Kritikarseminar i Bergen
Til medlemmer i litteraturseksjonen: Velkommen til litteraturseminar i Bergen
KRITIKARSEMINAR I BERGEN
Tid og sted: Litteraturhuset i Bergen fredag 19. november 2021
Kritikken er utsett og personavhengig i region- og lokalavisene, og stadig fleire viktige regionaviser har skalert ned spalteplassen til kritikk. Dette har store konsekvensar for mengden bøker som blir meldt, og det har òg truleg store konsekvensar for det redaksjonelle arbeidet med kritikken som blir levert.
Om ei avis ønsker å posisjonere seg som ein viktig meningsbærar av kritikk, må den både kunne dekke eit breitt spekter av aktuelle bøker og samtidig bygge opp den einskilde kritikaren. Kven tar ansvar for geografisk mangfald blant kritikarane og korleis kan ein bygge opp markante, kritiske stemmer utanfor Oslo?
Med: Cathrine Krøger (kritiker i Dagbladet), Arne Borge (kulturredaktør i Vårt Land), Erik Bjerck Hagen (professor i litteraturvitskap ved UiB), Frode Helmich Pedersen (førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap ved UiB), Frode Bjerkestrand (journalist og tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende), Jan Zahl (teater- og filmkritikar og bokansvarleg i Stavanger Aftenblad), Laila Borge (redaksjonell fagmedarbeidar i LLA, Landslaget for lokalaviser)) og Daniel Mendelsohn (amerikansk forfattar, kritikar og omsetjar samt professor i humaniora ved Bard Collega og bidragsytande redaktør i The New York Review of Books).
Litteraturhuset i Bergen dekker reiseutgifter tur–retur Bergen, lunsj og middag, samt opphald på hotell éi natt. Vi ber deg om å velje rimelegast mogleg reisealternativ.
Arrangør: Litteraturhuset i Bergen i samarbeid med Norsk kritikerlag. Seminaret er støtta av Fritt Ord
Program:
11.30: Kaffi
12.00-12.45: «Fra en kritikers dagbok. 1998-2020». Føredrag ved Cathrine Krøger.
13.00-13.45: «Enhver kritikk er en mulig nyhet». Føredrag ved Arne Borge.
14.00-14.45: «Den gode kritikken før og nå. Om noen anmeldelser fra perioden 1908-2020». Føredrag ved Erik Bjerck-Hagen.
15.00-16-00: Pause, kaffi mm.
16.00-17.00: «Being ‘Right’ Isn’t the Point: Some Thoughts on the Value of Criticism». Innlegg ved Daniel Mendelsohn og påfølgjande diskusjon med publikum.
18.00-19.45: Middag i Colonialen
20.00-21.30: Død eller levande? Kritikken i lokal- og regionalpressa. Paneldebatt med Frode Bjerkestrand, Jan Zahl og Laila Borge. Ordstyrar er Frode Helmich Pedersen.
For spørsmål og påmelding, send ein epost til margunn@litthusbergen.no
Påmeldingsfrist: 01.11.2021