Kritikerlaget

Rapport frå Kritikerseminaret 2013

Kritikerseminaret 2013 gjekk av stabelen 30. og 31. mai under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer og hadde temaet «Kritisk ansvar». Her følgjer samandrag av Espen Stuelands samtale med Margunn Vikingstad og Tone Selboes føredrag om Camilla Collett.

Merete Røsvik Granlund 04. juni 2013 LitteraturReferaterSeminarer
Tone selboe small
Tone Selboe held føredraget «Ansvarlig avantgardist: Camilla Collett som litteraturkritiker». (Foto: Kritikerlaget)

Jon Rognlien og Margunn Vikingstad ønskte ein fullsett sal velkomen til Kritikerseminaret 2013 torsdag 30. mai. Tema for seminaret i år var «Kritisk ansvar».

Dei fleste føredraga som vart haldne vil bli publisert i original form etterkvart. Referat frå den avsluttande paneldebatten med John Swedenmark, Kaja Schjerven Mollerin, Espen Stueland og Jon Rognlien vil også bli publisert separat. Her følgjer referat av Espen Stuelands samtale med Margunn Vikingstad og av Tone Selboes føredrag om Camilla Collett.

Dei finske poetane Miia Toivio og Marko Niemi framførde lydpoesi på finsk, svensk og engelsk torsdag ettermiddag. Sjå bilete nedst på denne sida (klikk på biletet for full versjon.)

Engasjementets nødvendighet og engasjementets pris
I samtale med Margunn Vikingstad utdjupa Espen Stueland synspunkta sine om korleis ein engasjert litteratur og kritikk skal vere.

I essayet «Sjelden fugl» i Klassekampen etterlyste Stueland for ei tid sidan ein økokritisk litteratur. På Forfattenes årsmøte i vår heldt han eit innlegg om engasjement og politikk som leidde til oppretting av eit uavhengig skribentnettverk for klima- og miljøspørsmål. I den nye essaysamlinga Falske tilståelser og andre essays etterlyser han litteraturkritikarar som ikkje berre vurderer dei estetiske sidene, men òg grip fatt i saksinnhaldet i litteraturen.

- Då eg skreiv Gjennom kjøttet måtte eg lese mykje om medisin og historie, og det gjer nok at eg tenkjer ansleis om litteraturen no enn før. Kanskje må vi tilbake til eit ideal som stod sterkare tidlegare, nemleg at intellektuelle og kritikarar skulle vere oppdatert på kva som skjedde innan vitskapen, sa Stueland.

Han hevda at økologi som tema i nyare bøker har blitt oversett av kritikarane. To døme er Indre krets av Arne Ruste og Veien av Cormac McCarthy. Ein av grunnane meinar han er at kritikarane ser etter kjende topos, og dermed kan oversjå det som ikkje passar inn.

- Men kor skal vurderinga ligge, korleis skal ein vekte sakopplysning mot det estetiske? spurde Vikingstad.

- Vi kan ikkje ha en kvoteringssituasjon. Det er vanskeleg å snakke om dettte. Sakkunnskap skal ikkje overtrumfe alt det andre. Men per idag blir saken heilt neglisjert. Vi kan som kritikarar prøve ut mykje meir enn vi gjer idag. Ta på alvor saksinnhaldet i bøkene vi les. At vi skal kommunisere til publikum, begrensar oss, men det estetiske får i dag overtrumfe totalt. Det må vere ein glidande overgang til ei litt anna realitetsorientering, svarte Stueland.

- Men skal ikkje litteraturkritikk vere litteraturkritikk lenger? Må det bli samfunnskritikk eller politisk debatt? spurde Vikingstad.

- Eg har ikkje ferdige svar på det. I tidsskrifta bør det være mogeleg at kritikaren i større grad også kan bli ein samfunnskritikar. Om ein les eit politisk dikt og tar innhaldet på alvor, vil ein blir meir samfunnsmedviten, svarte Stueland.

Stueland fortalde vidare at ein del akademikarar har brukt den britiske romantikken for å sjå på korleis ein kan nærme seg eit økologiperspektiv, og at dei meinar det er autonomiestetikken som står i vegen. Han trur det kjem til å komme meir forskning og kritikk med økoologiperspektiv. Om essayet sa Stueland at essayisten ikkje treng å unngå tvil, men i steden for å gøyme bort kunnskap ved å bruke fiksjonaliserande grep, kan ein trekkje inn forskning, nærme seg det stoffet som kan gi svar i steden for å berre stille spørsmål og overlate resten til lesaren. Og ein treng ikkje gi slepp på ironi og humor fordi om ein skriver om alvorlige politiske tema.

