Oppsummering: Kritikarseminaret 2019

Kritikarseminaret 2019 blei arrangert torsdag 23. og fredag 24. mai på Lillehammer under tittelen «Utvidelse av kampsonen – Norsk litteraturkritikk etter det moderne gjennombrudd». Her følger en oppsummering.

21. august 2019
Kritisk kvartett: Frode Helmich Pedersen, Elisabeth Frøysland Pedersen, kvartettgjest Audun Lindholm, og Eirik Vassenden.

Kritikarseminaret 2019 blei arrangert torsdag 23. og fredag 24. mai på Lillehammer under tittelen «Utvidelse av kampsonen – Norsk litteraturkritikk etter det moderne gjennombrudd». Seminaret tok utgangspunkt i arbeidet Sissel Furuseth, Jahn Holljen Thon og Eirik Vassenden har gjort med Norsk litteraturkritikks historie 1870–2010 (2016), og i Kritikarlagets kåring av dei ti viktigaste litteraturkritikarane sidan det moderne gjennombrotet. Juryen for kåringa presenterte lista si rett før seminaret, og resten av seminaret var sett av til debattar, samtalar og foredrag om kåringa og kritikkhistoria.

Les mer om kåring her.

Litteraturprofessor Jahn Holljen Thon, som var medredaktør for kritikkhistorieverket, døde i fjor, og etter ei kort innleiing frå arrangørane opna seminaret med eit foredrag i Thons ånd: Vagant-redaktør Audun Lindholms snakka om tidsskriftkritikk under tittelen «Tidsskriftene ved et tidsskifte? Linjer etter Thon».

Tidsskriftene ved et tidsskifte? Linjer etter Thon
Lindholm tok utgangspunkt i Jahn Holljen Thons doktorgradsavhandling om tre skandinaviske tidsskrifter, Refleksjon – kritikk – protest. Forståelsesformer i unglitterære tidsskrifter: Heretica, Rondo og Profil (2001). Begrepet «unglitterært tidsskrift» står for «publikasjoner med små opplag, nye ideer, tette forbindelser mellom utgiver og lesere og ikke-kommersielle hensikter.»

Lindholm beskrev i foredraget både nyere norsk tidsskrifthistorie og dagens situasjon for tidsskriftene og kritikken. Han trakk linjer fra tidsskriftets viktige offentlige rolle på 1700-tallet til situasjonen i dag, i digitaliseringens tidsalder, da de kan komme til å spille en større rolle. Lindholm poengterte at det er i tidsskriftene mange av de mer lekne og kritiske sjangrene har overlevd, og at avisene har vært mer opptatt av penger og profesjonalisering. Det at avisene er svekket som kritisk viktige organer, mente han kan åpne for andre, ambisiøse offentlighetsaktører.

Lindholm utdypet betydningen av Jahn Thons avhandling som inspirasjonskilde for sin egen generasjons beste kritikere. Han sa at Thons avhandling i sjelden grad kan brukes kreativt, som et redskap for litteraturkritikere og tidsskriftredaktører. Med støtte i Thons arbeid understreket han tidsskriftkritikerens viktige rolle, ikke bare som vurderende instans, men også som en «aktiv aktør i offentligheten, som kan være med og endre en gitt litterær eller intellektuell situasjon».

Lindholm beskrev de siste tjue årenes overgang fra papir til Internett og den nye situasjonen, for kritikkinstitusjonen, og for kritikernes (synkende) status. I mange år var kritikken viktig i papiravisene, det fantes innflytelsesrike kritikere, feltet ble støttet av forlagsannonsene og Bokklubbenes sterke stilling. I dag er det få papir-fora med kritisk innflytelse og bare få, toneangivende kritikere igjen. Av papirpublikasjoner nevnte Lindholm ukeavisa Morgenbladet og lørdagsbilaget til Klassekampen, Bokmagasinet. Lindholm la vekt på at våre dagers tidsskriftflora – i tråd med tankene fra 1700-tallet – fungerer som «pustehull» i virvaret av ytringer. I dag er det tidsskriftene som, på pair og nett, trekker «linjer i meningsvirvaret» og bedriver en mer langsom og kritisk analyse. Med henvisning til Norsk kulturråds helt nye «Områdeplan for tidsskrift og kritikk» (vedtatt våren 2019) understreket han det viktige i at tidsskriftene og kritikken fra nå av dermed sidestilles med andre kunstarter, og at økonomiske tilskudd fra en slik støtteordning kan danne grunnlag for en fremtidig vekst for hele feltet.

