Journalistiske kurs høsten 2022
Høsten 2022 arrangerer Norsk tidskriftforening journalistiske kurs i redigering og kunsten å skrive portrettintervjuer.
Kurs i redigering
Somme tekstar kan sjå ut som ein uformeleg masse, og du kvir deg på å setje i gang med redigeringa. Men du må. Dette er eit kurs om teknikkane du kan bruke for å få orden på dei. Først ser vi på korleis tekstar er bygde opp. Ofte kjem ting som dreiar seg om same temaet på heilt ulike stader. Jobben er då å samle det som høyrer saman, og lage ein struktur ut frå det. Andre gonger kjem elementa i feil rekkefølgje, og atter andre gonger er det rett og slett slik at enkelte element ikkje har noko i teksten å gjere.
Når grovsorteringa er gjort, er det særleg tre ting å konsentrere seg om:
– Det første er at tekstar flest er for lange. Å forkorte tekstar krev ei stødig hand. Det gjeld å ta vare på samanhengen samtidig med at du kuttar.
– Det neste er å sjå etter om teksten kan forenklast. Dette dreier seg om å skrive om vrange setningar, forenkle tunge passasjar og byte ut lange og tunge ord med enklare formuleringar.
– Det tredje er det reint språklege. Her ser vi på setningslengde, setningsrytme, ordval og konsekvens i språket.
Kurset eignar seg like godt for dei som skal redigere sine eigne tekstar som dei som har andres tekst framfor seg. Deltakarane skal også redigere eigne tekstar på kurset.
Stad: Litteraturhuset i Oslo, Kverneland
Tid: 21. september kl. 09.00–16.00
Pris: kr 1 000,- Enkel lunsj inkludert
Kun 12 plasser – påmelding her
Mer informasjon her.
Kurs i å skrive portrett i tidsskrift
Mange forvekslar portrett med lange intervju, men det treng slett ikkje vere det same. For at noko skal kvalifisere som portrett krev vi litt meir enn lange spørsmål-svar-sekvensar. Nøkkelen er å gjere intervjuet til ein reportasje om ein person, og då må vi ta i bruk fleire verkemiddel enn opptaksutstyr. På dette kurset går vi gjennom dei metodane du treng for å lage eit fullverdig portrett.
Vi ser mellom anna på dette:
– Førehandsresearch
– Førebuing av spørsmål
– Observasjonsteknikkar
– Scener
– Det faglege og det personlege
– Forskjellen på meiningar og refleksjonar
– Forteljarstemma
– Sitatbruk
– Dramaturgi, oppbygging
– Stil og språk
Kurset er delt i to. Den første halvdelen av dagen bruker vi tida på punkta over, resten av tida ser vi på portrett eller utkast til portrett frå deltakarane.
Stad: Litteraturhuset i Oslo, Kverneland
Tid: 26. september kl. 09.00–16.00
Pris: kr. 1000,- Enkel lunsj inkludert
Kun 12 plasser – påmelding her.
Mer informasjon her.
Fagleg ansvarleg og kurslærar: Asgeir Olden. Fram til 2021 var Olden i femten år på Institutt for Journalistikk, der han hadde ansvaret for dei fleste av skrivekursa på instituttet. Før den tid var han journalist og redaktør, først i Sunnmørsposten, så i Dag og Tid, Bergens Tidende og Nynorsk Pressekontor. Han har skrive ni bøker, og sat som representant for Presseforbundet i Norsk Språkråd i 16 år. Han har halde ei rekkje kurs for Norsk tidsskriftforening dei siste ti åra.