NRK søker litteraturkritikar

NRK søker litteraturkritikar i vikariat. Søknadsfrist: 1. april 2023

9. mars 2023

Har du god kjennskap til norsk skjønnlitteratur? Vil du jobbe med meiningsberande kulturjournalistikk for NRK? NRK sine kritikarar er Noregs mest lesne, sette og høyrde, og leverer innhald til alle plattformer.

Kritikk og meldingar hos NRK engasjerer, forklarer og set litteratur i samanheng for publikummet vårt. Dei er skrivne av folk som ynskjer å meina noko og som ynskjer å bli lesne. Du får vere med på å prege kulturjournalistikken i eit av Noregs største mediehus, og arbeide saman med mange dedikerte og kunnskapsrike kollegaer i NRK si kulturavdeling.

Ein kritikar i NRK leverer innhald til aktuelle redaksjonar og flater som Nyheitsmorgon, NRK.no og NRK Radio. Aktuelle arbeidsområde famnar eit breitt spekter av litteratur, til dømes sakprosa, underhaldningslitteratur, science fiction og fantasy – men i dette vikariatet har ein eit ekstra ansvar for norsk skjønnlitteratur.

No skal ein av deira faste kritikarar ha permisjon og NRK søkjer ein vikar for hausten 2023. 

Arbeidsoppgåver

  • Melde bøker og andre litterære utgjevingar
  • Produsere litteraturkritikk og forteljingar i lyd og tekstformat
  • Kommentere aktuelle hendingar og utvikling i litteraturfeltet og samfunnet.
  • Formidla meldingar, kritikk, anbefalingar, analyse og kommentarar skriftleg og/eller munnleg
  • Delta i arbeidet til redaksjonen med litteraturfeltet

Kvalifikasjonar

  • Oversikt og kunnskap om norsk skjønnlitteratur
  • Formidlingsevne- og kunnskap
  • Erfaring som kritikar
  • Erfaring med redigerings- og publiseringssystem
  • Solid og relevant kompetanse på litteraturfeltet
  • Kandidatar med nynorsk som arbeidsspråk vil bli prioritert.

Personlege eigenskapar

  • Entusiasme for litteratur
  • Formidlingsglede
  • Initiativ og ansvarskjensle
  • Høg fagleg ekspertise
  • Effektiv kommunikasjon
  • God gjennomføringsevne
  • Alle søkjarar blir bedne om å leggje ved arbeidsprøver til søknaden. Det vil bli gjennomført studioprøver med aktuelle kandidatar.

Nødvendig opplæring vil bli gitt etter tilsetjing.

NRK ynskjer å styrke seg med medarbeidarar som har mangfaldskompetanse. Om du kan bruke identiteten, innsikta, bakgrunnen, interessa og erfaringa di til å sjå nye perspektiv i journalistikken, har NRK lyst til å høyre frå deg.

Mer informasjon her.