Lindholms foredrag endte i en tillitserklæring til nettet som den plattformen som setter dagsorden, også for litteratur og kulturdebatter, og til tidsskriftet som et viktig sted for både ivaretakelse av tradisjon og fortolkning av samtiden. Og med Jahn Thons ord: «I et litterært tidsskrift ligger en helhetsforståelse av tilværelsen, uansett om – eller kanskje nettopp når – samfunnet mer og mer fragmenteres i delinnsikter og et oppløst fellesspråk. Når tidsskrifter etablerer gruppespråk, skjer det ut fra ønsket om å gjenskape en bredere basis for en felles diskurs. Et tidsskrift er et sted der den enkelt skribent deltar i den kollektive produksjon av det meningsfulle.»

Den beste kritikken: Norges ti viktigste litteraturkritikere?
Seminarets andre post var ein debatt om kåringslista til juryen. I panelet sat Frode Helmich Pedersen og Ingunn Økland saman med to frå juryen, Margunn Vikingstad og Cecilie Naper. Dei to kritikarane som ikkje hadde sete i juryen fekk først høve til å presentere sine synspunkt på lista.

Økland syntest i utgangspunktet at kåringa var ein god idé og oppmoda alle om å bruke den for å få kjennskap til kritikkhistoria. Ho hadde likevel nokre innvendingar både til gjennomføringa og til breidda i kåringa: Det er ikkje kun kritikarar som kan vurdere kritikk, og ein burde ha fått med folk med større distanse – bibliotekarar, forfattarar og andre – for å sjå kritikken frå utsida. Kåringa burde dessutan vere følgd av fleire formidlingstiltak, og i alle fall av ei tekstsamling. Dette kan fort bli eit krafttak i lause lufta, åtvara ho.

Helmich Pedersen prisa initiativet og meinte at lista i det minste var om lag femti prosent rett. Han stilte først spørsmål ved om vi veit nok om litteraturkritikken frå 1800-talet: Kven har eigentleg lese seg opp på denne kritikken, som ofte berre er å finne langt inne i mikrofilmarkiva? Det er svært mykje vi ikkje har lese, og denne lista kan ikkje bli rimeleg utan at det ligg eit større forskingsprosjekt bak.

Helmich Pedersen sakna særleg Marcus Jacob Monrad på lista. Han skreiv god kritikk langt inn i den perioden som lista skal dekkje. Helmich Pedersen stilte også spørsmål ved at Camilla Collett kom med på lista. Ho er ikkje viktig på grunn av litteraturkritikken sin, men på grunn av essayistikken og det ho skreiv i andre sjangrar. Det burde ha vore eit kriterium at kritikarane skreiv i dagsavisa, meinte Pedersen. Om til dømes nokon i Mathilde Schjøtts levetid hadde sagt at ho kom til å bli rekna som ein av våre viktigaste kritikarar, ville folk ha spurt seg kva i alle dagar som kan ha skjedd i mellomtida. Kva slags tekstar har dei funne fram til? Til dette presiserte Cecilie Naper frå juryen at kritikkomgrepet dei har lagt til grunn for kåringa, er breitt: Schjøtt skreiv kritikk i førti år, og ho er særleg interessant fordi ho var eksperimentell og gjorde bruk av ein dialogisk metode i kritikken. Økland meinte også at mykje av det Schjøtt skreiv om litteratur, berre så vidt kan reknast som litteraturkritikk. Ho var samd i at Schjøtt er interessant i sine retoriske grep og brot med kritikksjangerens form, men det var også ujamt nivå på det ho skreiv, og det var altså ikkje først og fremst litteraturkritikk.

Helmich Pedersen påpeika også at når ein lagar ei slik liste, så handlar det ikkje berre om kven ein vel å ta med, men også om kven ein vel vekk. Her har ein til dømes valt vekk Amalie Skram, som var den sentrale kritikaren i det moderne gjennombrotet på kvinnesida. På herresida var det Kristian Elster den eldre som var mest sentral. Men her har ein altså valt ein danske (Georg Brandes) og ein perifer, norsk kvinneleg kritikar i staden. Fernanda Nissen var elles også ein ekstremt skarp og produktiv kritikar, som her har blitt valt vekk.
Margunn Vikingstad påpeika at det er mange forfattar-kritikarar på lista, og spurte kva panelet tenkte om det. Økland og Pedersen var samde i at forfattarkritikarens prominens på lista både handlar om estetiske kriterium – at forfattarar ofte skriv godt – og at tekstane deira er lettare tilgjengelege. Mange av dei reindyrka kritikarane er det rett og slett vanskelegare å finne tekstkorpuset til.

Økland hevda at Carl Nærup ikkje burde ha vore med på lista. Det han dreiv med, var merkelege saker, meinte ho. Nærup skreiv med grenselaus beundring for mange forfattarar, men han blandar smigeren med ein patroniserande tone. Helmich Pedersen forsvara på si side valet av Nærup med historiske argument: Nærup skreiv før modernismens tid, og då kunne ein skrive på ein heilt anna måte. Det må ein ta med om ein skal felle dom over kritikargjerninga hans i dag.

