Kritikerlaget

Tolkingsforskjell som kriterium

Er det nokon grunn til å spela inn dei same verka på ny og på ny, når det i realiteten berre er ørsmå ulikskapar mellom interpretasjonane? Korleis bør kritikaren formidla tolkingsskilnadar? Og når blir ei tolking så lik ei anna at ho gjer seg irrelevant? Sjur Haga Bringeland har intervjua Peter Korfmacher og Erik Steinskog.

Kritikerlaget 12. november 2013 MusikkFestspilleneNyheter
Bilete  korfmacher
Peter Korfmacher (Foto: Sjur Haga Bringeland)

Av Sjur Haga Bringeland, musikar og musikkritikar i Dag og Tid.

Når sjølv ekspertar treng mykje tid på å gjera greie for tolkingsskilnadar mellom klassiske innspelingar, kan det tyda på at noko er gale i plateindustrien. Ligg løysinga i å satsa på nytt repertoar? Og har tolkingsskilnadar i det heile ein eigenverdi, så lenge prestasjonen i og for seg er god?

I fjor byrja ein diskusjon om tolkingas rolle innan klassisk musikk, eit tema Kritikarlaget under Festspillene drøfta vidare med paneldebatten “Gamle sanger om igjen”. Er det nokon grunn til å spela inn dei same verka på ny og på ny, når det i realiteten berre er ørsmå ulikskapar mellom interpretasjonane? Korleis bør kritikaren formidla tolkingsskilnadar? Og når blir ei tolking så lik ei anna at ho gjer seg irrelevant?

I denne artikkelen blir diskusjonen teken vidare utanfor Noregs grenser, i intervju med tyske Peter Korfmacher (Leipzig) og norske Erik Steinskog (København).

– Det er mange “perfekte” CD-innspelingar me gjer rett i å ignorera. Eg ignorer mange nye innspelingar, som når Simon Rattle gjer ein Brahms-symfoni med Berlinarfilharmonikarane sine, og det kling like lytelaust som med Abbado eller Karajan før han.

Det hevdar Peter Korfmacher, kulturredaktør og musikkritikar i Leipziger Volkszeitung, hovudavisa i byen som let til å ha festspel året rundt, om me dømer etter talet på konsertar som finn stad dagleg. I denne vrimmelen av musikalsk aktivitet, ofte med prominente orkester, ensemble og solistar, blir søkinga etter relevans desto viktigare, meiner han:

– Men her skil eg mellom opptak og konsertar. CD og konsert er to heilt ulike sjangrar, for ting som fungerer og er interessante på konsert, fungerer som kjent ikkje alltid på CD. Ein solid levert konsertprestasjon er alltid relevant, for det er ei oppleving der og då, jamvel om tolkinga ikkje er den mest oppsiktsvekkjande. På CD vil den same prestasjonen kanskje vera irrelevant, særleg om det dreier seg om standardlitteratur. Denne skilnaden er det viktig at me som kritikarar er oss medvitne, og det er oppgåva vår å formidla det.

Demokratisering

Korfmacher har arbeidd som kritikar sidan midten av 1980-åra. Han er vaksen opp i det tidlegare Vest-Tyskland (Düsseldorf), og kom fyrst i 1990-åra til Leipzig, som med sin storleik omlag som Oslo hadde vore DDRs nest største by. Han fortel at musikkritikken i Tyskland har endra seg mykje sidan han byrja å skriva. Medan kritikken i DDR fylgde ein slags rapportstil for dei statlege partiavisene der ein fortalde når og kor mykje kameratane i salen hadde klappa (alt som kom på scena, var førehandsvurdert politisk), var den vesttyske kritikken trykkande på ein annan måte, hevdar Korfmacher:

– Kritikarane gav inntrykk av å vera objektive, at dei sat på sanninga. Det var eit knippe grå eminensar som hadde enorm makt; Joachim Kaiser i Süddeutsche Zeitung var det same for musikkritikken som den nyss avlidne Marcel Reich-Ranicki i Frankfurter Allgemeine Zeitung var for litteraturkritikken. Ordet deira var lov, og med éi tommelrørsle kunne dei byggja opp eller avretta ein kunstnar.

