Olav Dalgard og Henrik Rytters kritikarpris 2020
Olav Dalgard og Henrik Rytters kritikarpris er i dag tildelt Knut Ove Arntzen, teaterkritikar og professor i teatervitskap ved UiB.
Kjære kritikarar! Kjære publikum! Kjære prisvinnar! Det er ei stor glede for meg å fortelje at Olav Dalgards og Henrik Rytters kritikarpris i år går til teaterkritikar og professor i teatervitskap ved Universitetet i Bergen, Knut Ove Arntzen.
Kvar gong eg får æra – på vegne av juryen – å dele ut Olav Dalgards og Henrik Rytters kritikarpris plar eg minne medlemmene våre og publikum om arven etter Olav Dalgard og Henrik Rytter. Rytter var ein viktig nynorsk omsetjar av klassikarar som Dante og Shakespeare, men også forfattar med engasjement i rørsla Mot Dag på 20-talet. Olav Dalgard var også tilknytt Mot Dag. Han var litteraturkritikar i Dagbladet og Arbeiderbladet, dramaturg og instruktør ved Det norske teatret, filmregissør og ein engasjert litteraturformidlar i rikskringkastinga. Ei periode sat Dalgard som leiar av Norsk Litteraturkritikarlag. I dag ber eg dykk vere med og tenke litt på Dalgards innsats for teaterkritikken og norsk teater; det er nemleg med på å kaste lys over årets mottakar av Olav Dalgards og Henrik Rytters kritikarpris.
Allereie i 1934 ga Dalgard ut boka Sosialt teater på Tiden forlag der han tok til orde for eit radikalt sosialt teater for arbeidarar og amatørar, som kritisk-demokratisk alternativ til dei estetiserande, borgarlege institusjonsteatra. Eit tjueår seinare ga han ut det teaterhistoriske verket Teatret i det 20. århundret som introduserte dei største nyskaparane innanfor moderne scenekunst.
Årets prisvinnar får tole å bli plassert på skuldra til teatermannen og teaterhistorikaren Olav Dalgard. Knut Ove Arntzen har gjennom heile karrieren sin – i likskap med Dalgard – studert den moderne scenekunsten i Europa for å kunne fortolke, fortelje om og diskutere den med eit norske teatermiljø og teaterinteressert publikum. Han har gjort det som teaterkritikar i Arbeiderbladet på 70-talet og 80-talet, i kronikkar om eksperimentelt gruppeteater i Bergens Tidende, som foreleser ved Universitetet i Bergen, som instruktør i teatergruppa Smugteatret i Bergen, han har gjort det i samtaler med markante regissørar og skodespelarar i Europa og som teaterforskar. Han har freista å forstå, transportera og omsetja det moderne teatrets prinsipp til norsk språk og til eit forståeleg norsk, og hjelpt scenekunstnarar med å utvikle sine idear og sin teaterpraksis her heime. Han har jamvel pønska ut relevante omgrep for moderne scenekunst der det norske språket ikkje strekk til eller der den teoretiske refleksjonen rundt scenekunsten ikkje er godt nok utvikla. Som døme kan eg nemne omgrep som ‘postmainstream teater’, ‘den likestilte dramaturgien’ eller ‘resirkulering av kunsteriske virkemidler’.
Dei tallause meldingane hans i Arbeiderbladet på 70- og 80-talet vitnar om Arntzens unike kompetanse om og engasjement for norsk teater. Artikkelsamlinga hans Det marginale teater. Et nordisk blikk på regikunst og ambiente forsøk frå 2007 viser korleis han har utfordra og endra den analytiske og kritiske samtalen om samtidsteatret; også på det teoretiske området. Dei mange internasjonale publikasjonane hans, og festskriftet til 60-årsdagen hans i 2010 Når teori og praksis likestilles, fortel dessutan om det nedslaget han har hatt både i Europa og her heime.
Tidlegare i haust fekk Arntzen Hedda-komiteens ærespris saman med teatersjef Sven Åge Birkeland for sitt arbeid med norsk teater. Så kan vi gremme oss over at Covid-19 førte til at kritikarane sin pris – den kloke bronseugla lagd av Sivert Donali – diverre måtte delast ut virtuelt og i etterkant av denne æresprisen. Uansett. I dag stel vi Arntzen tilbake som kritikar ved å sitere hans viktige påminning om kritikkens meining i vår tid: «Kunstkritikk så vel som forsking bidrar til å skape kunstfaglig forståelse for formmessige uttrykk ut fra innsikt og praksis, og den kunstneriske praksis må på sin side bevisstgjøre seg i forhold til teaterkritiske og refleksive posisjoner».
Gratulerer, Knut Ove!
Trond Haugen