Helmich Pedersen argumenterte for at dømmekrafta er den fremste evna til ein kritikar. Men den blir så godt som aldri dregen fram i grunngivingar av kvifor kritikarar er gode. Når ein studerer kritikkhistoria, blir det tydeleg at nokre kritikarar tek feil heile tida, medan andre har eit godt blikk for kva som er godt. Dette burde ha vore eit kriterium for ein god kritikar.

Vikingstad spelte inn at Arne Garborg var ein open kritikar, som både fann kvalitetar og veikskapar hos til dømes Ibsen. Helmich Pedersen understreka at han ikkje hadde noko imot at Garborg stod på lista. Økland hadde på si side sett nærare på den tidlige kritikken til Jan Erik Vold, før han blei meir av ein lyrikkformidlar. Han hadde dømmekraft og dreiv ein førebiletleg kritisk praksis, ifølgje Økland. Han hadde sterk vilje til å kritisere og diskutere store tendensar i litteraturen i tida, og høyrer difor heime på lista.

Helmich Pedersen kritiserte valet av Atle Kittang, som ikkje var kritikar, men forskar. Det litteraturkritiske forfattarskapet hans er både for lite og for lite markant. Om Kittang skal vere med, så kvifor ikkje Francis Bull? Økland var samd i dette. Helmich Pedersen meinte også at Øystein Rottem måtte inn og Karin Moe ut. Naper vedgjekk av Rottem burde ha vore med, men at dei ikkje hadde nokon å ofre. Vikingstad understreka at Moe var med fordi ho representerer noko annleis i den norske kritikkoffentlegheita, men også at ho var sentral i etableringa av magasinet Kritikkjournalen og at ho har virka lenge som kritikar i avisene. Men forma og stilen var altså avgjerande for at ho kom med. Økland synest det var fint at Moe kom med. Ho viser at ein kan bryte ut av forma og skrive friskt og rart og ikkje vere fullstendig fasttømra til konvensjonane.

Naper og Økland diskuterte også Margrethe Vullum, som gjerne kunne ha vore med. Vullum gjorde ei bragd i samfunnsmessig tyding, påpeika Økland, då ho skreiv om verka til bohemforfattarane, som blei beslaglagt av politiet. Då «Albertine» av Christian Krogh skulle kome ut, skaffa ho seg eit eksemplar og las det før politiet fekk tak i det. Ho skreiv at denne boka kunne kome til å bli beslaglagt, og at dette i så fall ville vere sterkt kritikkverdig. Slik fekk ho spreidd kunnskap om verket og kvalitetsvurdert det før politiet tok det.

Til slutt diskuterte panelet om slike kåringslister hadde verknad, eller om dei eigentleg er unødvendige. Helmich Pedersen meinte at dei openbert har ein funksjon når vi brått sit og snakkar om gamle, gløymde kritikarar, som elles ikkje har fått stor plass i litteraturhistoria. Han håpa at kåringa kunne bidra til meir merksemd om fortidas kritikarar, og at det vil føre til at tekstane deira blir gjort betre tilgjengelege. Økland var samd i det, og understreka at det ikkje berre nyttar å lage lista, den må også følgjast opp, av Kritikarlaget og av andre aktørar.

Brennbar kritikk – Fra Brandes til Handke
Seminarets tredje post var ein samtale om brennbar kritikk mellom Preben Jordal og Kaja Schjerven Mollerin. Dei prata seg særleg gjennom tre store debattar frå kritikkhistoria: Den store, nordiske krig om seksualmoralen (Brandes), Kaj Skagens oppgjer med AKP-(ml)-litteraturen i «Bazarovs barn» og debatten om tildelinga av Den internasjonale Ibsenprisen til den austerrikske dramatikaren Peter Handke.

Jordal opna med å presentere debatten som Brandes sparka i gang, og la fram dei konservative kritikarane sitt syn på Brandes og kulturradikalarane. Dei hadde særleg to skuldingar mot kulturradikalarane: Anten at dei var gudlause ateistar eller at dei var talsmenn for fri kjærleik – det enkelte kalla «paring i fleng». I den såkalla «sedelighetsdebatten» førte faktisk forfattarane og kritikarane sin innsats fram til haldningsendringar i samfunnet. Den rådande haldninga var at seksualiteten høyrde ekteskapet til. Prostitusjon var på si side sett på som ei naudløysing for unge menn frå borgarskapet, som gjerne ikkje blei gift før ti år etter at dei blei kjønnsmodne. Menn måtte få utløp for sine seksuelle drifter, men for kvinnene var dette annleis: Ein trudde rett og slett at kvinner ikkje hadde kjønnsdrift. Dette har sidan blitt tilbakevist…, påpeika Jordal. Ein såg med andre ord mellom fingrane med menn som følgde lystene sine, medan kvinnene måtte halde seg dydige og reine.

