Kalender

Nyhetsbrev

Ja takk, jeg vil gjerne ha nyhetsbrev fra Kritikerlaget.





Nordisk samtale om kritikk

Litteraturkritikken i Norden er under press frå mange kantar, og nyleg møttest nordiske kritikarar i Malmö og København for å vurdere utfordringar og nye mogelegheiter.

Merete Røsvik Granlund 12. mars 2012 DebattKunstReferaterLitteraturSeminarer

Kritikfestivalen, som blei arrangert av Fria Seminariet för Litterær Kritik (FSL) 22.-25. februar, hadde temaet ”Kritiken i den nya offentligheten”. Merete Røsvik Granlund representerte Norsk kritikerlag på Kritikfestivalen og refererer kort frå dei arrangementa ho var med på.

Vilkåra for kritikk
23. februar i Malmö møttest representantar for dei nordiske kritikerlaga til paneldebatt om vilkåra for kritikk i Norden. Deltakarar var Mai Misfeldt, ordförande i det danska Litteraturkritikerns lav, Elisabeth Nordgren frå finske Suomen arvostelijain liitto, teaterkritiker Theresa Benér frå det svenske Kritikerforum og Merete Røsvik Granlund, leiar av arbeidsutvalet for Seksjon for litteratur i Norsk kritikerlag. Ordstyrar var kritiker og poet Magnus Jacobsson (Sverige).

Merete Røsvik Granlund la i første innlegg vekt på at kåra for langsom og grundig kritikk generelt har blitt dårlegare i Norge, både på grunn av lave honorar, mindre spalteplass per bokmelding (sjølv om både Morgenbladet og Klassekampen går den andre vegen) og korte leveringsfristar. Ho meinte at det auka fokuset på bokmeldingar som nyhende og konkurransen frå bokbloggar på nett først og fremst gagnar marknadsføringa til forlaga, men svekkar kvaliteten på den offentlege samtalen. Ho informerte om debattane som har vore mellom kritikarar, forlag og bokbloggarar i Norge, og ønskte seg at kritikarar skal vere sentrale i nyskapande litteraturkritikk på nett. Det er imidlertid eit stort problem at kritikk via blogging stort sett er gratisarbeid, så ein treng òg nytenking kring korleis kritikarar kan generere meir inntekt frå verksemda si utan at det går utover habiliteten. Les heile innlegget til Merete Røsvik Granlund her.

Elisabeth Nordgren fortalde at store aviskonsern kjøper opp aviser i Finland, noko som har ført til gjenbruk av bokmeldingar i fleire kanalar. Dermed blir det færre kritiske røyster i det offentlege ordskiftet. Det er eit problem i Finland at bokmeldingane ofte må vere svært korte, heilt ned til 1000-2000 teikn. Det vert dermed vanskeleg å få sagt noko vesentleg om bøkene. Det finske litteraturkritikarlaget mottek elles ein del støtte frå det offentlege, mellom anna arbeidsstipend og støtte til seminar.

Mai Misfeldt fortalde at honorara i Danmark er svært lave, rundt 1500 DK. Bokmeldingane blir stadig kortare, det er vanleg med mellom 950 og 2000 teikn. Det er 65 medlemmar i Litteraturkritikerns lav. Det fins ingen statlege stipend for kritikarar, og det er noko dei naturleg nok ønskar seg. Imidlertid er danske litteraturkritikarar offensive på nett: Eit litterært blogkollektiv har starta kritikarbloggen Promenaden.

Theresa Benér, svensk teaterkritikar, meinte at svensk kritikk har stre store problem. Det første er dårlege honorar. Det andre er at kritikarar ikkje får dekt reiser, noko spesielt teatermeldarar treng. Ho meinte at ein kritikar kan tilpasse seg eit kort format, meir problematisk er det imidlertid at avisene no vert laga etter malar, der meldingane må passas inn i ulike format uavhengig av kor kor viktig eller uviktig kritikaren meinar det omtalte verket er. I tillegg er det eit problem å få plass til meldingar av alt som hadde fortent omtale. Følgeleg er det fleire gode bøker eller teateroppsettingar som enten får kort eller ingen kritikk. Benér hadde elles trua på bloggar som ein stad for formidling av lange resonnement.

Litteratur i eksil
Festivalen fortsatte fredag kveld i Köbenhavn med ein samtale om ”Skrivande och eksil”. Anders Olsson, svensk litteraturkritikar og forfattar, har nyleg gitt ut boka Ordens asyl, der han ser på kva eksilet har betydd for store delar av litteraturhistoria. Andre deltakarar i panelet var Mustafa Can (forfattar og journalist, Sverige), Ángela Garcia (omsetjar spansk/svensk, Sverige) og Murat Alpar (poet og omsetjar tyrkisk/dansk, Danmark). Ordstyrar var Magnus William-Olsson (poet og kritikar).

Paneldeltakarane var bedne om å lese boka til Anders Olsson og kommentere. Dei vart samde om å avgrense omgrepet eksil til ”tvungen, geografisk forflytting ut av heimlandet”. Tema som blei berørt i samtalen var det å vere språklaus i eit nytt land og den fysiske opplevinga ein får av eit språk ein enno ikkje meistrar. Vidare snakka dei om eksilet som litterært forløysande, om korleis forfattaren gjenskaper heimen sin i litteraturen. Så skjer ofte det at både fødestaden og forfattaren sjølv endrar seg under eksilet, slik at den heimen ein har lengta til ikkje lenger fins når ein til sist får kome attende. Den heimstaden ein kjente fins berre i litteraturen, og litteraturen har vorte heimen.

