Kritikerlaget

Roman i ruter - kritikarseminar om den grafiske romanen

Hva er egentlig forskjellen på en grafisk roman og en tegneserie? Det er ett av flere interessante spørsmål som vil bli diskutert på seminaret Roman i ruter.

Kritikerlaget 20. august 2014
Jippi
<<Stumtjener>> av Håvard S. Johansen Foto: Jippi Forlag

Invitasjon
Roman i ruter – kritikarseminar om den grafiske romanen
Onsdag 17.9 2014 kl 10.00-17.00 hos Norsk barnebokinstitutt

Den grafiske romanen tar stadig større plass i litteraturfeltet på same tid som den ikkje er særleg synleg i litteraturkritikken. Derfor inviterer NBI til kritikarseminar om sjangeren. Seminaret rettar seg mot det breie kritikarfeltet; frå dei som skriv kritikk av barne- og ungdomslitteratur til kritikarar av vaksenlitteratur.

Kva er eigentleg forskjellen på ein grafisk roman og ein teikneserie? Det er eitt av fleire spørsmål som vil bli diskutert på seminaret. Hovudmålet med seminaret er å gjere deltakarane meir medvitne og kompetente til å vurdere tekst og bilde som ein heilskap, og slik gi dei både meir kunnskap om og lyst til å gå kritisk laus på den grafiske romanen, eller teikneseriar.

PROGRAM

10.00-11.30 Erle Marie Sørheim: Frå julehefter til nettseriar – Hundre år med norske teikneseriar.

11.30-12.30 Lunsj

12.30-14.00 Håvard S. Johansen: Kaos og anti-stil – om eige forfattarskap.

14.30-17.00 Verkstad med Geir Moen

Seminaret er gratis.

Meld deg på, du som allereie er kjend med den grafiske romanen og du som er lysten på å tileigne deg kunnskap om sjangeren. Kritikarar vil bli prioriterte, men er det ledige plasser igjen vil vi opne opp for andre interesserte.

Påmelding til: margunn.vikingstad@barnebokinstituttet.no innan 10. september.

Det er avgrensa med plassar.

VELKOMMEN

Om bidragsytarane
Erle Marie Sørheim (f. 1982) er litteratur- og teikneseriekritikar i Dagbladet og redaktør av det nye nettidskriftet om teikneseriar, empirix.no. Ho er i tillegg skribent og omsetjar og har nyleg omsett to barnebøker frå tysk som kjem til hausten. Til neste år er Sørheim aktuell med ein Berlin-guide.
Håvard S. Johansen (f. 1977) var i 2007 med på å starte Oslo Comix Expo. Saman med John S. Jamtli gav han i 2009 ut boka Anunnaki, og saman med Levi Henriksen og Øystein Stene laga han så stop. rec. ffwd. (2010). I vår gav Johansen ut boka Stumtjener på Jippi Forlag.
Geir Moen (f. 1976) har i tillegg til samarbeidet med Øystein Runde i teikneserien De fire store laga seriar for m.a. Tusj, Gorilla og Nemi, og har gitt ut albumet Blodøks saman med Morten Harper og Ghasp. Moen er òg ein populær kursholdar for barn og held teikneseriekurs rundt om i landet. I haust er han aktuell med ein grafisk roman om Peer Gynt på Minuskel forlag.