Kritikerlaget

Kritikerprisen for beste sakprosabok for voksne 2021

Liv Køltzow, Kaja Schjerven Mollerin og Hans Petter Blad får Kritikerprisen for beste sakprosabok for voksne 2021 for Dagbøker i utvalg 1964–2018. Les tale til prisvinnerne her.

Kritikerlaget 03. mars 2022 PriserLitteraturNyheter
Liv koltzow foto tine poppe
Liv Køltzow. Foto: TIne Poppe

Tale ved Maria Horvei under utdelingen 3. mars 2022 på Litteraturhuset i Oslo:

Informasjonskrig, krig om sanninga, falske nyheiter, propaganda. Gamalt nytt, kan hende, men likevel er dette ord og fenomen me dei siste åra – og dei siste vekene, ikkje minst – har lært oss å frykte og å forsøke å kjempe mot med fornya kraft. Som representant for juryen for årets Kritikarpris i kategorien sakprosa for vaksne, er det freistande å bruke dette høvet til å minne om kva avgjerande rolle språkleg presisjon, samvitsfullt kjeldearbeid og redaksjonell kvalitetssikring spelar, når kunnskap om den verda me lever i skal formidlast på sannferdig – og ikkje forenklande – vis. Kanskje er det eit einskild menneske me gjennom bøkene får ei større forståing for, kanskje er det eit heilt akademisk felt, kanskje er det dei komplekse årsakssamanhengane som heftar ved eit historisk augeblikk. Eller kanskje er eit samspel av alt dette som stig fram frå boksidene me har føre oss.

Dei nominerte til årets pris strekker seg over eit stort sjangerspenn, frå den medisinsk orienterte litteraturlesinga Espen Stueland utfører i Pandemiarkivene, til dagboksnotata til Liv Køltzow, til Hallvar Notakers presise historieskriving og analyse i Arbeiderpartiet og 22. juli, til Anne Bitsch’ framstilling av tragedia som var drapet på Benjamin Hermansen i Brorskapet. Men alle har dei gitt oss ny innsikt, nye perspektiv, føya bitar og nyansar til historier me kanskje trudde me kjende godt til allereie.

Det er ein klisjé å seie at det var vanskeleg å velje ein vinnar, men årets felt var sterkt, og dei nominerte representerte ulike styrker og kvalitetar. Årets jury besto av Alf Kjetil Igland, Hilde Østby og meg sjølv, og då me til slutt kom fram til ein vinnar, var det ein vinnar som hadde begeistra oss og det med ein tekst som ikkje var skriven med mål om å begeistre – ja, faktisk ikkje med mål om å bli lest i det heile tatt. Då den 19 år gamle Liv Køltzow sette seg ned med ei blå dagbok i 1964, kunne ho ikkje vite at over skuldra hennar kikka lesarar frå 2021. Dagbøkene har følgd Køltzow gjennom heile livet. I desse har ho kunne reflektere fritt over kjærleiken og livet, over å skrive og over litteraturens vesen. Som ein sentral del av den norske kvinnekampen og medlem av den markante krinsen kring tidsskriftet Profil, sto ho midt i ei rekke av dei viktige kampane i norsk litteratur, i ei avgjerande brytingstid. I dagboka skildrar ho sitt nære venskap med Dag Solstad og kjærleiken til ektemannen Espen Haavardsholm, og seinare møter lesaren hennar andre ektemann, lyrikar og forleggar Kjell Heggelund. Det er òg gjennom skrifta ho blir klar over at det er noko gale med hennar eigen kropp, det som seinare vert diagnostisert som Parkinson.

Dagboka vart altså ikkje skriven med tanke på publisering, og i original form spenn ho over nærare to tusen sider. Bak Dagbøker i utvalg 1964–2018 ligg det med andre ord eit nennsamt og kyndig redigeringsarbeid, og Liv Køltzow deler såleis denne prisen med bokas to redaktørar: Kaja Schjerven Mollerin og Hans Petter Blad. Saman har dei gjeve oss meir enn 50 år av norsk historie sett frå eit heilt unikt perspektiv. Vinnaren av årets Kritikarpris for sakprosa for vaksne, kjem til å bli ståande som eit sentralt dokument over eit liv i litteraturens teneste.

Og med dette gratulerer eg Liv Køltzow, Kaja Schjerven Mollerin og Hans Petter Blad med Kritikerprisen for beste sakprosabok for vaksne, og inviterer vinnarane opp for å ta imot prisen, som er eit trykk av Øyvind Torseter.

Bilder

Schjerven mollerin kaja—foto julie pike
Kaja Schjerven-Mollerin. Foto: Julie Pike
Hanspetterblad foto katharina barbosa blad
Hans Petter Blad. Foto: Katharina Barbosa Blad