Mollerin fortalte om debatten rundt Bjørnstjerne Bjørnsons skodespel En Hanske (1883). Det handlar om eit ungt par som er trulova, men der kvinna får vite at mannen har hatt eit seksuelt forhold til ei anna kvinne før trulovinga. Debatten om stykket tok av: Garborg, Skram, Kielland, Heidenstam deltok i ein stor, inter-nordisk debatt. Den førte som nemnt til haldningsendringar i samfunnet, men fekk også stor verknad i litteraturhistoria: Amalie Skram, Mathilde Schjøtt, Margrete Vullum og Gina Krogh kom på bana og tok plass. Dei fekk ei røyst i offentlegheita.

Jordal sa også litt om forma på debatten, og påpeika at det vet var mykje vidd og frekke innspel. Han samanlikna debattforma med å vere i middagsselskap hos britiske adelege familiar: Først når du kjem heim, innser du at dei har fornærma deg etter notar.

Jordal og Mollerin tok så for seg debatten som oppstod i kjølvatnet av Kaj Skagens Bazarovs barn, utgitt på Gyldendal i 1983. Boka var eit oppgjer med den politiske sosialrealismen i den norske samtidslitteraturen på 70- og byrjinga av 80-talet – og med det menneskesynet denne litteraturen forfekta. Boka er samansett av Skagens lesingar av sentrale forfattarskap frå denne tida – mellom andre Dag Solstad, Tove Nilsen, Liv Køltzow, Espen Haavardsholm, Knut Faldbakken – og inneheld større idéhistoriske sveip. Inn i mellom dette får vi litterære dialogar med ein viss Bazarov-figur, som mange vil kjenne som den store nihilisten frå Ivan Turgenjevs Fedrar og søner. Boka er også ein kritikk av litteraturkritikken, som Skagen meinte hadde spelt fullstendig fallitt i møte med den sosialrealistiske ml-litteraturen.

Bazarovs barn fekk ei svært polarisert mottaking. I løpet av to veker stod meir enn 70 innlegg på trykk. Bergens Tidende laga raskt ei «skjellsordliste for videre ’debatt’». Skagens spydige tone i boka la opp til dette: Han kallar Faldbakken ein «åndslivskatastrofe på to bein» og ein «bøddel i busserull». Køltzow får høyre at ho er ein «Stalin som aldri kom seg ut av huset». Atle Kittang kom på banen og kalla idéinnhaldet i boka for ein kompost av antroposofi, jungianisme filtrert gjennom Stein Mehren, Kierkegaards fraseologi og reaksjonær ideologi. Det blir ein valdsam debatt, som er samla og lagt ut på Skagens heimeside.

Kom det så noko ut av denne «Bazarov»-debatten? Mollerin slo fast at den i motsetnad til Hanske-debatten blei verande ein andedam-debatt, der frontane var steile, men rekkjevidda ikkje særleg stor. Dei som forsvara boka, forsvara sitt eige politiske syn, og dei som kritikken gjekk utover hamna raskt i affekt. Debatten køyrde seg fast då Hans Fredrik Dahl kom med heftige skuldingar og skreiv at Skagen køyrde i brune spor. Han antyda eit fascistisk tankegods hos Skagen, og skreiv at Skagen ynskte å reetablere det kultursynet som hadde lege nede sidan 1945. Dette førte mellom anna til trugsmål om rettssak og til fleire heftige ordskifte i avisspaltene.

No var det ikkje så mange av dei såkalla ml-forfattarane som faktisk var AKP-(ml)-ar, påpeika Mollerin: Verken Tove Nilsen, Liv Køltzow, Gerd Brantenberg eller Kjartan Fløgstad. Skagen brukte det som sekkeomgrep, og ville ha ein større kulturkamp om verdssyn og litteratursyn. Han ville også ha større rom for det mytiske, mystiske og religiøse i litteraturen, og søkjer det gjennom å gå til frontalangrep på materialismen, både som verdssyn og som grunnlag for eit litteratursyn. For Mollerin var det mest problematiske i boka synet på kvinnelitteraturen, som Skagen ifølgje henne ikkje anerkjenner i det heile tatt. Dei som set Liv Køltzow sin forfattarskap høgt, vil nok til dømes ha store problem med lesingane hans av bøkene hennar.

