Kritikerlaget

Kritikarsalong om sjangercowboyen Ragnar Hovland

Torsdag 15. november inviterer Norsk kritikerlag til kritikarsalong på Josefine Vertshus om årets Aschehougprisvinnar: Ragnar Hovland!

Kritikerlaget 29. oktober 2012 LitteraturDebattKritikersalong
Ragnar hovland.ashx

I kveld er det alvor! Nye lesingar i Ragnar Hovlands forfattarskap.

Marta Norheim om Ragnar Hovlands alvor. Kjell Ivar Skjerdingstad om Ragnar Hovland vs. Forkynnaren i romanen ”Paradis”. Jon Øystein Flink om ”Ragnar Hovlands skjulte perle”. Ragnar Hovland: Stikkprøver frå min forfattarskap. Kommentarar frå salongen.

Årets Aschehougprisvinnar er ein sjangercowboy med hang til salmesong, populærkultur, og bannskap. Han går høgt og lågt, og blandar alvor med moro. Han er ein av dei forfattarane som har fans, og han er elska av humoristar. Men har kritikarane forstått han? Finst det noko under overflata og er det i det heile tatt rett strategi å leite under overflata? Bli ein del av eit nærlesande felleskap på Josefine Vertshus torsdag 15. november. Ordstyrar er Knut Hoem.

Tid: 15. november, kl. 20.00.
Stad: Josefine Vertshus

Salongen er støttet av Fritt Ord og Norsk kulturråd.