– I dag er det heldigvis ikkje plass til slike suverenitetar. Freistar ein kritikar å gjera seg til overdommar og framstilla kritikken sin som objektiv, blir han ikkje teke alvorleg, for det har skjedd ei demokratisering av klassiskscena. Det er fleire og andre enn før som interesserer seg for klassisk musikk, dei er ikkje lenger ei eksklusiv gruppe, og endå viktigare: Det er fleire som meiner noko om klassisk musikk. Kritikaren bør vera tydeleg på at han framstiller si subjektive meining, og den bør han gjera så klår som mogleg, fyrst då blir han truverdig. Og lesverdig. Det dreier seg jo litt om misjonering òg; som kritikar seier eg jo meininga mi av di eg vil overtyda.

Avlar uniformering

– Lat oss halda oss i CD-verda. Du hevdar at tolkingsforskjellane ofte er så minimale at dei ikkje rettferdiggjer nyinnspelingar av standardverk. Korleis formidlar du dette som kritikar?

– Eg var kan henda litt munnrapp i starten. For dei som ikkje har noko innspeling av desse verka, er det relevant å få vita om ein ny CD i seg sjølv er verd å kjøpa, uavhengig av tolkingsforskjellane til femti andre gode innspelingar på marknaden. Men ulikskapen mellom interpretasjonane er oftast minimal, og det må seiast. Ein skulle tru at det å spela inn det same på nytt og på nytt ville tvinga fram ulikskapar, men slik er det ikkje. Det avlar uniformering.

Nyskaping mogleg

– Om uniformering er umogleg å unngå slik situasjonen er, ligg då løysinga for kritikaren i å fokusera på nytt repertoar?

– Både ja og nei. Det er ikkje umogleg at eit kjent orkester med ein kjend dirigent på eit kjent plateselskap kan overraska. Lat meg ta eit lokalt døme: For to år sidan høyrde eg at Gewandhausorkesteret skulle gjera nok ei innspeling av Beethovens symfoniar, med sjefsdirigenten Riccardo Chailly. “Kva er vitsen?”, tenkte eg, men eg gav dei likevel ein sjanse. Og resultatet blei faktisk heilt eineståande og ei verkeleg ny lyttaroppleving. Tilnærminga var av den typen me gjerne assosierer med den historisk informerte framføringspraksisen, og synte at denne er langt meir enn berre originalinstrument, med trefløyter og med tarmstrengar på felene. For Beethovens metronomtal blei teke slavisk til fylgje, og ein freista å rista av seg 150 års framføringshistorisk ballast. Slikt hadde eg aldri høyrt før, og ein skulle ikkje tru det var mogleg med eit så tradisjonsrikt og tradisjonelt orkester, og med eit så søtvore og seinromantisk klangideal. Det same gjer Chailly forresten nett no med Brahms symfoniar, og det er fenomenalt.

– Men når det gjeld denne Beethoven-suksessen, spelte programmeringa òg ei viktig rolle, det får me stadfesta når me les kritikkane frå konsertturneane i Wien, London og Paris. For Chailly blanda nyskriven musikk som var spesielt mynta på dei einskilde symfoniane, inn i programmet. Dette var overraskande fruktbart. Og lønsamt ikkje minst, etter publikumsresponsen å døma.

Historisk versus moderne

– Du nemnde her den historisk informerte framføringspraksisen, og tolkingsmetodar me assosierer med den.

– Ja, og her er det sjølvsagt tale om motar. Og som med alle motar, bør kritikarane vera ekstra skeptiske. Det var ei tid her i Tyskland, særleg i 1990-åra, då ingen seriøs kritikar kunne ta ei Bach-innspeling på moderne instrument seriøst. Eg tenkte òg slik. Men så har me fått det paradokset at originalinstrumentensembla og mainstream-orkestra møter på kvarandre. På eine sida har me tidlegmusikkdirigentar som John Eliot Gardiner, som spelar inn Verdi og Bruckner, og repertoarmessig er på god veg inn i det 20. hundreåret. På andre sida har me store mainstream-orkester, som for ti år sidan ikkje tore å ta i Bach, men no har væpna seg med barokkbogar, og hyrer inn “tolkingshjelp” i form av kjende tidlegmusikkdirigentar.