Kritikk over nordiske grenser
Laurdag 24. februar hadde Kritikfestivalen to debattar. I den første fekk vi høyre om erfaringane frå prosjektet der FSL fekk nordiske kritikarar til å melde bøker i dei andre nordiske landa. Med i panelet var Mai Misfeldt (kritkar, Danmark), Tatjana Brandt (poet og kritikar, Finland), Peter Mickwitz (poet, Finland) og Gro Jørstad Nilsen (kritikar, Norge). Ordstyrar var Oscar Rossi (kritikar og omsetjar, Finland og Sverige).

Tatjana Brandt fortalde at det hadde vore vanskeleg å få kritikarar til å vere med på dette prosjektet. Mange var positive til idéen, men trakk seg når dei fekk ein konkret førespurnad. Det varierte også kor villige avisene var til å ta inn bokmeldingar av – for dei – ukjende, nordiske kritikarar. Gro Jørstad Nilsen fortalde at hennar avis, Bergens Tidende, hadde vore positiv til prosjektet, og trykte meldingar skrivne av danske Mai Misfeldt og finske Peter Mickwitz, av hhv. Hanne Ørstaviks Hyenene og Lars-Ove Seljestads Fjorden. Jørstad Nilsen meinte Misfeldt og Mickwitz begge hadde eit meir nyansert og positivt blikk på bøkene dei meldte enn norske kolleger, og trakk slutninga at det nasjonale blikket på eit forfattarskap kan vere reduksjonistisk.

Panelet diskuterte om det var viktig å kjenne lesarkrinsen til avisa ein skreiv for, og generelt formidlingsaspektet ved kritikk. Gro Jørstad Nilsen la vekt på at ein ikkje må undervurdere publikum, og at det er viktig å skrive kritikk som er på høgde med det verket ein melder. Tatjana Brandt ønskte at kritkk må klare å formidle til publikum kvifor litteratur er viktig; at bøker formulerer eksistensielle problemstillingar som gjer dei viktige å lese.

Mai Misfeldt fortalde at det var utfordrande å skrive om ei norsk bok i ei norsk avis sidan ho ikkje visste om ho oversåg referansar i teksten som ville vere sjølvsagde for ein norsk kritikar. Ho syntes også det hadde vore berikande å lese boka på originalspråket, det gav ei anna oppleving av Ørstavik enn å lese omsetjingar som ho vanlegvis gjer. Peter Mickwitz, som ikkje vanlegvis skriv kritikk utanom gjestekritkken i Bergens Tidende, meinte det kunne vere ei freisting å bruke bokmeldingar til å fremje sitt eige litteratursyn, og at det er viktig å vere medviten om korleis usemje i meingar mellom kritikar og forfattar påverkar vurderinga. Då han meldte Seljestad, gjorde han ei delt lesing: Han meinte boka var god frå eit estetisk perspektiv, men at synet på kjønnroller var forelda. Gro Jørstad Nilsen sa seg samd i at ein kritkar ikkje skal bruke bokmeldinga til å fremje seitt eige litteratursyn. Ho framheva difor den nykritiske retninga i litteraturkritikken som viktig å vidareføre: Nærlesing av verket bør stå i fokus.

Aviskritikk – posisjon og verdi
Laurdag ettermiddag samtalte redaktør i Klassekampens Bokmagasin, Karin Haugen, kritiker Lars Bukdahl (Danmark) og kulturredaktør Rakel Chukri frå Sydsvenska Dagbladet om rolla kritikken har i det offentlege. Ordstyrar var Mathias Kokholm. Diverre manglar referat frå Bukdahls og Chukris innlegg.

Karin Haugen meinte at kritkken er viktigare enn nokonsinne etter det som hende i Norge 22. juli 2011. På nett fins det ei framentering av det offentlege ordskriftet, og i ”mørke krokar” på nett blir det spreidd konspirasjonsteoriar og desimformasjon. Det trengs difor kompetente, redelege og analytiske lesarar som kan imøtegå feilaktig informasjon og logiske feilslutningar. Haugen meinte at bloggarar bør bygge alliansar med etablerte medier. På grunn av ein utbreidd skepsis blant ein del bloggarar til kritikaren som smaksdommar, er det endå viktigare enn før at kritikarar grunngjev påstander godt og skriv estetisk leseverdig. Bokmagasinet i Klassekampen har sidan 2007 satsa stort på litteraturkritikk, og opplever at det trekk mange nye abonnentar til avisa. Haugen meinte at nordisk utveksling er viktig, også for sakprosabøker. Men ho ønskjer at avisene framleis skal utgjere tyngdepunkta i den offentlege debatten, for å motverke fragmenteringa som skjer på nett.

I den etterfølgjande debatten vart det mellom anna diskutert at utvelgingskritierier har mykje å seie: Bokutgjevinga vurdert som nyhende – samband med aktuelle hendingar, kven det er som skriv og eventuelt sensasjonelt innhald – har ofte meir å seie for om ei bok blir meldt enn den litterære kvaliteten isolert sett. Og om ei bok blir meldt, og kor stor plass meldinga får, har etterkvart blitt viktigare enn om kritikaren er positiv eller negativ til boka. Eit dilemma for kritikken er at det verkar paradoksalt å vis mykje spalteplass til å slakte ei bok. Samstundes er det problematisk å slakte utan å ha plass til å grunngje vurderingane.
Blogging vart også diskutert. Problemet for etablerte kritikarar er at blogging er gratisarbeid som raskt kan bli svært tidkrevjande. Samstundes tener det avisa kritikaren er knytt til at han eller ho på denne måten byggjer seg opp som offentleg person på litteraturfeltet.

Kritikfestivalen vart avslutta med konsert med bandet Klimakrisen og dans laurdag kveld.