Kritikerlaget

Olav Dalgard og Henrik Rytters kritikarpris 2021

Olav Dalgard og Henrik Rytters kritikarpris (tidligere Olav Dalgards kritikarpris) er i dag tildelt Jan Askelund for hans mangeårige innsats som kritiker.

Kritikerlaget 16. april 2021 PriserLitteraturNyheter
Jan askelund foto jan idar waage, stavanger aftenblad
Jan Askelund Foto-Jan Idar Waage, Stavanger Aftenblad

Kjære kritikarar, kjære publikum og kjære prisvinnar!

Om eg skulle få ein ung kritikar i dag til å tenkje gjennom kva det vil seia å leva eit heilt liv som kritikar i dagspressa, så ville eg råda henne til studera årets mottakar av Olav Dalgards og Henrik Rytters kritikarpris: forfattaren, omsetjaren, lektoren og sjølvsagt kritikaren Jan Askelund.

Kort tid etter at Jan O. Askelund debuterte som skribent – så langt eg kan sjå – i Rogalands avis på julaftan 1960 med ein artikkel om studentane sin økonomi, byrja han å skrive litteraturkritikk i avisene. Fyrst i Stavanger Aftenblad frå 1963 til 1967 (medan han tok cand. philol.-graden ved Universitetet i Oslo), deretter i Rogalands avis frå 1968 til 1982, før han vende attende til Stavanger Aftenblad i 1983. Der har han vori sidan. Vi snakkar med andre ord om ein litteraturkritikar med ei dagspressekritisk karriere på om lag seksti år!

Om ein ung kritikar tok seg tid til å lesa Askelunds kritiske forfattarskap ville ho ha latt seg forbausa over det djupe og varige engasjementet denne kritikaren har lagt for dagen gjennom sine 60 år i dagspressa. Ho ville ha notert seg at han var ein særleg habil poesikritikar, at han hadde ein sikker sans for kvalitet, at han ikkje var redd for å si kva han meiner, og at han for det aller meste freistar å grunngje og argumentera for dei dommane han fellar. Ho ville kanskje oppdaga at denne eine einskilde kritikaren kunne lesast som eit prisme for norsk litterær offentlegheit frå tidleg på 1960-talet til i dag, og som eit førebilete for ei forplikta deltaking i den offentlege samtalen om litteratur i vidaste forstand. Ho ville setja pris på meldingane hans av Jan Kjærstad si debutbok Kloden dreier stille rundt frå 1980, eller av debutboka til Trude Marstein Sterk sult, plutselig kvalme frå 1998. Ho ville ha lesi meldingane hans av omsett litteratur; frå Sylvia Plath til Olga Tukarczuk. Og ho ville ha lagt merke til dei påfallande mange kritikkane hans av dei litterære tidsskrifta på 1970- og 80-tallet, med titlar som Profil, Vinduet, Poetica, Gyldendals Aktuelle Magasin og Café Existens. Kanskje ville ho også ha stilt seg spørsmålet om korleis det var mogleg for regionalaviser som Rogalands avis og Stavanger Aftenblad å setja av så mykje plass til å formidla samtidas poesi, litteratur og sakprosa på denne tida, og ikkje minst kva for tyding det må ha hatt for unge og gamle lesarar av desse avisene.

Det er vanskeleg å tenkja seg ein meir fortent mottakar av denne tradisjonsrike prisen enn Askelund. I lange periodar har han skrivi meir enn femti meldingar årleg (!) av norsk samtidslitteratur, sakprosa, tidsskrift og omsett utanlandsk litteratur. Han har reflektert over kva det vil seia å vera dagspressekritikar i tidsskriftet Norsk litterær årbok. Han skriv både på nynorsk og bokmål, og han skriv underhaldande og godt! Det tek ikkje lang tid før ein snublar over eit av dei mange varme og humoristiske kritiske gullkorna i kritikken hans. I ei melding av Sylvia Plaths Birøkterens dotter kommenterer Askelund omsetjingas noe alderdommelege preg med følgjande understatement: «Hun [Plath] var nok overspent, men verken skvetten eller riksmålsmenneske». I ein kommentar til Vinduet (3/86), der hovudfokus ligg på Atle Kittangs artikkel om Kjartan Fløgstads roman Det 7. klima, opnar han med denne setninga: «Atle Kittang er ikkje bare den glupaste litteraturkommentatoren i landet; han har begynt å skryta av det sjølv». Og då han ein haustdag i 1970 hadde svinga svepa over utgjevinga av Knut Hamsuns Brev til Marie, makta han å få Dusteforbundets Darwin P. Erlandsens tilslutning i Dagbladet for mellom anna dette knyttneveslaget: «– Min elskede på Jorden! galer den middelaldrende hane henrykt, gang på gang. Hvor skulle han ellers ha noen elskede, foreløpig?».

Olav Dalgards og Henrik Rytters kritikarpris er ein av Kritikarlagets mest tradisjonsrike priser. Dei gongene eg har fått lov til å dela han ut, har eg prøvd å minne både meg sjølv og andre på kven kritikarane Olav Dalgard og Henrik Rytter var. Begge to var knytt til det radikale miljøet rundt Mot Dag i mellomkrigstida. Rytter er kanskje mest kjend for sine omsetjingar av Dante og Shakespeare og sitt konsekvente oppgjer med nazistanes raseteoriar på 30-talet, medan Dalgard er kjend som engasjert målmann, teatermann og filmaskapar. Eg trur begge ville satt pris på Jan Askelunds solide nynorske, kritiske prosa og hans ærlege humanistiske engasjement. Prisen er ei bronseugle modellert av Sivert Donali og 10 000 kr! Gratulerer, Askelund!

For stipendkomiteen i Norsk kritikerlag,
Trond Haugen