Skagen var også ein sentral aktør i den store Handke-debatten i 2014. Det var ein av dei heftigaste litterære diskusjonane som har blitt ført i Norge på lang tid – ja, kanskje nettopp sidan debatten om «Bazarovs barn». Handke-debatten handla om kva slags etisk ansvar kunstnarar har og om korleis dette ansvaret og kunstnarrolla skal forvaltast. Jordal presenterte først forhistoria til debatten: Handke reiste på reportasjereise til Serbia i 1995. Han publiserte reiseskildringa frå Serbia i Süddeutsche Zeitung, og seinare som bok. Då boka kom, eksploderte det i den tyskspråklege verda, og det blei ein stor og stygg debatt.

Den norske debatten starta for alvor med Øyvind Bergs artikkel i Vinduet, fleire månadar etter at pristildelinga var offentleggjort. Debatten gjekk vidare både der, i avisspaltene og på Facebook. Mollerin oppsummerte synet til motstandarane og forsvararane til Handke. Dei fleste motstandarane anerkjente dei litterære kvalitetane i litteraturen til Handke, men hevda at det politiske engasjementet hans gjorde han ueigna til å motta Ibsenprisen. Forsvararane hadde på si side litt ulike standpunkt: 1. Handke fortener prisen, men det politiske virket hans bør diskuterast. 2. Handke er ein verdig prisvinnar, og det han har sagt om Balkan-konflikten har blitt misforstått. 3. Handke er ein forfattar av eit slikt format at dei politiske haldningane hans ikkje bør spele noko rolle i denne samanhengen. 4. Handkes analyse av situasjonen på Balkan er stort sett korrekt.

Jordal og Mollerin snakka litt om korleis debatten spelte seg ut på Facebook, som var styggare enn den som gjekk føre seg i avisspaltene. Ein viktig del av debatten handla om Balkan-krigen og forståinga av den. Ein annan del handla om den frie kunsten. Det blei i det heile ein svært ueinsarta debatt, der deltakarane berre sjeldan snakka om det same, utan at temperaturen blei mindre av den grunn.

I det bosniske miljøet i Norge var det eit genuint opprør mot Handke. Utanfor Nationaltheatret var det stygge scener, der ein ropte «fascist» til Handke og viste plakatar der det stod «Genocide denier». Desse scenene blei nok avgjerande for forfattaroppropet til støtte for Handke. Mange av dei som protesterte mot Handke utanfor Nationaltheatret, hadde mista nære og kjære i konflikten, og dei reiste spørsmål om korleis eit kunstnarleg utsegn kunne verke i ulike kontekstar. Ein kan lese Handke på avstand frå det heile og tenkje «ja, var det så ille, då?» Men jo nærare Balkan ein kjem, jo sterkare blir konflikten.

Blant Handke-forsvararane stod Karl Ove Knausgård. Han meinte at det ikkje handla om Balkan-krigen, men om ein forfattar sin rett til å seie det han vil. Jordal meinte at Knausgårds forsvar var bygd på ei feilframstilling: Handke har hatt full rett til å seie det han ville, med full publikasjonsfridom og bokutgivingar på Tysklands største forlag Suhrkamp. Spørsmålet var heller: Skal den norske stat gi han ein pris?

Mollerin påpeika at forfattarane i vår tid har ei anna og mindre rolle enn dei hadde til dømes i tida rundt Hanske-debatten. Det var difor påfallande at det kunne ta fyr i så stor grad som det gjorde i denne debatten. Debatten var viktig, fordi den skapte medvit om problemstillingane og saka og fordi den involverte store delar av samfunnslivet – ikkje berre den litterære offentlegheita.

Debatten tydeleggjorde at folk snakka frå svært ulike perspektiv. Dei som kjente folk på Balkan forstod situasjonen annleis enn dei som ikkje gjorde det. Ein lærdom frå debatten var difor at perspektivet er heilt avgjerande for korleis ein les og forstår slike problematiske kunstnarlege ytringar. Men ein annan lærdom var like tydeleg: Alt handlar ikkje om perspektiv. Det finst også fakta som ingen kjem utanom. Ein må med andre ord anerkjenne at perspektivet er viktig, men også ta innover seg kjensgjerningane i saka.

Fredag 24. mai

Kritikkens skyteskiver: Tre forfattere om litteraturkritikk
Seminarets andre dag opna med ein samtale mellom forfattarane Lars Petter Sveen, Helene Uri og Jan Grue. Dei tre forfattarane innleia kvar for seg, før dei samtala om erfaringane sine med litteraturkritikken.

