Kritikerlaget

Kritikarsalong om Knausgård-resepsjonen i Skandinavia

Torsdag 20. september møttest tre av Skandinavias mest profilerte Knausgård-lesarar i Norsk kritkerlags lokale i Oslo til ein diskusjon om eigne og nasjonale perspektiv på verket Min kamp. Første – sjette bok: Poul Behrendt frå Danmark, Ebba Witt-Brattstrøm frå Sverige og Tom Egil Hverven frå Noreg.

Margunn Vikingstad 25. september 2012 DebattLitteraturReferaterKritikersalong
Img 0068

Min kamp har blitt ein suksess i både Noreg, Sverige og Danmark. Men les vi det same? I Noreg har dei moralske konsekvensane i boka tatt mykje plass. I Sverige har feministiske innvendingar vore dominerande, mens danske kritikarar særlig har sett pris på de forteljetekniske aspekta ved Min kamp. Torsdag 20. september møttest tre av Skandinavias mest profilerte Knausgård-lesarar i Norsk kritkerlags lokale i Oslo til ein diskusjon om eigne og nasjonale perspektiv på verket Min kamp. Første – sjette bok: Poul Behrendt frå Danmark, Ebba Witt-Brattstrøm frå Sverige og Tom Egil Hverven frå Noreg. Ordstyrar var Astrid Fosvold frå Norsk kritikerlag.

Poul Behrendt, professor ved nordiske studier og språkvitskap ved Københavns Universitet, opna med å peike på det han meinte var tre unike aspekt ved Min kamp, bortsett frå omfanget: at ein må tilbake til Ibsen og Strindberg for å sjå eit liknande fenomen der eit verk blir lese samtidig i dei tre skandinaviske landa, at Knausgård går lenger enn nokon annan forfattar i å skrive fram det verkelege, det sjølvbiografiske, i romanteksten, og at verket òg er epokegjerande ved at det har utfordra, og endra, resepsjonen ved universiteta.

Den danske resepsjonen, ved m.a. Behrendt, har i hovudsak dreidd seg om spørsmålet: Kva slags verk er dette? Om ein skal tru på omslaget så er det ein roman i seks band. Når ein slår opp og begynner å lese i verket er det heilt tydeleg ein tekst som vekslar mellom den sjølvbiografiske verkelegheita på den eine sida og romanfiksjon på den andre. Boka burde altså lett kunne bli rubrisert under hybridsjangeren autofiksjon, men det har likevel vore eit lite brukt omgrep om Min kamp.

Behrendt viste til den svenske litteraturprofessoren Arne Melberg som var den første til å slå fast at ein stod overfor noko heilt nytt, eit litterært novum. Han døypte heile verket ”En litterær kentaur”: En romankropp med biografisk hode som ikke desto mindre er en helhet og ikke noe kunstig blanding”. I Danmark gjekk Hans Hauge motsett veg og definerte verket som bastarden fiksjonsfri fiksjon.

– Men kva skjer om ein snur på metaforen til Melberg og seier at verket har ein biografisk kropp med eit romanhovud? Ingen har klart å peike på kor det fiktive i verket er. Eit av problema i Noreg har vore at ein ikkje finn ord for det nye, jamfør Melberg. Jan Kjærstad på si side endar i ein artikkel i Aftenposten med å definere det sjølvbiografiske i Min kamp som hyperfiksjon, ikkje hyperrealisme, sa Behrendt.

Behrendt meinte at få har vore merksame på at verkelegheita blir framstilt, konstruert, og at det ikkje berre finst éin fiksjon. Knausgård brukar fri indirekte diskurs, ein forteljeform i førsteperson der han kan bruke sitt eige namn og slik skape ein svært radikal nærværsillusjon når det gjeld representasjon av bevissheita, samtidig som teksten blir fleirstemmig. For kva stemmer er det eigentleg som snakkar?

Problemet er, meinte Behrendt, at dei profesjonelle forsøka på å identifisere dette litterære novumet heng fast i ein etablert tanke og definisjon; autofiksjonen eller Behrendts eige omgrep dobbeltkontrakten. Ut frå Min kamp sin relasjon til verkelegheita kan boka verken kallast begivenheitsfiksjon (ein fiktiv representasjon og sirkulasjon av verkelegheita) eller verkelegheitseffekt (å forsyne ei påstått verkelegheit med fiksjon). Behrendts forslag er omgrepet autonarrasjon, som han meiner er det heilt sentrale og unike trekket ved Min kamp: ei forteljeform som omfattar den som ser og den som snakkar, og det som blir sett og det det blir snakka om i ei og same dobbeltreflekterande handling.