_ Eg er tilbøyeleg til å sjå på originalinstrumentensembla og mainstream-orkestra som to ulike sjangrar. Men i dag er dei kome så nær kvarande – både når det gjeld klang og det tolkingsmessige – som eg for berre nokre år sidan ikkje trudde var mogleg. Me treng begge sjangrar. Men ofte kan me ikkje lenger tala om nokon prinsipiell tolkingsforskjell mellom dei to skulane, og som kritikarar bør me heller sjå i partituret og peika på kva som fungerer eller ikkje fungerer med ei innspeling, snarare enn å gjera nokon stor sak av at trompeten har ventilar eller at fløyta har for mange klaffar.

Samanlikning som fundament

Erik Steinskog, som dei siste åra har arbeidd som lektor ved Institut for Kunst og Kulturvidenskab ved Københavns Universitet, har verka lenge som kritikar, mellom anna i Bergens Tidende. På spørsmål om strategiar for å formidla tolkingsforskjellar i klassisk musikk, eller å gjera greie for mangel på slike forskjellar, vil han problematisera sjølve tilnærminga som kritikar:

– Spørsmålet ditt føreset samanlikninga som fundament i musikkritikken meir enn som effekt. Som skribent tok eg utgangspunkt i den konkrete innspelinga som grunnlag, og så leia denne eventuelt til jamføring. I programmet “På sporet” på NRK P2 brukte ein mykje tid på samanlikning, noko som fungerer ypparleg på radio, men er meir problematisk å formidla i skrift. Og på konsert handlar det for meg ikkje om kor vidt framføringa liknar på ei anna, men på kva verknad ho har i augneblinken. Sit kritikaren i salen og tenkjer: “Dette høyrde eg betre spelt i Berlin førre veke”, då gjer han ikkje jobben sin.

To typar lesarar

– Kan du utdjupa dette med ulikskapane mellom konsert og CD når det kjem til tolkingsforskjellar?

– Som konsertkritikar skriv ein om noko som oftast ikkje vil gjenta seg. Å melda CD-ar minner meir om det å melda bøker, der lesaren har høve til å utsetja seg for det same som deg. Dei som les kritikkar, kan delast i to grupper: Dei som – ut frå tanken om at dei vil gå inn i dette med ope sinn – ikkje vil få med seg omtalen før dei høyrer ei tolking eller eit verk, og dei som les ei mengde kritikkar, gjerne frå kritikarar som ein kjenner til, for slik å finna tilrådingar om kva dei bør høyra. Dette utifrå tanken om at ein ikkje kan høyra alt, at ein treng hjelp til å velja. På dette nivået fungerer bloggar og Twitter akkurat like godt som tradisjonelle kritikkar for meg.

– Om me no held oss til innspelingar: Trur du tolkingsforskjellane i dei klassiske standardverka er blitt så minimale at berre ekspertar høyrer dei?

– Nei, eg trur ikkje ein må vera ekspert for å sansa ulikskapane. Men ein lyt sjølvsagt bruka mykje tid på lyttinga, ein må lytta “langsamt”. Om ein som kritikar vil gjera dette til eit hurtigstunt, at ein høyrer ei plate og tenkjer: “ok, dette har eg høyrt før”, så kan det sikkert kjennast riktig der og då. Men går ein tilbake og faktisk lyttar på kva ein har høyrt før på referanseinnspelingar, så vil ein alltid finna forskjellar.

– Men når sjølv ekspertar må nytta mykje tid på å leita etter skilnadar i tolkingane, er det då nokon grunn til å spela inn standardverk stadig om att?

– Nei. Ein burde heller utvida paletten, og gjera andre delar av det historiske og samtidige musikken tilgjengeleg. Men her kjem ofte eit kunstnarleg-estetisk program og eit økonomisk i konflikt med kvarandre, og det trur eg langt på veg er plateindustrien sin feil. Alle plateselskap vil sjølvsagt ha ein Beethoven- eller Mahler-syklus. Denne terpinga gjer sjølv kontroversiell musikk til svisker.