Sveen sa at jobben hans som bokansvarleg i Vårt Land har gitt han eit nytt blikk på litteraturkritikken. Han fortalte først om då han gjekk ut av Skrivekunstakademiet i Bergen og var med i ein antologi med tekstar av studentane. Sveen sendte antologien til Klassekampen og bad dei melde den. Antologien blei meldt av Freddy Fjellheim, og Sveen sitt namn blei nemnt i ei bisetning. Det var nok til at han frå tidleg av fekk respekt for kritikken. Som forfattar har Sveen likevel vore ganske kjenslevar i møte med kritikken, både den positive og den negative. Etter kvart har han innsett at den positive kritikken ikkje nødvendigvis er den beste. God kritikk handlar ikkje om ros eller ris, sjølv om det som forfattar er lett å mislike kritikarar som kritiserer boka di. Sveen prøver å halde fast på at det er ikkje så personleg som ein kan oppleve det der og då, og at ein må prøve å løfte blikket og frigjere seg litt og sjå etter kva kritikarane bringer til torgs i meldinga av boka. Å jobbe med kritikk i Vårt Land har vore til hjelp for å lausrive seg frå den kjensleladde måten å lese kritikk på. Kritikk handlar om å skrive gode tekstar til lesarane av avisa, med gode lesingar av bøkene. Sveen avslutta innlegget med å seie kva han saknar i den norske litteraturkritikken: Han saknar kritikarar som har distinkte røyster og som sjølv bringer noko til torgs i møte med bøkene.

Helene Uri opna med å fortelje at ho sjølv les kritikk ofte og med stor glede, men då helst av andre sine bøker. Kritikk av eigne bøker les ho helst ikkje, og mindre grundig. Ho slo fast at verken forfattarar eller forlag ser på kritikarar som skinande lys som viser veg i mørket. Forlaget vurderer litteraturkritikarane først og fremst etter sine eigne interesser. Uri understreka at ho godt toler kritikk, men fortalte at ho ein gong fekk lese at ho hadde dårleg språk, utan at det blei grunngive eller utdjupa. Det er ho framleis forbanna for.

Vidare meinte Uri at kva forfattarar meiner om litteraturkritikk, strengt tatt er det minst interessante. Kritikk er ikkje skrive for forfattarar. Kritikarane skriv ikkje meldingar med pedagogisk siktemål for forfattarane. Ho understreka også at uansett korleis dommen i kritikken er, så er det viktig at det er nok informasjon og meiningar om boka til å gi lesarane eit tydeleg bilete av den.

Jan Grue opna med å seie at han var imponert over dei som klarer å la vere å lese meldingar av eigne bøker. Sjølv les han dei litt på same måte som han ser skrekkfilmar. Også Grue opplever at det å vere både forfattar og kritikar gir han to ulike perspektiv på kritikken. Den interessante kritikken er den som fungerer på eigne premissar, den som sjølv er ei form for litteratur, den som ikkje berre tek stilling til verket som blir meldt, men også utviklar sine eigne tankar og resonnement. Grue meinte difor at den essayistiske kritikken er viktigare enn terningkastkritikken, og at terningkastkritikken over tid har mindre verdi for både lesarar og forfattarar. Eit paradoks er at dei som lever av å vere kritikarar ofte må skrive raskare, kortare og difor mindre interessant kritikk.

«Bøker er tykke brev skrevet til venner» siterte Grue frå ein tysk romantikar. Det kan også seiast om den gode kritikken. Det er då ikkje eit brev som opnar ein dialog med forfattaren, men med fellesskapet i litteraturen. Meir av det hadde vore fint, avslutta Grue.

Sveen spurte om det er noko dei to andre saknar når dei les bokmeldingar i norske avisar. Uri sa at ho likar å kunne kjenne igjen kritikaren si røyst og at det kjem tydeleg fram at det er subjektivt. Grue var samd i at subjektivitet er flott, og han likar sjølv å få subjektive meldingar som han er heilt usamd i. Men kritikarane er også tilknytt ulike aviser, og dette set preg på korleis ein les kritikken. Det kritikaren skriv, blir det avisa meiner om den boka.

Sveen lurte på kvifor bokmeldingar stort sett er så like. Grue synest det er eit godt spørsmål, og fortalte at han ofte set mest pris på dei kritikarane som gjer noko litt annleis – dei som leikar og eksperimenterer med sjanger og format. Uri var ikkje heilt samd, og meinte at det oftast er stor skilnad på lange meldingar i Morgenbladet og den type korte parafrasar av baksideteksten på boka som ein kan finne i nokre aviser. Uri sette også pris på kritikkforsøket i Bergens Tidende, der ein kritikar forsøkte å intervjue forfattarane og konfrontere dei med kritikken sin. Det var eit morosamt initiativ til å gjere noko nytt med ein gammal sjanger.

