Sosial dumping av frilansarar

Journalisten.no har idag ein sak om korleis stadig lågare honorar gjer det vanskeleg å greie seg som frilansar for norske medier.

3. juni 2014

I artikkelen, som er skriven av Aslaug Olette Klausen, vert Dagens Næringsliv halde fram som den avisa som betalar best, medan Klassekampen er blant dei som betalar minst. Ansvarleg redaktør Bjørgulv Braanen viser til at Klassekampen har ei historie med dugnadstradisjon basert på idealisme, men framhevar at dei prioriterar å gi rimelege honorar til bok- og musikkmeldarar som skriv mykje for avisa.

Journalisten.no varslar fleire saker om vilkåra for frilansjournalistikk.

Les heile saka hos Journalisten.no