Kritikerlaget

Utan litterær verdi?

Kritikarane må vere rause med å bruke analyseverktøyet og all lesarerfaringa si, også når det gjeld dameromanar, meiner Kristine Isaksen.

Kritikerlaget 23. april 2013 LitteraturYtringerDebatt
Kristine sorthvitt

Kronikken har òg stått på trykk i Klassekampen og er gjengjeve på oppfordring frå forfattaren_.

Bøker med duse fargar og løkkjeskrift på omslaga, såkalla dameromanar, har nyleg fått på pukkelen i Klassekampen og Morgenbladet. Bernhard Ellefsen i sistnemnde avis (22. mars) meiner at forlaga ikkje gjer seg fortente til dei konkurransepolitiske privilegia som ein boklov inneber når dei likevel satsar mest på kioskveltarar som løkkjeskriftsromanar og krim.

Karin Haugen i Bokmagasinet (23. mars) likar ikkje den kommersielle feminiseringa av litteraturen som desse romanane og marknadsføringa til fleire bokklubbar er døme på. Rommet rundt romanane blir mindre når seljarane berre lagar plass til kvinnelege lesarar, og underforstått, ein spesiell type kvinnelege lesarar.

Ellefsen ser på bøkene som underhaldningslitteratur ”utan litterær verdi”, medan Haugen definerer dei som ”følsom, drømsk virkelighetsflukt”.

Eg trur ingen av dei har lese særleg mange dameromanar. Det hadde nok ikkje eg heller om det ikkje var for at eg melder bøker for VG. Dette er ei av få aviser som gir spalteplass til bøker av dette slaget og romanseriebøker jamleg, og eg har merkt meg følgjande:

1. Den største kategorien er ikkje romantiske eller historiske romanar, men romanar om kvinner som har opplevd motgang og klarar å få livet sitt på fote igjen. Viktige verdiar er den gode samtalen (gjerne over ein kopp te), kokekunst og barneoppdraging. Dei handlar om sisterhood, kraft og sjølvstende – dei er beint fram feministiske og siktar seg inn på kvinnelege lesarar i 50-60 åra.

Slik som mor mi. Nyskilt, skjelvande og einsam sluker ho desse bøkene på kveldstid, og byttelåner og diskuterer dei ivrig med kollegaene i barnehagen dagen etterpå. Det er ein nyvunnen hobby, og det er ekte lesarglede. Ikkje som hyllefyllet frå Bokklubben som me abonnerte på på 80-talet og 90-talet og som eg aldri såg henne røre.

Som i så mange andre Block Watne-heimar på den tida var bokklubbøkene dekorasjon og statussymbol heller enn uttrykk for leseengasjement. Slik viste ein fram eit kulturelt løft samanlikna med bondegenerasjonen førre.

2. Lesarane av dameromanar er ikkje så opptekne av kva meldarane av dameromanar meiner. Slik går det når brorparten av avisene og meldarane har unngått dei over tid. Styrken til dameromanane er gjerne gode dialogparti og truverdige og sjarmerande kvinnekarakterar lesaren vil vel. Føreseieleg handling og moral og eit dårleg oppbygd plot trekk ned nokre av dei. Alt for mange er skøytelaust omsett. Bøkene ligg uansett litterær kvalitet i pallar med brillefin fronting i bokhandlarane takka vere gode rabattordningar og tilsette som brenn for boktypen.

Meldarane har mist terreng og meiningsmakt til bokhandlarane, eit utval bloggarar og bokinspiratorar som Liv Gade når det gjeld denne typen bøker. Er det så farleg då, når det berre er snakk om ”underhaldningslitteratur” likevel?

Dameromanar er viktige fordi dei vekkjer leselyst og fordi dei definerer nye menneske som lesarar. Effekten av dei kan vere enorm. Dei representerer ei ekspanderande kraft i bokmarknaden, og fleire titlar konkurrerer med salstala til krimbøker. Om ikkje fleire kritikarar les og skriv om bøkene som fleirtalet les, blir kritikk lesnad for ein snever krins. Og kritikarane tek ikkje ut potensialet sitt til å formidle lesing og vere med å definere dei beste samtidsbøkene uavhengig av type og sjanger slik dei kunne ha gjort.

Heile det litterære krinsløpet frå forfattar/omsetjar til forlag og lesar dreg nytte av motstanden som kritikarane gir bøker. Kritikarane må derfor vere rause med å bruke analyseverktøyet og all lesarerfaringa si. Det er det same om bøkene reknast for å vere kvalitetslitteratur eller underhaldningslitteratur, smale eller breie. Ein grundig lesnad og vurdering bør dei få uansett, til liks med ei profesjonell omsetjing. Det finst kvalitetsskilnadar mellom dameromanane, og lesarane fortener å få vete om dei.

I Foreningen !les er me mest opptekne av litterær kvalitet når me vel ut bøker og utdrag til leselystkampanjane våre. Litterær kvalitet innanfor både sjangeren og kategorien bøker det er snakk om. Eit viktig kriterium for ein vellukka leselystantologi, er nemleg bredde. Derfor er me takksame for at forlaga gir ut ein potpurri av bøker som me kan velje og vrake i. Jo fleire teikneseriar, sakprosabøker, underhaldningsromanar, ungdomsromanar og bøker av forfattarar som Joyce Carol Oates og Jennifer Egan som finst på norsk, desto enklare er det for oss å lage gode kampanjar.

Sjølv synest eg det er praktisk at dameromanane har eit design som kommuniserer tydeleg boktype og målgruppe, og tenkjer ikkje som Haugen at dette verkar trugande på andre lesarar. På same måte som omslaga til krimbøker ofte går i svart og raudt, brukar forlaga ein pastellpalett når dei gir ut dameromanar.

Eg er samd med Ellefsen i at dei store forlaga har eit særleg ansvar for å omsetje ”smalare” litteratur og at dei kanskje har forsømt dette ansvaret dei siste åra. Mindre forlag har komme opp med meir spennande titlar og forfattarskap sjølv om dei ikkje har høge salsinntekter frå andre utgjevingar å backe desse opp med.

Forlaga som satsar stort på omsette dameromanar burde kanskje også hatt eit særleg ansvar for å utvikle liknande bøker på norsk? Det tok litt tid før dei første gode kriminalromanane var norskskrivne, og no surfar fleire av dei på ei bølgje i utlandet som dei kallar Nordic Noir.

Ein skulle tru det var mogeleg å skrive fram truverdige, sterke og sjølvstendige kvinner som hovudkarakterar her til lands også? Kva vil karakterisere motgangen dei møter i livet? Sannsynlegvis vil den ikkje vere av økonomisk art. Vil dei utanlandske dameromanlesarane setje særleg pris på landskapet og småbykulturane slik som lesarane av nordisk krim? Éin ting er sikkert, det kjem til å vere kaffi i koppane og ikkje te.

Kristine Isaksen
Dagleg leiar i Foreningen !les og bokmeldar i VG.