Kritikerprisen for beste sakprosabok for voksne 2019
I dag ble kritikerprisen for beste sakprosabok for voksne 2019 delt ut. Les tale til vinneren her.
Tale ved Merete Røsvik under utdelingen 5. mars 2020 på Litteraturhuset i Oslo
Prisen eg no skal dele ut, er juryert, men medlemmene i Kritikerlagets litteraturseksjon har som alltid kome med forslag til nominasjonar. I år vart mange titlar foreslått, men ingen utpeikte seg som favorittar. Juryen, som har bestått av Alf Kjetil Igland, Espen Søbye og meg, Merete Røsvik, har difor stolt på eige forarbeid, eiga lesing og interne diskusjonar.
I ein kvar jury som sit saman over tid, vil det utpeike seg ein tendens i preferansane og arbeidsmåten. I dei to åra denne juryen har samarbeidd, har det vore enkelt å bli samde, for vi har delt ein forkjærleik for verk som presenterer nytt historisk materiale eller gir nye perspektiv på kjende historiske hendingar.
Det pregar også nominasjonane til Kritikerprisen for beste sakprosabok for vaksne i 2019, som er:
Torgrim Eggen: Axel – Fra smokken til Ovnen. Storyen om Axel Jensen, Cappelen Damm
Shazia Majid: Ut av skyggene. Den lange veien mot likestilling for innvandrerkvinner, Aschehoug
Anders Johansen: Komme til orde. Politisk kommunikasjon 1814–1913, Universitetsforlaget
Erlend Hegdal: Charleston i Grukkedalen, Nasjonalbiblioteket
Årets vinnarbok er kulminasjonen av eit spesielt langvarig, historisk prosjekt. Forfattaren har arbeidd med tilstøytande problemstillingar frå starten av 2000-talet, og med denne boka sidan 2013. Verket tar for seg godt kjende historiske hendingar – ja, til det trøyttande gjentekne og glorifiserte hendingar – men på ein slik måte at det gir opplevinga av å skjøne dei på ein ny måte.
Eit nedslåande trekk ved vinnarboka, er at ein må lese over 800 sider før ei kvinne trer fram i meir enn ei bisetning. Men kvinnediskrimineringa er ikkje noko vi kan skulde forfattaren for. Prosjektet belyser nemleg kvifor historia ser slik ut gjennom analysar av retorikken til makta, og makta i retorikken: Korleis den både spegla og skapte vilkåra som avgjorde kven som fekk høve til å ytre seg, delta i og påverke samfunnet.
Kritikarprisen for beste sakprosabok for vaksne 2019 går til Anders Johansen for boka Komme til orde. Politisk kommunikasjon 1814–1913.
Eg kvidde meg lenge til å skrive denne talen. Ulikt mine kollegaer i juryen, og professor Anders Johansen, er eg verken forskar eller prisløna forfattar. Som dialekttalande, nynorskskrivande kvinne frå eit lågkyrkjelege bygdemiljø er eg derimot ein ståande invitasjon til kvotering. Mange vil oppfatte dette som koketteri, og det kan eg forstå, gitt at eg faktisk har kome i posisjon til å dele ut denne prisen. Eg tar det med likevel. Ikkje berre fordi eg trur det er ei kjensle mange kjenner seg igjen i, men fordi – som det omsider gjekk opp for meg, merkeleg seint i prosessen – nettopp kjensler som dette er ved kjernen av Johansens prosjekt.
Det var ikkje berre kvinner som hadde vanskeleg for å kome til orde i den tida boka startar opp i; ved lausrivinga frå Danmark og vedtaket av ei eiga, norsk Grunnlov på Eidsvoll i 1814. Som de veit, fekk berre menn med eigedom av ein viss storleik stemmerett då. Heller ikkje alle dei våga å ta ordet om det var embetsmenn i rommet. Bonden Emret Sæter sat på Stortinget i 40 år utan å halde éin politisk tale frå talarstolen.
Johansen skildrar korleis demokratiet utover 1800-talet gradvis endra karakter gjennom det han kallar «brytninger mellom retoriske kulturer», altså normene for korleis ein måtte formulere seg, munnleg og skriftleg, for å bli lytta til og respektert i offentlege samanhengar.