Camilla Collett som litteraturkritiker
Tone Selbo heldt føredraget «Ansvarlig avantgardist: Camilla Collett som litteraturkritiker». Her er eit kort samandrag av sentrale punkt:

Da Camilla Collett vart enke bestemte ho seg for å «si tingene som de er, uten omsvøp». I 30 år, fram til sin død i 1895, hadde ho ingen eigen heim, men var nesten alltid på reise. Ho utgav seks bøker med samla essays og artiklar. Ho hadde alltid ein historisk og sosial kontekst med i kritikken, og hadde eit mål om å «danne borgerne». Ho samanlikna den nye nasjonen Norge med ein gutunge som må lære å oppføre seg, og «behandle kvinner bedre enn han gjør».

For Collett var kjensla og medkjensla primære omdreiningspunkt, og ho gir eit anna bilete av litteraturen enn vi får gjennom dei mannlege kritikarane. Georg Brandes var Colletts viktigaste antagonist. Han såg Collett som «en av de vrede damer». Collett meinte at historia er dominert av menn som er meir opptekne av kvarandre enn av kvinner, og at kvinnebileta i litteraturen ikkje var realistiske. Ho utfordra tradisjonar og litterær konsensus. Som Brandes var ho oppteken av tilbakesteg og framsteg, men ho var meir antropologisk orientert, med historier om kjensler og kvardagsliv.

Collett meinte at den litterære mannen på 1800-tallet var veik og blasert, og at han brukte kvinna kun som litterært materiale for å dyrke eigne kjensler. Ifølgje Collett var den mannlege forfattaren ein prøvande, melankolsk type utan egentlig evne til å elske – og som difor utforska kjærleiken gjennom litteraturen.
Colletts litteraturkritikk byrjar der Brandes endar. Ho var ein framstynt romantiker i perioden før det moderne gjennombruddet. Synet på Ibsens kvinneskikkelser er talande: Collett hadde lite til overs for den ventande Solveig i Peer Gynt, men hadde heller ikkje sans for Hedda Gabler – det var ein kvinnetype som var framand for henne.

Collett var litterat på etikkens premissar. Styrken og veikskapen hennar er at ho ser littraturen i samanheng med samfunnet. Brandes ser henne som ein forløper for Ibsen. Collett er, sjølv på sitt mest sarkastiske, driven av ønsket om forbetring og endring. Ho såg litteraturen som den viktigste kanalen for tanker og følelser. Å lese Collett minner oss om at alle emner knytt til vår tid ikkje treng å vere er produkt av vår tid. Historisk litteratur har føyd seg inn i vår tenkemåte i dag, kanskje utan at vi er klar over det.

Det personlege framstår som eit adelsmerke for en kvinnelig forfatter. Ein må invitere seg sjølv inn i varmen, for ingen andre vil gjere det. Det er ein einsam og utsett posisjon å vere eit eg som vågar å tale der andre teier. Altså avantgardens posisjon. Collettt omtalar seg sjølv som ein soldat i første rekke, reide til bli meia ned. Forma hennar endra balansen mellom offentleg og privat. Å snakke om seg sjølv blir å ta på seg ansvaret som litterær forpost.

Collett minner om at overgangen er det vanskelegaste av alt, sjølv om det er ein overgang til noko betre. Då er freistinga til å gi opp stor. Det gjeld å samle seg om noko! Ho er impresjonistisk, subjektiv og moralsk. Saka er viktigare enn teksten, og det viktigaste er å halde på gløden. Sjølv sa ho: «Det er meg som har kommet for tidlig, tiden sakker efter».

Bilder

Vikingstad stueland
Margunn Vikingstad og Espen Stueland i samtale om «Engasjementets nødvendighet og engasjementets pris». (Foto: Kritikerlaget)
Toivio niemi
Miia Toivio og Marko Niemi under framføringa av lydpoesi-performance «Sinun äänesi kaiku - The echo of your voice». (Foto: Kritikerlaget)