Nyhetsbrev

Ja takk, jeg vil gjerne ha nyhetsbrev fra Kritikerlaget.





Kritikerprisen for beste voksenbok 2010 til Beate Grimsrud

Kritikerprisen for beste voksenbok 2010 ble tildelt Beate Grimsrud for En dåre fri (Cappelen Damm).

Kritikerlaget 03. mars 2011 LitteraturPriser
Beate grimsrud

Tale ved utdelinga 3. mars 2011

Dei fire nominerte til Kritikarprisen for beste vaksenbok i 2010 er:

  • Beate Grimsrud for En dåre fri, roman, Cappelen Damm
  • Gaute Heivoll for Før jeg brenner ned, roman, Tiden
  • Jan Roar Leikvoll for Fiolinane, roman, Samlaget
  • Carl Frode Tiller for Innsirkling 2, roman, Aschehoug

For fleire år sidan, eg meinar det var på nittitalet, blei ein besøkande forfattar frå eit ikkje-vestleg land spurt kva ho syntes om ny, norsk litteratur. Ho svarte at norske forfatterar meistrar den litterære forma til perfeksjon, men ikkje har noko å seie. Så der fekk vi for å spørre utlendingar kva dei synes om oss.

No for tida kjem det ut mange gode bøker i Norge. Mykje vakkert og klokt. Det kan tidvis bli vel mykje nostalgi. Så kjem det av og til ut ei bok som treff ein hardare og sikrare. Som skiller seg ut og skaper høgare temperatur i resepsjonen.

I 1990 debuterte ein forfattar som vakte oppsikt med stor språkleg kreativitet, fantasi og humor. Som kan å setje ord saman til sterke, uvande bilete som legg seg på minnet for å bli der: Å smyge forbi en øks. Søvnens lekkasje. Hva er det som fins i skogen barn? Ballen i øyet. Det fins grenser for kva ho ikkje forstår. Og no har ho opna døra inn til eit skremmande rom; så nokre kan kikke inn og andre kan sleppe ut.

Om ikkje anna vil bruken av pronomen alt ha røpa kven vinnaren av Kritikerprisen for beste voksenbok i 2010 er: Beate Grimsrud for En dåre fri.

«Det er jeg som er Eli. Det betyr min Gud på hebraisk. Det er både et jentenavn og et guttenavn.» Forteljaren og hovudpersonen i denne romanen er uvanleg på mange vis: Ho har ein uvanleg uklar kjønnsidentitet. Er uvanleg energisk og kreativ. Uvanleg svaksynt. Uvanleg god til å fortelje. Uvanleg målretta, ho skal bli forfattar. Dyslektisk. Uvanleg polyfon i hovudet. Men med svært vanlege behov for kjærleik og tryggleik.

Ho taklar motstridande behov på sin eigen måte: Ho ber til Gud om at ho ikke må bli kristen. Når ytre krav og indre trang kolliderar, får ho nye stemmer i seg som seier og gjer det ho sjølv ikkje kan: Espen, Emil, Erik og prins Eugen.

Boka skildrar ein kamp for kontroll over eige liv som går utanpå det meste av kva fleirtallet av oss må gjennom. Det uvanlege i litterær samanheng er at denne kampen ikkje er spegla i ein dramatisk narrasjon. Boka er bygd opp av korte, episodiske tekstar, enkle setningar og slåande bilete. Sjølv om vi merkar det særskilt «grimsrudske» grepet om pennen, er det likevel innhaldet som er sprengstoffet i denne boka. Direkte og gripande, men utan sentimentalitet, fortel Eli om den dramatikken som skjer der svært få merkar han: Inne i hovudet på ei lita jente med englehår, inne i ei blokkleiligheit, på lukka psykiatrisk avdeling.

En dåre fri. Eg ser for meg ei tom dårekiste; nokon er endeleg fri. Men er Eli ei dåre, og er ho fri? Teksten fortel om løyndommar som ikkje må røpast, smerte som må skjulast. Det er tvangshandlingar å utføre eller kjempe imot, tvangsinnleggingar det ikkje går an å kjempe seg ut av. Og så er det Espen, Emil, Erik og prins Eugen, som truar med å ta over heile livet hennar. Men i dei indre stemmene ligg òg ein fridom:

«Verdens virkelighet skapes av oss. Hver og en som vil være virkelig, må være ubunden», sier prins Eugen. Emil og Espen forstår ikke hva det betyr. Erik later som han forstår. Jeg vet ikke annet jeg kan gjøre enn å skrive det ned. Det er min frihet./ Kjærlighet er pasjon for ordene. En kjærlighet som ikke er truet, bunden eller ubunden. Jeg er aldri alene, det er bare å gjøre det beste ut av situasjonen. Småguttesjelene på tungen er en utvidelse av språket. Det er ordene på papiret, setninger som skaper mening. Tomheten er ufri. Frihet er smerte og glede. Grave og leve. Sykdommens spente bue. Jeg er en pil, ikke en dåre. / Den eneste forskjellen på meg og en som er gal, er at jeg ikke er gal.

Tittelen En dåre fri, ja, sjølve boka, er derfor uttrykk for den fridommen som fins trass alt.

Det er nærliggande å lese teksten sjølvbiografisk, og det til tross for at det ikkje blir inngått noko form for sjølvbiografisk pakt, verken ved bilete av forfattaren på omslaget eller bruk av forfattarnamnet. Det er forfriskande utrendy. Samstundes er det mange likskapar mellom hovudpersonen og forfattarens biografi for den som vil undersøke det. Men at det er element av levd liv i fiksjonen og element av fiksjon i sjølvbiografien er vel etter det siste halvanna året grundig etablert. Slik kommenterer Grimsrud dette i boka:

Jeg tror fortiden er en virvlende flod det stadig går an å gå ut i. Jeg pleier å si at alt jeg har skrevet, er selvopplevd, for jeg har jo opplevd det når jeg har skrevet det ned med hele følelsesregisteret mitt. Men at det er sant fra begynnelsen av, er feil. Minnene ligger ikke igjen der man forlot dem. Man har slept dem med seg gjennom livets krokveier. Som en kjelke å dra på, mye har ramlet av, og mye har kommet til.

Det er ikkje så viktig kva som er sjølvbiografisk, det viktigaste er at det er sant. Og dette kjennest sant. Byggjer Grimsrud opp under myta om den gale og geniale kunstnaren? På sett og vis: Ja. Men kanskje er det ikkje så uvanleg som vi trur å vere litt gal og litt genial. I alle fall er det mange som har sterke motsetningar i seg, og som veit noko om korleis det er å kjempe på to frontar, ein indre og ein ytre. Men ikkje mange av dei har sterke stemmer i samfunnet vårt. Derfor er det viktig at denne boka har kome ut, og viktig at ho er så god.

Prisen i år er trykket «Ung kvinne med vaskebjørn» av Tom Stian Kosmo. Gratulerer, Beate Grimsrud!

Merete Røsvik Granlund


Bildet: Beate Grimsrud. Foto: Mariann Enge.

comments powered by Disqus