og dans). Vara: Magnus Andersson.
Medlem: Alf Kjetil Walgermo (litteratur). Vara: Sindre Hovdenakk.
Medlem: Boel Christensen-Scheel (kunst). Vara: Øystein Hauge.
Medlem: Yngve Kvistad (teater, musikk og dans). Vara: Andreas Wiese.

I stipendkomiteen:
Arnhild Skre (litteratur) Vara: Inger Østenstad.
Thoralf Berg (teater, musikk og dans). Vara: Jørgen Alnæs.
Harald Flor (kunst). Vara: André Gali.

Ny valgkomité:
Karen Frøsland Nystøyl (teater, musikk og dans). Vara: Therese Bjørneboe.
Trond Haugen (litteratur). Vara: Ola A. Hegdal.
Lars Elton (kunst). Vara: Solveig Lønmo.

Til stades på seksjonsmøte for litteratur: Trond Haugen, Merete Røsvik Granlund, Astrid Fosvold, Mariann Enge, Knut Hoem, Heidi Sævareid, Anja Rålm, Jon Rognlien, Bernhard Ellefsen, Margunn Vikingstad, Hilde Slåtto, Alf Kjetil Walgermo, William Gunnesdal, Kristin Gjerpe, Sindre Hovdenakk, Marta Norheim, Karen Frøsland Nystøyl, Anne Schäffer, Anne Cathrine Straume, Nils-Petter Enstad, Elin Lindberg, Anne Merethe K. Prinos, Henrik Keyser Pedersen.
På seksjonsmøte for Litteratur blei forslag til endringar i vedtektene for Kritikarprisen for beste vaksenbok vedtatt. Endringa inneber at medlemmer frå no kan stemme inn tre, og ikkje to som tidlegare, kandidatar til Kritikarprisen for beste vaksenbok. Det føreset at både poesi og prosautgjevingar er representerte blant dei tre bøkene ein føreslår. Vedtektsendringa er sett til ein prøveperiode på tre år, og skal så evaluerast. Framlegg om å opprette ein ny kritikarpris for beste sakprosabok for vaksne blei òg vedtatt. I den nyoppretta juryen for Kritikarprisen for sakprosa for vaksne blei Sindre Hovdenakk, Guri Hjeltnes og Frode Hemlich Pedersen valt inn. Vidare orienterte Anne Schäffer om planar om å opprette ein ny kritikkportal på nettet. Merete Røsvik Granlund fekk saman med representantar frå dei andre seksjonane ansvar for å sjå nærmare på mulegheitene for ein ny kritikkportal, søke forprosjektmidler osb.

Til stades på seksjonsmøte for kunst: André Gali, Heidi Bale Amundsen, Boel Christensen-Scheel, Reidar M. Kraugerud, Jonas Ekeberg, Nora Ceciliedatter Nerdrum, Oda Bahr, Erling M. Bugge, Hanne H. Stien, Jan Kokkin, Johanne Nordby Wernø, Erlend Hammer, Dag Solhjell, Jarle Strømodden.
På seksjonsmøtet kom det forslag om at arbeidsutvalet i seksjon for kunst skal skaffe pengar, både frå Norsk kritikerlag og eksternt, for å sende leiar av AU kunst, eller den som leiaren peiker ut blant medlemmene, til neste AICA-konferanse. Seksjon for kunst har per i dag ikkje ressursar til å sende ein delegat til AICAs årskonferanse. Det kom òg forslag frå årsmøtet om at AU kunst skal arbeide overfor styret i Norsk kritikerlag for at delen av vederlagsfondet skal delast ut mellom dei ulike seksjonane. Dette skal vere med på å styrke det økonomiske fundamentet i dei respektive seksjonane. Det blei vidare orientert om planar for å opprette ein ny kritikkportal på nettet og om haustseminar for 2013. Forslag til nye statuttar/prosedyrer for Kunstkrikarprisen blei godkjend.

Til stades på seksjonsmøte for teater, musikk og dans: Magnus Andersson, Hans-Chr. Arent, Torkil Baden, Thoralf Berg, Hild Borchgrevink, Guri Pahle Glad, Knut Helbekkmo, Elin Lindberg, Jørgen Mathisen, Anette Mürer, Karen Frøsland Nystøyl, Sidsel Pape, Anette Therese Pettersen, Anna Valberg, Sigurd Ziegler.
På seksjonsmøte for teater, musikk og dans blei det diskutert kva ein skal gjere for å få tilgang til scenekort frå NTO til medlemmene i TMD. Det blei òg tatt opp kva medlemmene kan gjere for å skape større aktivitet i regionane. I samband med dette blei spørsmålet om habilitet diskutert. Kva gjer ein når arrangørar tilbyr kost og losji, mens redaksjonane sjeldan dekkjer reise og opphald til kritikaren når ho skal sjå og skrive om framsyningar rundt om i landet? Vidare blei forslag om å etablere ein operakritikarpris einstemmig nedstemt. Det blei elles vedtatt ei endring i ordlyden i vedtektene for kåring av kritikerprisen. Følgjande blir lagt til under punkt 1: «En kunstner som allerede har mottatt prisen kan vanligvis ikke foreslås på nytt».

På kvelden, etter sjølve årsmøtet, var det utdeling av Olav Dalgards kritikarpris og stipendutdeling. Olav Dalgards kritikarpris 2012 gjekk til teaterkritikar Idalou Larsen.

Etter dei ulike seksjonsmøte sit følgjande i arbeidsutvala:
Arbeidsutvalet i Seksjon for litteratur:
Kristine Isaksen, Astrid Fosvold, Henrik Keyser Pedersen og Knut Hoem. Bår Stenvik er vararepresentant.
Valkomité 2013 er Mariann Enge og Margunn Vikingstad.
Arbeidsutvalet i Seksjon for kunst:
Heidi Bale Amundsen, Ingvild Krogvig og Dag Solhjell. Oda Bhar er vararepresentant.
Valkomité 2013 er Nina Marie Haugen Holmefjord og Jarle Strømodden.
Arbeidsutvalet i Seksjon for teater, musikk og dans:
Magnus Andersson, Ida Habbestad, Anette Pettersen og Sigurd Ziegler. Vararepresentant er Lars Flydal.
Valkomité for 2013 er Thoralf Berg, Astrid Kvalbein og Sidsel Pape.

Bilder

 3
Det nye styret i Stiftelsen Kunstkritikk
 5
Styreleiar Anne Schäffer ønskjer velkommen til årsmøtet
 9
Idalou Larsen fekk Olav Dalgards kritikarpris 2011