Kalender

Kritikerprisen for beste oversettelse 2020

Gunvald Axner Ims får Kritikerprisen for beste oversettelse 2020 for Felâtun Bey og Râkim Efendi . Se begrunnelse her.

Kritikerlaget 04. mars 2021 PriserLitteraturNyheter
9788279593119 (1)

Takk og pris for vedunderleg vanleg litteratur.

2020 var året som ikkje vart heilt som det skulle. Det er ikkje til å komme utanom i ein tekst som denne, som tar mål av seg å vende blikket bakover. Vi rakk så vidt å komme oss til mars før også Noreg vart ramma av pandemien. Så stod vi der, mange av oss stranda heime, i permisjon eller på heimekontor. Å reise nokon stad var det berre å gløyme (til og med hyttene var tidvis utanfor rekkevidde). Nokre dagar verka himmelen tom for fly. Tilbake stod berre stilla. Å gå ein tur i parken. Å vinke til ein ven frå verandaen.

Kulturaktørane fann raskt vegen til internett – men det var berre ikkje det same. Så takk og pris for bøkene. Litteraturen verkar nemleg ikkje ha lide noko vidare under 2020 sine herjingar, sjølv om den verkelege effekten kanskje vil vise seg først om eit par år. Enn så lenge, i dette året som var heilt uvanleg, var litteraturen likevel vedunderleg vanleg. Og vedunderleg vanleg litteratur er som kjent noko av det beste som finst.

Når det å reise i praksis ikkje lar seg gjere, finst det likevel måtar å komme i kontakt med omverda på – og ein av dei er denne: Å opne ei omsett bok. For det sant som dei seier i Norsk Oversetterforening om deira Oversatte dager: Verda er ein omsettar unna.

Vi tre som har sete i juryen i år – Janneken Øverland, Gabriel Michael Vosgraff Moro og meg, Ida Hove Solberg – har såleis vore verda rundt, trass nasjonale og lokale restriksjonar. Og vi, og sikkert mange med oss, har erfart at det verkeleg er gjennom den omsette litteraturen at vår vesle verd her heime heng saman med den store omverda der ute; i ei tid da «der ute» kjennest fjernt, er dei heilt vanlege bøkene som gullbillettar å rekne. Løys inn billetten, og legg i veg på ei reise – iblant både i tid og rom.

Det har slett ikkje mangla på omsettingar av høg kvalitet i 2020, og vi har kunne glede oss over å støyte på verdige kandidatar innom eit breitt spekter av språk og sjangrar. Arbeidet med å sile ut dei aller beste av desse og vege dei opp mot kvarandre har derfor vore både krevjande og svært givande.

Bak fire av destinasjonane som vi i 2020 fekk gullbillettar til, står dei nominerte til Kritikarprisen for årets beste omsetting:
Gunvald Axner Ims: Felâtun Bey og Râkim Efendi av Ahmet Mithat, Skald/Klassikarserien
Ika Kaminka: Hyllest til halvmørket av Jun’ichirō Tanizaki, Press
Margunn Vikingstad: Linjeskift – skriftblad frå fabrikken av Joseph Ponthus, Aschehoug
Pål H. Aasen: Pariseren eller Al-Barisi av Isabella Hammad, Pelikanen

I Pariseren eller Al-Barisi blir vi med Aasens ord frakta gjennom Isabella Hammads debutroman om Midhat Kamal, som vender heim frå studium i Frankrike til Palestina. Aasen lykkast med å nytte det norske språket på ein måte som særleg bringar over dei poetiske kvalitetane til den engelske teksten.

Margunn Vikingstad tar oss med til utkant-Frankrike med si omsetting av moderne arbeidarlitteratur ved Joseph Ponthus’ «songar» i Linjeskift – skriftblad frå fabrikken. Vikingstad si klokkereine omsetting famnar både det vakre og det urovekkande i denne teksten som skildrar vikarens uføreseielege og maktlause tilvære.

I Hyllest til halvmørket byr Ika Kaminka oss Jun’ichirō Tanizaki sine essay om skugganes og halvmørkets estetikk. Tonen i dei filosofiske betraktningane spenner mellom alvor og overdriving, noko Kaminka si både imponerande vakre og stilistisk sobre omsetting tar særs godt vare på.

Desse ypparlege kandidatane til trass – vinnaren av Kritikarprisen for årets beste omsetting 2020 er Gunvald Axner Ims for omsettinga Ahmet Mithats Felâtun Bey og Râkim Efendi!

Ims har sidan 2004 bydd norske lesarar på tyrkisk litteratur. Som dr.philos. i tyrkiske språk frå Uppsala universitet og master i tyrkisk frå Universitetet i Oslo, er han ein fagleg sterk pådrivar for tyrkisk litteratur i Noreg. Han har tidlegare omsett tungvektarar som Aslı Erdoğan, Ahmet Hamdi Tanpınar og Orhan Pamuk, og han kan no legge Ahmet Mithat til denne lista – ein av dei aller første tyrkiske romanforfattarane.

Med omsettinga av Felâtun Bey og Râkim Efendi tar Ims oss med til Det ottomanske riket på slutten av 1800-talet. Der møter vi dei to karakterane som representerer ein motsetnad i romanens samtid mellom «allaturka» og «allafranka»: På den eine sida står Râkim, den fattige, flittige – «som ei presisjonsklokke» – som lever i tråd med tradisjonane, og på den andre sida står «den simple jålen» Felâtun, som «sløsa bort heile arven på ei tøyte», og som går på fest utan undertøy fordi han trur det er europeisk skikk.

Ims maktar i si omsetting å puste liv i dei to hovudkarakterane, for ikkje å nemne konflikten mellom livssyna deira, men òg miljøa dei oppheld seg i, trass i at boka er 150 år gamal. Denne levandegjerande omsettinga er resultatet av ei rad språkleg vitale val, så som at Râkim vert «fjamsen» når han ikkje veit råd, eller at det er «hjarteskjerande» at ei sjuk ung jente kan «storma ut av livet».

Det er ei stor glede å gratulere Ims med bragda – og med Kritikarprisen for beste omsetting 2020!

Prisen er eit trykk av Øyvind Torseter.

Ida Hove Solberg