Kritikarseminar: Kritikkens – og kritikarens fridom

Litteraturhuset i Bergen, LitFestBergen og Norsk kritikerlag inviterer til kritikarseminar i Bergen torsdag 11. februar 2027.

13. november 2026
f.v.: Lyra Eriksson Lindbäck, Frode Helmich Pedersen, Bodil Skovgaard Nielsen. Foto: Hedda Rysstad, Rania Rönntoft og Canva

Kjære kritikar! Velkommen til kritikarseminar på Litteraturhuset i Bergen, torsdag 11. februar 2027 kl. 10.15–16.00:

«Kritikkens – og kritikarens fridom»

Tradisjonen tru inviterer Litteraturhuset i Bergen, LitFestBergen og Norsk kritikerlag til kritikarseminar i Bergen. Relasjonen mellom litteraturkritikk og fridom er grunnleggande knytt til ytringsfridom, estetisk uavhengighet og kritikarens rolle som litteraturens, kritikkens og kulturens vaktbikkje. Som den kjente tyske kritikaren Marcel Reich-Ranicki formulerte det i eit essay publisert i tidsskriftet Vagant i 2013, er fridom og kritikk gjensidig avhengige av kvarandre: Det kan ikkje finnast nokon fridom utan kritikk, og ingen kritikk utan fridom. Men korleis står det eigentleg til med fridommen, og med kritikken – og banda mellom dei – i dagens litterære, kulturelle og politiske offentlegheit? Er kritikkens vesen i seg sjølv eit forsvar for alle moglege former for fridom? Men kan det også vere at vi kritikarar, i viljen til å kritisere og til å gi litteraturen ein plass i det offentlege ordskiftet, gløymer gleda som litteraturen kan gi? For er nytinga – ved teksten, argumentet, lesinga – kanskje sjølve føresetnaden for ein kritikars fridom?

Bidragsytere:

  • Lyra Eriksson Lindbäck, forfattar, filosof og kritikar i Expressen
  • Bodil Skovgaard Nielsen, kritikar og kulturjournalist i Information
  • Frode Helmich Pedersen, professor i nordisk litteraturvitenskap ved Universitetet i Bergen og litteraturkritikar i Morgenbladet

Program

10.15–10.30: Kaffe og mingling
10.30–11.00: Bodil Skovgaard Nielsen: «Uanstændig fryd. Om ubehaget ved kritik i en dansk offentlighed og nydelse som nødvendighed»
11.00–11.15: Spørsmål og diskusjon
11.30–12.00: Lyra Eriksson Lindbäck: «’Litteraturen’ som demokratisk fetisch?»
12.00–12.15: Spørsmål og diskusjon
13.00–14.00: Mottaking LitFestBergen i Håkonshallen
15.00–15.30: Frode Helmich Pedersen: «‹Kritikken som antitotalitær institusjon»
15.30–15.45: Spørsmål og diskusjon
15.45–16.00: Oppsummering

Arrangør: Litteraturhuset i Bergen i samarbeid med Norsk kritikerlag og LitFestBergen

Bodil Skovgaard Nielsen (f. 1995) er dansk kritikar og kulturjournalist. Ho skriv for Information og deltar jamleg i radio og tv om kunst og litteratur. Nielsen er cand.mag. i litteraturvitskap frå Københavns Universitet og i Information skriv ho om litteratur, biletkunst og den straumen av bilete som ideane våre om det gode livet og kroppen veks og gror i. Denne våren kjem ho ut med ei essaysamling med tittel Kød og blod.

Lyra Eriksson Lindbäck (f. 1990) er svensk forfattar og litteraturkritikar og skriv fast for Expresssen. Ho disputerte i filosofi i 2023 med ei avhandling om den irske filosofen og forfattaren Iris Murdoch, Iris Murdoch and the Ancient Quarrel: Why Literature is not Philosophy. Siste utgiving er romanen Genom delning (2025), ei forteljing om tvillingsystrer, om arv, moderskap og mellommenneskeleg samspel. Saman med kritikaren Mikaela Pejković har ho podkasten Gästabudet (med undertittel «en vinindränkt litterär podcast») der ein diskuterer bøker, debattar og kultur i Norden.

Frode Helmich Pedersen (f. 1976) er professor i nordisk litteraturvitenskap ved Universitetet i Bergen og litteraturkritikar i Morgenbladet. Han skrive ei lang rekke artiklar og kommentarer om litteratur, kritikk og samfunnsspørsmål samt vore fast medlem av det litteraturkritiske forumet Kritisk kvartett ved Litteraturhuset i Bergen. Pedersen har gitt ut Bjørnstjerne Bjørnsons samtidsdrama- resepsjon og tolkning i 2017, essaysamlinga Splinten i øyet i 2021 og Forfølgelsen av Julian Assange i 2022 (saman med Gisle Selnes). I 2021 blei han kåra til Årets litteraturkritikar av Norsk kritikerlag.

Praktisk informasjon:

  • Litteraturhuset i Bergen dekker opphald på hotell éi natt (men ikkje reise).
  • Deltakarane på kritikarseminaret får gratis dagspass torsdag 11. februar 2027 og tilbod om redusert pris på dags- og festivalpass på resten av festivalen.
  • Heile programmet for LitFestBergen blir lansert torsdag 10. desember.
  • Arrangementet skjer på Litteraturhuset i Bergen. For spørsmål og påmelding, send ein epost til Margunn Vikingstad, epost: margunn@litthusbergen.no
  • Fullstendig invitasjon og påmeldingskjema her: Invitasjon Kritikarseminar