Sveen syntest at det ofte er artig og interessant når forfattarar svarar kritikarar, men meinte at det ofte er dødfødt. Kritikaren får siste ord uansett. Og ikkje minst er det skummelt som forfattar å skulle forlenge kritikken av seg sjølv ved å svare på den. Grue blir også glad når forfattarar gjer det, men han er like ofte glad for at han sjølv ikkje har gjort det. Han har hatt lyst nokre gongar, men har landa på at det aldri er lurt. Om ein er opptatt av meir merksemd, kan det rett nok vere ein god idé, men ein kjem jamt over ikkje godt ut av den samtalen som forfattar. Uri har aldri kjent seg freista til å svare, men ho meinte at forfattarar kan kome vinnande ut av slike disputtar. Lesarane kan like gjerne sitje att og vere samde med forfattaren, sjølv om kritikaren får siste ordet. Grue var for så vidt samd i det, og meinte at det særleg kunne gjelde for forfattarar med sterk persona.

Sveen har ofte fått spørsmål frå kritikarar om han lèt seg påverke av meldingane og spurte dei andre om dei gjorde det. Uri har nokre gongar innsett at kritikaren kan ha rett. Det kan vere der ho har diskutert noko med redaktøren og enda opp med ein kompromiss, utan at det blei den beste løysinga. Den første meldinga ho fekk, av ei ungdomsbok, slo fast at ho var ein god formidlar, men at boka svikta på det litterære planet. Det synest ho var rettferdig og rett, og opplevde at ho blei sett og forstått på ein god måte og difor torte å satse på litteraturen. Grue syntest det er vanskeleg å peike på einskilde meldingar, men påverknaden er kanskje sterkast over tid: ein blir plassert som ein forfattar av ein viss type. Kritikarstanden skapar forventingar, som også han, i ei viss grad, internaliserer – eller aktivt forsøkjer å ikkje internalisere.

Uri skulle gjerne ha sett ein bokhaust innpakka i bokpapir, der kritikarane las bøkene som rein tekst, fritt frå alt som omgir dei. Det er sjølvsagt også kritikarane sin jobb å vite noko om heile forfattarskapen, om andre utgivingar og andre forfattarar, men av og til drøymer ho om å bli meldt som berre tekst.

Eilert Sundt og kritikken
Espen Stueland, forfatter og bokkritiker i Klassekampen, Bokmagasinet holdt seminarets siste foredrag over emnet «Eilert Sundt og kritikken». Eilert Sundt (1817–1975) var en pioner og en statslønnet, selvstendig forsker innenfor tidlig samfunnsvitenskap, men ble også en omstridt mann. Hovedtemaet for Stuelands foredrag var den kritikken Eilert Sundt ble møtt med for sin virksomhet og for sine bøker, og hvordan samtidsbedømmelsen, som dels var politisk, fikk innvirkning på ettertidens dommer, (manglende) kanonisering og anerkjennelse. Først etter 2. verdenskrig ble det for eksempel opprettet et institutt for sosiologi, faget som regner Eilert Sundt som en av de viktigste norske pionerene.

Stueland argumenterte også for at den kunnskapsrike og tverrvitenskapelige Eilert Sundts arbeider kunne vært tatt til inntekt for andre fag, for eksempel humaniora. Han framholdt ham som en svært språkbevisst person, en som arbeidet mye med selve utformingen av tekstene, i ønsket om å nå både statsråden, som lønnet ham, og de mange menneskene han hadde intervjuet. «Man har ikke gitt mye oppmerksomhet til Sundts språk», hevdet Stueland og pekte på at skriftene hans både er «reiselitteratur, topografisk litteratur, møte-med-folk-litteratur.»

I foredraget gjorde Stueland rede for samfunns- og kulturforskeren Eilert Sundts virksomhet, med hovedvekt på studiene hans av, og bøkene om «det laveste folkelivets historie». Utdannet prest, og sogneprest i noen få år, er det det imponerende store arbeidet hans, forskningen og researchen og de folkeopplysende skriftene, som gjør ham til en viktig, norsk fagperson.

Stueland trakk først fram Eilert Sundts plassering i norsk litteraturhistorie, og pekte på ham som kritiker av «nasjonalromantikk» og «poetisk realisme». I samtiden ble han knyttet til naturalismens litterære program, og sidestilt med europeiske store navn innen retningen, blant andre Goncourt-brødrene, og til et begrep som «from-below-» litteraturen – forfattere som betrakter samfunnet nedenfra, som skriver om dem som er «fordømt, neglisjert, sett ned på.»

