Nye risikosoner ? også for kritikarane?
I regi av Norsk Kulturråd og Makt- og demokratiutreiinga benka 130 deltakarar seg til myteknekkjande debatt rundt temaet «Risikosoner» torsdag og fredag.
Stikkorda var ny teknologi, nye medier, ny økonomi. Nye relasjonar mellom kunstnarar og samfunnet, mellom kunstnarane og dei offentlege institusjonane. Satt opp mot det tradisjonelle vestlege kunst- og kunstnarsynet som delte vogge med industrisamfunnet: Den reine, autonome kunsten som blei kunst ved å markera avstand til samfunnet og den allmenne kulturen. Kva skjer så med denne tradisjonelle kunstforståinga i dei nye risikosonene, soner der den blir utfordra av innvandrarar og av kulturindustri, av kunstnarar som hentar teikn og ytringar utover den kulturen og dei verkemidla vi kjenner igjen som kunstens eigne? Klarer kunsten behalda si uttrykkskraft når kommunikasjon i aukande grad blir eit marknadsprodukt? Når kjende skiljer mellom kunst og ikkje-kunst blir viska ut?
Det er ein tekst og ei uttrykt bekymring det er lett å slutta seg til. Det høyrest riktig ut. Høyrest riktig urovekkjande ut. Men risikabelt blei det først når samfunnsvitarar, humanistar og kunstnarar i løpet av seminaret begynte å plukka teksten frå kvarandre. Når dei ikkje tok utgangspunkt i formuleringar i teksten, men kikka tvers gjennom dei istaden.
Stian Grøgaard, biletkunstnar og teoriansvarleg ved Statens Kunstakademi, tok tak i autonomiomgrepet. Hevda at det er brukt opp, det er avlegs. Vi trur ikkje på det lenger, ingenting kan vera heilt reinskore, heilt uavhengig av alt anna. Det blir for mekanisk, for flatt, det plasserer kunsten i eit avmektig reservat. Der kan det moralsk korrekte få koma til uttrykk utan at nokon risikerer noko som helst. Kunsten blir bare kunst. Då er ikkje eit sterkt autonomiomgrep nokon garanti for ei sterk uttrykkskraft. Tvert imot. Kanskje kunne ein svakare kunstterm, eit svakare autonomiomgrep heller opna for ei sterkare uttrykkskraft?
Førsteamanuensis Erling E. Guldbrandsen haldt fram at det mest risikable er å bli ved det estetiske, den innovervende skapinga er like aktuell. Der finst ikkje noko anna enn eit relativt autonomiomgrep, verket har difor aldri vore lukka, samfunnet nedfeller seg alltid immanent i verket. Endring og forvandling er eit konstituerande trekk ved kunstverket, eit uuttømeleg spel i møtet mellom det endelege og det uendelege. Den estetiske erfaringa kan ikkje reduserast til bare kontekstar og relasjonar, men er ein ureduserbar essens ved verket sjølv.
Desse to innlegga skulle gi liv til ei underliggjande problemstilling gjennom seminaret.: Dei grunnleggjande forskjellane mellom samfunnsvitarar og humanistar. Der samfunnsvitaren ser relasjonar og kontekstar, ser humanistane eigenart og essens. Når dei møtest, vil før eller seinare humanisten bli skulda for å vera puritanar, og samfunnsvitaren for å overfortolka relasjonar. Det blei særleg tydeleg mot slutten av konferansen, i debatten etter sosiolog Svein Bjørkås? sitt innlegg. Han peika nettopp på endringane i relasjonar og maktstrukturar, og haldt fram dei mange festivalkonsepta som eksempel. Han slo fast at grunnlaget for monolittisk profesjonsmakt i Norge er i ferd med å forvitra, og at kunstens utopiar står for fall. Denne nedbrytninga av profesjonane fører igjen til ein aukande etterspørsel etter kvalitetsevaluering.
For eigen del sluttar vi at utfordringane til kritikarstanden aukar, ikkje bare i etterspørsel, men også i form av eit underliggjande krav om å finna eit språk som nyansert nok kan ta opp i seg desse endringane. Eit språk som både finn si forankring andre stader enn i gamle skilje mellom kunst og ikkje-kunst, og strekkjer seg utover sjangrane som var knytta til dei etablerte profesjonane.