Ebba Witt-Brattström, professor i nordisk litteratur ved Helsingfors Universitet, har posisjonert seg med feministiske lesingar av Min kamp. Ho opna innlegget sitt med å seie at i Sverige er det truleg meir akseptert å sjå på kjønnspolitiske aspekt i litteraturen enn i resten av Norden. Witt-Brattström les Min kamp mellom anna ut frå omgrep som den falliske faren og korleis Knausgård går i krig med den. Ho er òg er opptatt av ei litteraturhistorisk lesing og korleis Knausgård skriv seg inn i ein litteraturhistorisk mannstradisjon: den mannlege einsemdas poetikk, og peikte i innlegget sitt på at den intimiseringa av kjønnskrigen som ein finn i Min kamp, står i ein tradisjon frå m.a. Strindberg.

Eit av Bratt-Wittströms kritiske innspel er at Knausgård prøver å unndra seg ansvaret for den kjønnskrigen han manar til i verket. På same tid som ei av dei store styrkene i Min kamp er den på mange måtar nyskapande skildringa av den vanskelege sosialiseringa hos ein gut, mann og far. Det første kjønn kunne ha vore ein passande tittel på verket, meinte Witt-Brattström, for det er symptomatisk korleis Karl Ove definerer seg sjølv som subjektet og Linda som den Andre.

Tom Egil Hverven, litteraturkritikar i Klassekampen, påpeikte at verkets sjanger med sine klare trekk av nonfiksjon har skapt forvirring og forarging, og at det har vore heilt legitimt å stille etiske og moralske spørsmål.

– Ein bør kunne seie at det finst ei einigheit om at utgivinga er problematisk. Og eit talande eksempel på det er ekskona Tonje sin gode radiodokumentar om dette. Der viser Knausgård på same tid at han står for det han har gjort, og han vågar å møte dei etiske og moralske problema heilt konkret ved å stille opp i dokumentaren og diskutere dette med Tonje. Kan en forlange meir av ein sjølvbiografisk forfattar, spurde Hverven retorisk.

Det Hverven vurderer som meir problematisk er når Knausgård flyttar dei litterære metodane sine over på eit anna menneske, som lever, slik han gjorde i analysen sin av Breivik, ”Det monofone mennesket” m.a. publisert i Dagens Nyheter.

– Men eg meiner same kva at Min kamp er eit stort verk, og når den velrennomerte kritikaren James Wood melder verket i The New Yorker og skriv at ”Even when I’m bored I’m interested", så seier det noko om det store ved verket.

Hverven trekte m.a fram korleis Knausgård evnar å bruke og omforme bibelhistorier, som historia om Kain og Abel, noko han særleg gjer i En tid for alt.

– Det er band mellom Knausgård og Jon Fosse som t.d. romanen hans Morgon og kveld. Både Fosse og Knausgård skaper litteratur ut frå tanken om at det å skrive er å trekke det som finst ut av skuggane frå det vi veit. Og det finst ein slags bibelsk tradisjon i samtidslitteraturen i Noreg i dag. Eg er ueinig med Ane Farsethås når ho i boka Herfra til virkeligheten. Lesninger i 00-tallets litteratur stemplar dette som tradisjonalisme.

Hverven meinte òg at eit kvalitetstrekk ved Min kamp er at det er eit integrerande verk der store og små spørsmål står side ved side.

I diskusjonen etter dei tre innlegga meinte Behrendt at det ikkje finst noko grunnlag i verket for den moralske indignasjonen som journalistar og redaktører i Noreg har vore dei fremste eksponentane for. For det er jo ikkje sant det som står der, og dermed kan ein heller ikkje krevje sanning av verket. Det finst ikkje noko juridisk grunnlag for å gå til sak mot Oktober, sa Behrendt.

Ordstyrar Astrid Fosvold spurde paneledeltakarane om kva ein eventuelt kan vinne ved at det finst ei skandinavisk samlesing av Min kamp. Hverven understreka det som allereie var kome fram i debatten; at det viser kor ulikt eit verk kan lesast. Ei skandinavisk samlesing har òg hjelpt å plassere verket i ein større litterær kontekst, som t.d. Knausgårds band til Stig Larsson. Han meinte elles at ein må vere forsiktig med altfor eintydige ideologiske lesingar av Min kamp og at Witt-Brattströms lesing av Knausgård reduserer verket. Ho gav ein kort replikk på at feminisme ikkje er ein ideologi, men ein tolkingsmåte innan litteraturvitskapen og at hennar lesning opnar verket og tilfører det noko nytt.

