Kalender

Nyhetsbrev

Ja takk, jeg vil gjerne ha nyhetsbrev fra Kritikerlaget.





Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2007 til Fam Ekman

Kritikerprisen for beste skjønnlitterære barne- og ungdomsbok 2007 tildeles Fam Ekman for bildeboka Kall meg onkel Alf.

Kritikerlaget 05. mars 2008 PriserLitteratur
Ekman kallmegonkelalf

Talen fremført på Litteraturhuset i Oslo, 6. mars 2008, i anledning overrekkelsen av Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2007.

At fire av fire nominerte bøker for Kritikarprisen 2007 er biletbøker, er ikkje tilfeldig. Det er innføre biletboksjangeren me møter barnelitteraturen på sitt beste, og i denne kategorien me finn overskot som utvidar og utfordrar grensene for kva som kan kallast barnelitteratur.

Biletboka til Ekman kan sjå snill ut, men det er utanpå. Plastilinfontar og trolldeigbokstavar på ein marmorert marengsbotn gir indikasjonar på uskuld og naivisme, men om fotocollagane kan likna sukkertøy, gjer verken historia eller den heilskaplege estetikken det. Kall meg onkel Alf er ein polyfon tekst, det barneaktige og vaksenlakoniske talar til oss samstundes, gjennom fleire stemmer, strekar, saumar og faldar. Det er eit prismatisk univers, der det alvorlege og absurde, det trivielle og høgtidelege spelar og speglar seg under eitt og same glasklåre tak. Så heng med! Ta tak i draken på fyrste side, spring lett som ein serviett og hald fast i drakehalen, som eit fykande, men velbardunert frimerke under opne himmelen. Høyr berre på den harmoniske, litt retroaktige, men svært så poetiske opningsidyllen: «Alt begynte bra den høsten. Mor kjøpte drager til oss, og vi løp i alle retninger til det mørknet. Nå går vi hjem og spiser eggedosis! ropte mor da.»

Ein må knusa nokre egg for å laga eggedosis. Og ein må forsera og forsona seg med mange hinder og hindringar for å finna seg sjølv. Overgangen frå eit lukkeleg drakeleikeliv med mor som einaste forelder til eit dotterliv med mor og mora sin nye mann er alt anna enn konfliktfritt. Brått ein dag står ein ukjend mann med raude og rosa blomar på døra: «Kall meg Onkel Alf, sa han. Men jeg hadde aldri hatt noen onkel før.» Etter at «jeg» sluttar i skuleteateret og går over til å laga «scener hjemme», og etter at «jeg» har prøvd å rømma frå heimen til mora og den nye onkel Alf, opnar Ekman for at «jeg» og Alf finn fram til kvarandre. Det vert ei lang reise i hovudpersonen sitt kaotiske indre, sjølv om den fysiske og topografiske reisa ikkje strekkjer seg lenger enn til Sinsen. Der må hovudpersonen, den vesle jenta, til gjengjeld sova på steingrunn.

Ekman lånar forteljegrep frå både folkeeventyret, filmen og teikneserien. Illustrasjonane ber ofte i seg direkte og meir indirekte helsingar til kjende kunstverk og kunstnarar som Chagall, Servantes og Picasso. Forteljaren forstørrar og forminskar perspektiveringa, alt etter kva hovudpersonen eller forteljaren sjølv vel å fokusera på. For det er barnet sjølv som fortel. Mellom linjene, midt i det stiliserte og karikerte, skimtar me nokre av eg-forteljaren, den handlekraftige, men såra og svartsjuke jenta sine motstridande kjensler. Kraftfeltet i mellomsjiktet, den uskiljelege vekselverknaden mellom illustratøren og forfattaren Fam Ekman skapar ei hypnotisk lesaroppleving.

I over tretti år har Fam Ekman laga originallitteratur for barn og vaksne. Historiene hennar er enkle, men orda og bileta er komplekse, og rommar spor av andre forteljingar. Kall meg onkel Alf stadfestar og sirklar inn Ekman si eineståande vilje og evne til å kombinera det konsist språklige og det form- og stofflege, visuelle. Tekst og illustrasjonar er skilde klårt frå einannan i kvart oppslag. Illustrasjonane både gjentek og utdjupar teksten. Ikkje minst utdjupar dei den sjalusien, einsemda og uroa teksten i all sin nøkterne og spøkefulle understatementstil tidvis, ved fyrste augekast, løyner.

Fam Ekam er tilsynelatande minimalist – det er eit stort drama i eit lite format, men humoren er burlesk. Med si dobbelrøyst til både barnet og den vaksne rykkjer ho opp grensene mellom det sanselege og reflekterte. Montasjeteknikken og det rikhaldige materialerepertoaret, som spenner ifrå broderi, blonder, keramikk, perler, porselen, forstørra serviettrykk, litografi, pennestrøk til maskin- og handsaum på tekstil, går opp i ei syntese, ein total Fam Ekman-tilstand. Og me spør oss kva bilete er det som finst i biletet? Kva språk er det som finst bak språket?

Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok 2007 er tildelt Kall meg onkel Alf av Fam Ekman. Prisen er eit trykk av Niclas Guldbrandsen.
Juryen har vore: Helga Gunerius Eriksen (NBUs representant), Nina Goga og Inger Bråtveit.