Også eliten endra seg: Patriotane frå 1814 var patosfylte og begersvingande, medan «de unge fra 1830» gjorde omstendeleg «deliberasjon» mellom lærde menn utan særinteresser til idealet. Bonderepresentantane hadde vanskeleg for å hevde seg i begge desse retoriske kulturane, dei mangla både latinkunnskapen, den danske uttalen og sjølvtilliten, og vart møtt med hånlatter. Men noko var i gjære: I venesamfunna som Hans Nielsen Hauge grunnla, i arbeidarforeiningane Marcus Thrane starta, og etterkvart på høgskulane, i bygdemøta, mållaga, avhaldsselskapa, kvinneforeiningane og, til sist, dei politiske partia, fekk også den jamne mann og kvinne, arbeidarane og husmennene kunnskap, øving og – ikkje minst – mot til å delta i det politiske ordskiftet. I 1884 tok folket all makt i Stortingssalen ved innføringa av parlamentarismen, og i 1913 vedtok nasjonalforsamlinga endeleg allminneleg stemmerett for kvinner ved stortingsval.
Forfattaren portretterer dei store menn, som Johan Sverdrup, Ivar Aasen, Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson, gjennom episodar og sitat, og med blikk for korleis ulike konfliktlinjer kryssa kvarandre både i og rundt dei. Vel så spennande er møte med alle dei mindre kjende personane han har inkludert, som til dømes John Neergaard, Norges første omreisande, politiske agitator som utløyste valskred for bøndene i stortingsvalet 1832.
Boka er eit skattkammer av overraskande, opplysande fakta. Men forfattaren går også systematisk gjennom materielle vilkår for endringar i den politiske kommunikasjonen, som jernbane og telegraf. Her er filosofiske utleggingar om korleis slike nyskapingar endra oppfatninga av tid og stad. Ikkje minst tar boka grundig for seg kor avgjerande sosiale kjensler er i politikken, både «klassekamp som kamp om anerkjennelse» og moralsk indignasjon som motiverande kraft.
Ambisjonane er skyhøge og verket tilsvarande omfattande, men ingen bør la seg skremme. Som Håvard Friis Nilsen nyleg skreiv i Prosa: «Sjelden er historisk og politisk sakprosa så klart og fengende formidlet.»
Johansen er ikkje berre velformulert, men veltemperert; stilen er kjenneteikna av balanse mellom artige anekdotar, engasjerte resonnement, samvitsfulle referansar til ei lang rekkje norske historikarar og pedagogiske ordforklaringar. Somme ord har endra meining med tida; tenk at både «tarveleg» og «patetisk» ein gong var honnørord!
Ordet «jeg» opptrer sjeldan, forfattaren er først og fremst til stades som organiserande instans, stemme og haldning. Er boka dermed politisk nøytral? Mange av innsiktene er allmenngyldige. Samtidig er det ikkje nøytralt når forfattaren mot slutten av boka påpeikar at såkalla «reaksjonær retorikk» er kjenneteikna av at: «Støtten til de store blir begrunnet i omsorg for de små». Slik plasserer Johnsen seg i tradisjonen etter dei radikale kreftene på 1800-talet. Samtidig åtvarar han mot å tolke historia som ei rettlinja utvikling opp og fram – for sjølve premissane for kva som vil utgjere framsteg, endrar seg. I vår tid kan ikkje «folkelig deltakelse (…) uten videre oppfattes som retorisk siviliserende lenger», skriv han.
Å lese Komme til orde fyller ein med takksemd til dei som gjorde det mogeleg for slike som meg å tale i ein samanheng som denne. Samtidig inspirerer Johansen til å stadig anstrenge seg for å skjøne utviklinga vi er ein del av, så vi kan påverke i det vi sjølv meiner er rett retning. Slik er boka retorikk i aller beste tyding, nemleg ord med sterk verknad.
Prisen er eit trykk av Øyvind Torseter, og det er ei udelt glede å gratulere og be deg kome for å motta prisen, Anders Johansen!