Kalender

Nyhetsbrev

Ja takk, jeg vil gjerne ha nyhetsbrev fra Kritikerlaget.





Tekstallianse ikkjeetterboka some 2101213

#ikkjeetterboka

Opprop mot seksuell trakassering i bokbransjen

Kritikerlaget 28. januar 2021 YtringerNyheter

På bakgrunn av resultater som har kommet fram i en større undersøkelse, har Tekstallianse tatt initiativ til opprop mot seksuell trakassering i bokbransjen.

I kjølvannet av metoo satte bokbransjen i gang en undersøkelse for å kartlegge seksuell trakassering i egne rekker. Det skriver NRK i en sak forrige uke. Resultatene er nedslående, der det kommer fram at blant 1951 respondenter så svarer 4–15% at de har opplevd seksuell trakassering – avhengig av hvordan det defineres. Hele 60–80% ansatte og forfattere gir uttrykk for manglende varslingsrutiner.

Undersøkelsen er gjennomført av Den norske forleggerforening i samarbeid med Ipsos, på vegne av bransjen.

På opprop.net kan man nå lese – og signere – følgende opprop:

Forfattarar, redaktørar, arrangørar, skribentar, kritikarar, litteraturformidlarar, samtaleleiarar, korrekturlesarar, designarar, litteraturvitarar, dramatikarar, festivalar, tidsskrift, omsetjarar, forlag, bibliotek, produsentar, agentur, skriveskular, bokhandlarar, litteraturhus og andre tekstallierte.

Nyleg blei resultata av den store bokbransjen-undersøkinga om seksuell trakassering lagt fram. Nærare 2000 har svart, og 4% av respondentene svara at dei i løpet av dei siste to åra har blitt utsatt for seksuell trakassering eller overgrep i jobbsamanheng. Går ein lenger tilbake i tid, er det langt fleire som melder om uønska opplevingar.

Forfatter Agnes Ravatn skildrar situasjonen slik:
«Bokbransjen er som kjend marinert i alkohol, framleis tungt romantisert, grenseoverskridande oppførsel blir premiert, og ære og lovord kan få fram det absolutt verste i kven som helst. Og for dei som måtte tenkje at smittevern set ein effektiv stoppar for seksuell trakassering – ein har alltids telefon.» (Aftenposten 8. november 2020)

Bokbransjen er ein uoversiktleg bransje, med mange frilansarar og forfattarar utan arbeidsgjevar. Vi er glade for at ein samla bransje no arbeider med både å kartleggje og synleggjere situasjonen, etablere varslingsrutinar og foreslå vegen vidare, og vi treng fellesskapet for å realisere dette.

Saman for ein trygg bokbransje!