– Det er eit viktig aspekt i boka korleis einsemdas mannlege poetikk blir dyrka. I staden for å sjå og lytte til Linda, stormar han inn på rommet sitt for å skrive. Alle dei litterære referansane hans er mannlege, og det er tydeleg at for å vere ein stor forfattar, må en vere mann. Dette er noko som blir problematisk i verket, men denne måten å sjå og lese verket på vil ikkje seie at eg nedvurderer kvaliteten på det. Dette er ikkje ei moraliserande lesing. Eg meiner òg at Min kamp er eit stort verk, sa Witt-Brattström.

Behrendt stilte seg kritisk til Witt-Brattströms lesing og hevda at om det ikkje var ei ideologisk lesing, så var det i det minste ei psykokologisk lesing. Han meinte at problemet i dette verket ikkje er den falliske faren, men det motsette, at faren fell saman. Han som har vore Gud blir altfor menneskeleg, han drikk osb. Det er problemet for Karl Ove i teksten, hevda Behrendt. Witt-Brattström svarte at dei nok snakka om det same, om den allmektige faderen og fallet hans, men Behrendt held fast ved at dei var uinige og at Freud ikkje var løysinga.

– Det er forferdeleg at han i løpet av 3600 sider berre les menn, det er eg heilt eining i, kommenterte Hverven. – Men det er svært mange scener som blir skildra der han ikkje spring vekk for å skrive, men nettopp berre vil vere saman med barna, i familien. Og ein skal ikkje gløyme at det finst sjølvironi hos Knausgård òg, sa Hverven.

Ordstyrar spurde vidare korleis dei ulike paneldeltakarane vil plassere Knausgård i litteraturhistoria. Witt-Brattström meinte at Knausgård vil bli lesen om 150 år slik ein les Strindberg i dag. Dette er ein intellektuell roman som kanoniserer eit mannsideal med antikke anar og rommar slik ein moralsk problematikk som er svært interessant. Knausgård kjem til å bli ståande som ein som klarte å problematisere mannstradisjonen. Ho meinte òg at verket er ei revitalisering av romantradisjonen.

Hverven la til at Knausgård ikkje minst problematiserer det skandinaviske sosialdemokratiet på ein svært interessant måte.
– I band 5 oppdagar han at han ikkje er eit einsamt invivid. Han har nære venskap med Tore Renberg og Espen Stueland. Det løysnar litterært for Knausgård når han sluttar å isolere seg. Slik ligg det ein sosial integrerande ambisjon i verket.

Behrendt sa seg eining i storheita ved verket og viste til korleis han bruker litteratur som erkjenning, og siterte på same tid Knausgård med: ”Aldri, aldri feil tar hjertet.”

– Og så er Min kamp det definitive brotet med Askildsen-paradigmet i norsk samtidslitteratur, supplerte Hverven.

Frå salen spurde litteraturkritikar i NRK Knut Hoem om det ikkje er eit problem å vurdere kvaliteten i Min kamp når ein veit at det har blitt skrive i eit slags vekebladtempo. Hverven svarte med å vise til ein samtale medllom Knausgård og Renberg på Litteraturhuset i Oslo der Renberg påviste at mange av tekstdelene i Min kamp er henta frå tidlegare tekstar av Knausgård, altså gjennomarbeidde tekstar som blir brukt på nytt. Dermed blir ikkje tida som Knausgård har brukt på å skrive dei seks banda så eintydig som det i utgangspunktet kan verke. Behrendt meinte at Knausgård utan tvil har vore i ein tilstand som er umenneskeleg når han har skrive, og Witt-Brattström viste til Stig Larsson betydning for Knausgårds eiga skriving og kor fort og kor mange detaljar som er utan poeng òg i Larssons bøker.

Kritikar og forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket Trond Haugen tok ordet for å slå eit slag for den feministiske tilnærminga, ein lesemåte det er altfor lite tradisjon for i Noreg, der det heller er illusorisk sosialdemokratisme og konservatisme, som rår. Haugen peikte på at Knausgård openbert ikkje er progressiv i politisk forstand. Så kor skal ein plassere Knausgård, spurde han. Tilbake til Camilla Collett. Den allmenne oppfatninga er at ho skriv autentisk, men ho har òg eit litterært prosjekt, og området er det private. På den måte gir ho det undertrykte kjønnet, det andre kjønnet, ei stemme, sa Haugen.

– Men der Collet går frå det private og inn i det offentlege, går Knausgård, baklengs, ut av det offentlege og inn i det private. Knausgård har skrive eit verk der mannen får lov å vere mann på den passive måten – som er vedunderleg å lese. Slik skildrar han ei slags tidsånd; ein negativ narsissisme. Ikkje fordi han elskar seg sjølv, men fordi han hatar seg sjølv. Han blir ein slags omvendt Collett. Collett får stemme, mens Knausgård mistar stemme, sa Haugen.