Stueland viste at han fikk en viss samtidig litterær innflytelse, for eksempel på både Bjørnstjerne Bjørnson og Åsmund Olavsson Vinje. Camilla Collett og Jonas Lie satte ham høyt. Eilert Sundts ærlige blikk på og skildringer av det norske samfunnet – ikke minst den elendigheten han fant i slumstrøk og i fattige stuer og fattighus – skapte en viss «ærbødighet», men Stueland mente at det også blant enkelte framkalte en viss «lettelse», fordi de da slapp å ta inn over seg all elendigheten. I senere litteraturhistorier, viste Stueland, at Eilert Sundts innflytelse, for eksempel på Bjørnson, er tonet ned, eller blitt helt borte. I ettertid ble også leksikonartikler skrevet av de samme som hadde slaktet bøkene hans i avisene, i et språk farget av personlige, negative holdninger.

Stueland gjorde rede for Eilert Sundts store forfatterskap, et tjuetalls titler fra 1852: Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge – Bidrag til Kundskab om de laveste Samfundsforholde til og med 1873: Om Huslivet i Norge – Fortsættelse af Bogen fra 1869. I tillegg var han redaktør for Folkeopplysningsselskapets tidsskrift Folkevennen (1858–1866) og brukte også organet for å diskutere fattigdomsproblematikken, og for å vise den fram som et samfunnsproblem. Opp mot tanken om at fattigfolk var skyld i sine egne problemer mente Eilert Sundt, på grunnlag av egne undersøkelser, at fattigdom gikk i arv, og han satte i gang prosjekter for å bedre forholdene.

Stueland pekte videre på den hullete utgivelseshistorien av Eilert Sundts verker, etter førsteutgivelsene, og det påfallende i at det først i 1970-årene ble trykket et ordentlig utvalg i elleve bind. Bøkene hadde undertitler som «beretninger, undersøgelser og bidrag» og lå tett på essay- og rapportsjangerne. Like til 1870 ble han gitt statlige stipendmidler av Kirke- og undervisnings-departementet for å utføre sine studier.

I flere av de viktigste verkene gjorde han bruk av statistikk, som han mente satte ham i stand til å dykke ned «mellem kjendsgjerningerne» og trenge inn til «forståelsens bund». Stueland viste til en tydelig utvikling hos Eilert Sundt fra opplyser og refser, til en stadig mer radikal kritiker, noe som også gjorde at Stortinget til slutt trakk den økonomiske støtten. En heftig konflikt med legestanden omkring årsakene til utbredelsen av leprasykdom lå bak, og boka Om Renligheds-Stellet i Norge (1869) viste Eilerts Sundts tydelige opposisjon mot den offentlige årsaksforklaringen på sykdommen, som handlet om husmødrenes manglende renslighet. Botemiddelet, mente legene, var at kvinnene måtte belæres og formanes. Dette fant Eilert Sundt paternalistisk, fullt av forakt for kvinner og fattige, og basert på fordommer om folket. Hans forklaring på sykdommen var dårlig økonomi og fattigdom, og han mente at de måtte settes i stand til å hjelpe seg selv ut av fattigdom.

Mot slutten av foredraget slapp Stueland til Eilert Sundts egen selvbevisste, men sårbare stemme, til forsvar av boka, og av metoden sin: «Andre have skrevet tynde hefter om, hvad almuen forsømmeligt undlader at gjøre i denne del af det huslige stel – jeg har skrevet en hel bog om, hvad almuen beflitter sig på og virkelig gjør. Andre have holdt sig til fremstikkende exempler, særdeles uordentlige huse eller usædvanlig skjødesløse personer – jeg har samlet hundreder og atter hundreder af jevne exempler, som svare til, hvad mængden af folket kjendes ved og med velberåd hu holder over som en regel.»

Kritisk kvartett
Seminaret blei avslutta med Litteraturhuset i Bergen sitt faste litteraturkritiske panel, «Kritisk kvartett», bestående av Frode Helmich Pedersen, Elisabeth Frøysland Pedersen og Eirik Vassenden. Audun Lindholm var kvartettgjest, og bøkene som var oppe til diskusjon var Ida Lødemel Tvedts «Marianegropen», Erling Aadlands «Litteraturens verden», Ane Farsethås’ «Grenseverdier» og Jan Grues «Det var en gang et menneske».


Seminaret blei gjennomført i samarbeid med Norsk Litteraturfestival med støtte frå Den norske Forfatterforening, Fritt Ord, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Norsk Forfattersentrum og Norsk kulturråd.

Seminarkomité var Eivind Myklebust og Janneken Øverland.

Audun Lindholm
Debatt om kåringslista til juryen. I panelet: Margunn Vikingstad og Cecilie Naper frå juryen, og Ingunn Økland og Frode Helmich Pedersen.
Samtale mellom forfattarane Jan Grue, Helene Uri og Lars Petter Sveen.
Espen Stueland om Eilert Sundt