Kritikerlaget

Årets litteraturkritiker 2021

Frode Helmich Pedersen er Årets litteraturkritiker 2021. Se begrunnelse her.

Kritikerlaget 04. mars 2021 PriserLitteraturNyheter
Frode helmich pedersen

I ein av sine mange klårtenkte tekstar om litteraturkritikk skriv årets kritikar: «Er det i det hele tatt mulig å se for seg at Kritikerlagets jury i en begrunnelse ville kunne rose en kritiker for evnen til å gi leserne riktige vurderinger? Jeg tviler – men den som lever, får se.» I år vil Kritikerlagets jury gi svar på tiltale: Årets litteraturkritikar 2021 har ei solid evne til å gi lesarane riktige vurderingar. Vi skal ikkje skape unødig kontrovers ved å gi døme på slike riktige vurderingar, men berre slå fast at teften hans for kvalitet er velutvikla og evna til å sjå kva som fell gjennom stor.

I den same teksten skriv årets kritikar: «Å si at en kritiker må ha god formuleringsevne er litt som å si at en høydehopper må være spenstig eller at en tryllekunstner må være fingernem». Setninga vitnar i seg sjølv om at årets kritikar kan vere både spenstig og fingernem i formuleringane, men sant nok er formuleringsevna hans sterkast prega av å vere prisverdig tydeleg og skarp. Ja, evna til å skjere gjennom og formulere smaksdommar på ein måte som ikkje lèt seg misforstå, er ein av denne temperamentsfulle og humørfylte kritikarens fremste eigenskapar: Ein er sjeldan i tvil om kva årets kritikar meiner om eit verk, om han då ikkje ein sjeldan gong er i tvil sjølv – og det kan jo hende den beste.

Sikre og slagferdig formulerte smaksdommar er eit kvalitetsteikn i kritikken, når dei byggjer på kvalifiserte og grundige grunngivingar. Årets kritikar demonstrerer til fulle at kritikk nettopp er ein grunngivingskunst, og dessutan at humør og temperament ikkje er uforeineleg med sindig refleksjon og solid argumentasjon: Vurderingane hans byggjer på observant lesing, kyndig kontekstualisering og innforliva kjennskap til tradisjonen. Dette kjem til syne når han melder bøker i dags- eller vekeaviser, når han luftar større litteratur- og kulturkritiske hypotesar i tidsskrift, når han drøftar prinsipielle spørsmål om litteratur og kritikk i spalteformat, og når han feller poengterte litterære dommar for open scene i Litteraturhuset i Bergens faste forum for litteraturkritikk.

Dette siste forumet, kjent under namnet Kritisk kvartett, er sant nok eit kollektiv med tre faste kritikarar og ein gjest. Det er likevel vanskeleg å tenkje seg ei heilt velfungerande utgåve av kvartetten utan Frode Helmich Pedersen, som er Årets litteraturkritikar 2021. I rolla som ordførar og pådrivar har han vore primus motor for kritisk og begeistra diskusjon om aktuelle bøker sidan kvartetten oppstod i 2013, og han har klart å halde på både fatninga og humøret i møte med kritikarlynne av høgst ulike slag. Kritikk under scenelys og tidspress er ikkje nødvendigvis synonymt med kvalitet, men ser ut til å passe Pedersens utprega bergenske – det må vere lov å seie – kritikarlynne godt. Her får han demonstrert sine retoriske gåver og si forstandige dømekraft, og dessutan gitt spontane svar på tiltale når det trengst. Eitt og anna velretta sleivspark kan han dele ut, men omgangen hans med bøkene er først og fremst kjenneteikna av eit romsleg alvor og ei vilje til avklaring. I effektiv form viser kvartett-formatet Pedersens store kapasitet som samtalestartar og -partnar i den norske litterære offentlegheita: Med både vilje og evne til å føre prinsipiell debatt så vel som fagleg fundert polemikk, løftar han litteraturdebatten i Norge til eit høgare nivå.

Han bidreg også til å flytte det litterære feltet framover. Dei siste åra har han drive litteraturkritisk sjølvrefleksjon og drøfta aktuelle problemstillingar i meta-kritiske spalter i månadsavisa BLA. Med tyngd frå tradisjonen og klårsyn frå eigne lesebriller har han gjort det lettare for oss alle å tenkje prinsipielt rundt dei dagsaktuelle debattane, og såleis gjort det lettare å sjå relevansen i dei. I spaltene er han heller ikkje redd for å kåre sin eigen kanon, erklære at poesiens æra er over eller slå fast at eit fleirtal norske kritikarar ikkje «beholder buksene på» i møte med Dag Solstads siste roman. Men ver trygg: Har du motførestillingar, stiller han opp til debatt. Det har han i alle fall gjort i tøffe utvekslingar om politivaldsaka i Bergen og Baneheia-saka i Kristiansand og i meir muntre disputtar om politisk hoffpoesi. Nyleg stilte han opp i Dagsnytt 18 for å forklare at å det å hyre inn poetar til stortingssalen kanskje ikkje er nokon god idé – i alle fall ikkje for poetane eller poesiens del: «At skalden var bra for kongen er det ingen tvil om, men var kongen bra for skalden?»

Frode Helmich Pedersen er så aktiv og produktiv som kritikar at ein skulle tru det var luft og litteraturkritikk han levde av. Men sin daglege dont har han på Universitetet i Bergen, der han ikkje berre gjer litteraturvitskapleg grunnlagsarbeid, men også nybrottsarbeid innan humanistiske rettsstudiar, som prosjektleiar for «Strafferettens fortellinger». Kritikerlagets jury set likevel umåteleg stor pris på at Pedersen ikkje berre held seg på universitetskontoret, eller i universitetskorridorane, for å telje knappar og kantar og publikasjonspoeng. I staden tek han faget ut til dei mange iblant oss som knapt veit kva ein tellekant er. Han skal ha heider for å ha skrudd opp formidlingsfrekvensen endå eit hakk i det utvida koronaåret 2020–21, mellom anna med ei rekkje timelange føredrag om romankunsten på Litteraturhuset i Bergen. Det er slike timetal som tel!

Alt dette og endå er ikkje Pedersens virke i litteraturkritikkens mest vanlege sjanger – den tradisjonelle bokmeldinga – nemnt. Han har luka ugras i Vagant, plukka ein og annan blome i Bergens Tidende og i seinare år blitt ein del av Morgenbladets kritikarflora. I alle desse publikasjonane er det ein tydeleg kritikarperson som stig fram frå tekstane – sakleg og stringent, energisk og uredd. Kunsten å vere munter på ein alvorleg måte, er det få som meistrar betre.

Den tyske kritikaren Marcel Reich-Ranicki skriv, i ein tekst som Pedersen sjølv har omsett til norsk i Vagant (3/2004): «Det litterære faget har alltid vært farlig, og den som utøver det med alvor risikerer å høste storm, og den som sår vind, ja særlig han må regne med stormer». Måtte det blåse friskt rundt Frode Helmich Pedersen i mange år framover!

For Kritikerlagets jury, som i år har bestått av Maya Troberg Djuve, Hanna Malene Lindberg, Ingebjørg Liland, Sigmund Jensen og Eivind Myklebust, er det ei glede og ei ære å utpeike Frode Helmich Pedersen som årets litteraturkritikar 2021. Prisen er eit grafisk blad av Øyvind Torseter. Vi gratulerer!