Den svikefulle litteraturkritikken

I samarbeid med Litteraturhuset i Bergen og LitFestBergen inviterer Kritikerlaget til kritikerseminar torsdag 5. februar 2026.

18. november 2025
An actor portraying the fiction character Peer Gynt lying in the gras.
Bjørn Bjørnson som Peer Gynt, Christiania Theater 1892. Kilde: Wikimedia Commons / Severin Worm-Petersen

«Råd mig foruden svig.» Orda er av Henrik Ibsen og lagt i munnen Peer Gynt, kanskje ein av dei mest lunefulle og svikefulle karakterane i norsk litteraturhistorie. Tema under LitFestBergen 2026 er svik, og det årlege kritikarseminaret i Bergen følgjer opp temaet. Ei av litteraturktitikkens udiskutable dygder er at den skal vere fri, og kanskje også at den skal vere både kompromisslaus og trulaus. Og derfor, i god kritisk ånd: Er eller bør litteraturkritikken også vere svikefull? For er svik udiskutabelt negativt? Og korleis ser den eventuelt svikefulle kritikken ut i eit litteraturkritikkhistorisk perspektiv?

For å skvise endå litt meir ut av ordet «svik» spør vi: Kor og korleis sviktar kritikaren og litteraturkritikken? Kva og kven er det kritikken eventuelt svik? Årets kritikarseminar vil altså i trulaus ånd elte, snu og vende på omgrepet svik i håp om å avdekke blindflekkar i litteraturkritikkens virke og vesen – både ved å sjå til litteraturkritikkhistoria og til vår eiga samtid.

Bidragsytere til seminaret:

  • Tue Andersen Nexø, litteraturkritikar og lektor ved Institut for Kunst- og Kulturvidenskab ved Københavns Universitet
  • Maria Olerud, forfattar, journalist og litteraturkritikar i Morgenbladet
  • Frode Helmich Pedersen, professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen og litteraturkritikar i Morgenbladet)
  • Tone Selboe (professor i litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo)

Program

  • 11.00–11.45: Tue Andersen Nexø: «‹Har velfærdsstaten svigtet sine forfattere? Afvisningen af velfærdsstaten i ny dansk litteratur»
  • 12.00–12.40: Maria Olerud: «Om å forråde seg selv, gang på gang. Må forfatterkritikeren velge enten – eller?»
  • 13.00: Mottaking LitFestBergen i Håkonshallen.
  • 15.00–15.40: Frode Helmich Pedersen: «Svikefulle kritikere»
  • 15.50-16.30: Tone Selboe: «Å eksperimentere med sitt hjerte i hånden. Camilla Collett som litteraturkritiker»

Arrangør: Litteraturhuset i Bergen i samarbeid med Norsk kritikerlag og LitFestBergen.

Arrangementet skjer på Litteraturhuset i Bergen. For spørsmål og påmelding, send ein epost til Margunn Vikingstad.

Litteraturhuset i Bergen dekker opphald på hotell éi natt (men ikkje reise). Deltakarane på kritikarseminaret får i tillegg til seminardeltakinga tilbod om eit dagspass og rabatterte billettar på LitFestBergen.

NB! Påmeldingsfrist: 5. januar 2025.
Invitasjon og påmeldingsskjema