Kritikerlaget

Olav Dalgard og Henrik Rytters kritikarpris 2019

Olav Dalgard og Henrik Rytters kritikarpris (tidligere Olav Dalgards kritikarpris) er i dag tildelt Ingunn Økland for sin mangeårige innsats som kritiker i Aftenposten.

Kritikerlaget 09. mars 2019 PriserTeaterLitteraturNyheter
Ingunn oekland
Ingunn Økland

Kjære kritikarar! Kjære prisvinnar! Årets Olav Dalgards og Henrik Rytters kritikarpris går til Ingunn Økland (f. 1969).

Dei få gongane eg har fått æra av å dela ut ein av dei finaste prisane i Norsk kritikerlag sin portefølje, den prisen som no har fått namnet Olav Dalgards og Henrik Rytters kritikarpris, har eg nytta det alvorstunge, men lukkelege høvet til å minne om kven kritikarane som står bak denne prisen var. Olav Dalgard var ikkje berre litteraturkritikar i Dagbladet og Arbeiderbladet. Han var også dramaturg og instruktør ved Det norske teatret, litteraturformidlar i rikskringkastinga og filmregissør. Ei periode sat han jamvel som leiar av Norsk litteraturkritikarlag. Henrik Rytter var kritikar, lyrikar og omsetjar. Han er mellom anna kjend for å ha omsett klassikarar som Shakespeare og Dante til nynorsk. Både Dalgard og Rytter knytte seg til den kulturradikale krinsen rundt Mot Dag. I 1937 åtvara Rytter mot nazismens raseteoriar i stridsskriftet Norden har ordet.

Det er med andre ord inga lett bør årets mottakar av Olav Dalgards og Henrik Rytters kritikarpris får på sine skuldrer. Men; om noen kan bera ei slik bør, så er det ho!
Ingunn Økland her i løpet av dei siste drygt tjue åra vori ein av dei viktigaste litteratur- og filmkritikarane i ei av landets største aviser, Aftenposten. Aftenposten er kan hende ikkje det mest kulturradikale organet i vår tid, og kanskje ville både Rytter og Dalgard rulla med augo om dei hadde høyrt at prisen gjekk til ein kritikar i ei av krigsåras aller mest tvilsame aviser… Men så er det slik med kritikken, at den sjeldan lar redusera til eit politisk program eller ein klår ideologi.

Heilt sidan ho starta som frilanskritikar i Aftenposten i 1996 har Ingunn Økland skrivi kritikkar med ein sjeldan intellektuell integritet. I starten las ho norsk samtidslyrikk med eit sakleg og analytisk blikk som lenge hadde vori sakna i aviskritikken. Resultatet av det var at ho allereie i 1997 fekk prisen som Årets litteraturkritikar av det dåverande Norsk litteraturkritikarlag. Det er ikkje anna å seie enn at det er imponerande å helde ein så høg standard i sitt kritiske virke over så mange år.

Ingunn Økland er ikkje redd for å vera kontroversiell. Ho har gjennom dei mange åra i Aftenposten både satt i gang og tatt del i sentrale intellektuelle debattar; om samtidspoesi, om norske litteraturfestivalar, om den amerikanske krigføringa i Afghanistan, om norsk sjølvsensur i karikaturstriden og om røyndomslitteraturens sine utfordringar med respekten for privatlivets fred.

Ho går ikkje av vegen for å kritisera dei største forfattarane, nei, kanskje er det nett då ho går hardast til verks. Som når ho slår fast i ein kritikk av Dag Solstads essay om ytringsfridom frå tidsskriftet Samtiden i 2008, at Solstads kunstsyn viser seg å vera «fullstendig ubrukelig i et ytringsfrihetsperspektiv».

Eller når ho den 27. oktober 2003 skapar lyrikkdebatt på kommentarplass med ei lang og grundig drøfting av den norske samtidspoesien i samband med Steinar Opstads antologi Men sannheten kom som et dikt, og kjem med følgjande innspel til debatten: «I en fersk antologi påpeker Steinar Opstad at debutantene fra nittitallet er opptatt av å skrive helstøpte diktsamlinger, ikke originale enkeltdikt. Det er synd. For poesihistorien dannes av enkeltstående lykketreff, ikke en rad gjennomtenkte diktsamlinger».

Og eg treng vel knappast å minne mine kritikarkollegaer om Økland si sentrale, men også kontroversielle rolle i den store debatten om Vigdis Hjorths roman Arv og miljø, der ho både aforistisk og syrleg minna oss om kor naudsynt det er å tenkje etikk også når ein skriv fiksjonslitteratur: «Vil man gjøre maksimal skade uten å risikere straff, så skriv en roman».

Vi treng ikkje alltid å vera einige med Ingunn Økland. Ho kan til og med gjera oss forbanna. Men ho seier det ho meiner, og forklarar lesarane tydeleg kvifor ho meiner det. Det er slike kritikarar som lærer oss å skjerpe våre eigne standpunkt.

Kjære Ingunn Økland! Olav Dalgards og Henrik Rytters kritikarpris er ei bronseugle modellert av Sivert Donali og 10 000 kr! Gratulerer!

For stipendkomiteen i Norsk kritikerlag
Trond Haugen

Olav Dalgards kritikarpris ble første gang delt ut i 1981. Prisen består av kr 10 000 og en bronseskulptur, modellert av Sivert Donali. Prisen går annen hvert år til en litteraturkritiker og fjerde hvert år til en teater- eller filmkritiker.